Job Vil du jobba sosialfagleg i skulen? unspecified Kvam kommune - jobbtilbud

GJELDER
id: NDEyMTE5MDIwMDE4MDQgMjYx

reference: 41211902001804

documentId: 41211902001804

connectionPointId: 261

Stillingstittel: Vil du jobba sosialfagleg i skulen?

Stillingsbeskrivelse:
LIKAR DU Å VERA SAMAN MED BORN MED EKSTRA ENERGI?

Når born har det vanskeleg, kan skulekvardagen også verta vanskeleg. Nokre born slår, ropar eller uroar. Ofte er det eit uttrykk for at dei ikkje vert forstått. Andre barn vil ikkje vera på skulen eller dei nektar å gjera det klassen held på med. I Kvam har me ein filosofi på at all åtferd er språk, og at barn gjer så godt dei kan. Når barn har ei åtferd som utfordrar oss, er det fordi barnet sjølv har det utfordrande. Me ynskjer å forstå barnet innanfrå, forstå deira kjensler og uttrykk, slik at dei slepp å bruka negative uttrykk som slag, spark og vonde ord. Me har skular som tek ansvar og prøver å finna løysingar når born har det så vanskeleg at det vert destruktive situasjonar. Nære relasjonar mellom lærar og elev er me avhengige av for å lukkast. At våre tilsette likar eleven og viser at dei har trua på eleven er nøkkelen til tryggleik og trivsel.       

Er dette eit fagområde du kunne tenkt deg å arbeida med? Kjenner du at du vil vera med på gjera ein skilnad for elevar som har det vanskeleg på skulen? Me ynskjer gode lag kring desse elevane, med ulike fagkompetansar.

Me treng DEG som kan arbeida både på individnivå, trinn-nivå og/eller skulenivå. Målsetjinga er å både hjelpa eleven i sitt miljø/ klasse og samstundes bidra saman med leiinga til å utvikla skulen på systemnivå innan dette arbeidsområdet. Me er ute etter å gjera meir av det som virkar, meir av det som gjer at elevar opplever at dei vert sett og forstått. Nokre gonger trengs denne kompetansen inn i einskilde klassar, andre gonger kring einskilde elevar, eventuelt i alternativt skuletilbod eller aktivitetsskule.    Alle elevar høyrer til på skulen, men dei treng ulike tilnærmingar for å klara å fungera i skulekvardagen. Dette er vår filosofi i møte med born som opplever skulekvardagen vanskeleg. Dei tilsette kan også få rettleiingsoppgåver inn mot både lærarar, fagarbeidarar og assistentar. 

På alle våre skular ynskjer me difor søkjarar frå ulike yrkesgrupper som t.d. vernepleiarar, barnevernspedagogar, sjukepleiar, familieterapeut, lærarar, sosionomar eller andre dedikerte trygge vaksne med evna til å ikkje berre handtera elevar, men å utvikla dei til å verta glade i seg sjølv og til å til å tru på seg sjølv. Me treng søkjarar med fagleg engasjement innan ulike område (t.d.musikk, kunstfag, friluftsliv) som kan bidra til levande skular med oppleving av meistring for elevar.

Me søkjer også spesifikt etter eit sosialfagleg kompetanse i team med lærar kring elev i ungdomsskule, der skuletilbodet vert lagt opp som ein aktivitetsskule. Alternativ kommunikasjon og meistring er grunnlaget for all læring, og regulering av åtferd. Skriv gjerne i søknaden om dette arbeidsområdet verkar ekstra lystbetont for deg. Skriv også i søknaden kva stillingstorleik du ønskjer å arbeida i.

 
Arbeidsoppgåver

Oppgåvene vil variera frå skuler til skule, men felles er arbeid både inn mot elevar som opplever at skulen er vanskeleg, og i grupper/klassar som treng hjelp til å ha det godt saman. Fagpersonar med utdanning innan det sosialfaglege feltet har ein tilleggskompetanse som skulen treng. Dei tilsette skal hjelpa med å gje eleven sosial kompetanse, slik at eleven får eit betre utgangspunkt for å tileigna  seg fagleg kunnskap. 

Oppgåvene handlar om å kjempa for at elevar som opplevest ha utfordrande åtferd, skal ha det godt både med seg sjølv og andre. Me treng tilsette som heiar på elevar som er urolege, som har ekstra energi og som iblandt utfordrar grenser. Oppgåvene vil også handla om å laga gode planar og tiltak, analysera, reflektera og vera innovativ når det gjeld å prøva ut nye tiltak. Me treng tilsette som er villege til å lytta til elevane si stemme, som er interreserte i dei og som viser at dei likar dei.

Kvalifikasjonar
  • Bachelor som barnevernspedagog, sosialt arbeid, vernepleiar, lærar eller annan relevant høgskuleutdanning
  • Relevant vidareutdanning er ei føremon
  • Kompetanse og erfaring frå arbeid med barn og ungdom, og helst erfaring frå arbeid med born som opplever skulekvardagen vanskeleg
  • Du må ha LYST til å arbeida med elevar som ikkje trives med skulefaglege ting, du må LIKA det som kan verka vanskeleg 
  • God skriftleg framstillingsevne og kommuniserer tydeleg språkleg
  • Du må ha førarkort og høve til å disponera eigen bil
  • Ved tilsetjing vert det stilt krav om politiattest jf. Forskrift av 15.10.99 til lov om barnevernstjenester av 17 juli 1992 nr 100 § 6-10 siste ledd.
Personlege eigenskapar
  • Ha eit elevsyn med fokus på at barn gjer så godt dei kan, og at barn som utfordrar oss, oftast har det vanskeleg
  • Ansvarsfull, tydeleg og fagleg engasjert
  • Evne til å bidra positivt i høve tverrfagleg utviklingsarbeid
  • Evne til å byggja gode relasjonar med barn og vaksne, og skjøna verdien av det relasjonelle 
  • Evne til å inspirera, veileda andre, tenkja nytt og jobba målretta med utfordringar
  • Ha god arbeidskapasitet og ei strukturert og ryddig arbeidsform
  • Vera godt personleg eigna; ivareta barneperspektivet og hensyn til det enkelte barn
  • Ha ein bevisst filosofi i møte med barn, at barn si åtferd er eit resultat av korleis det har det 
Vi tilbyr
  • Spanande, utfordrande og varierte arbeidsoppgåver
  • Eit godt og inkluderande fagmiljø med vekt på utvikling av lærande organisasjonar 
  • Tid til fagleg refleksjon og rettleiing
  • Blide og engasjerte medarbeidarar
  • Leiarar som ser heilskap
  • Tverrfagleg samarbeid med alle hjelpeinstansar 
  • Løn etter gjeldande tariffavtale og lokalt lønssystem
  • Gode offentlege pensjons- og forsikringsvilkår

 

Generell informasjon:

Den kommunale organisasjonen skal i størst mogleg grad spegla mangfaldet i befolkinga. Målet er difor å oppnå ei balansert samansetjing når det gjeld alder, kjønn og kulturell bakgrunn. Kvam herad er ein inkluderande arbeidslivsbedrift (IA) og ønskjer å leggja til rette for personar med nedsett funksjonsevne.

I Kvam herad er det offisielle styringsmålet nynorsk. Alle tilsette i alle kommunale organ pliktar å nytta nynorsk skriftspråk i tenesta.

Me gjer merksam på at etter offentleglova § 25 kan opplysningar om søkjaren bli offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teke til følgje, vert søkjaren varsla om dette.

KontaktinformasjonBeate Gauden, Leiar barnehage og skule, 905 91 182, bgli (at) kvam.kommune.no
Arbeidsstad
 

Søk på stillinga:Klikk her
Nøkkelinformasjon: Arbeidsgivar:Kvam herad

Referansenummer:4034847533
Stillingsprosent: 100%
Startdato: 12.08.2019
Søknadsfrist: 12.03.2019



numberOfPosts: 5

jobCategoriesCodes_0: http://data.europa.eu/esco/isco/C2341

abstractJV_contact_0: See jobabstractJV_description

Arbeidsgiver Navn: Kvam kommune

source: NAV

GJELDER

Similiar jobbtilbud

Arbeidsleder/kokk - Ny sjanse, kvalifiseringssenter for innvandrere -

Ny Sjanse, kvalifiseringssenter for innvandrere, er lagt til NAV Bergenhus men er et byomfattende tiltak. Kvalifiseringssenteret tilbyr NAVs kvalifiseringsprogram som har mål om at den enkelte deltaker får en varig tilknytning til arbeidsmarkedet. Målgruppen til Ny sjanse er innvandrere med behov
Bergen kommune - 2019-03-16 - unspecified

Do you want to work in a creative environment and with exciting and innovative technical solutions? -

Semcon is a product development company with more than 2000 employees over 3 continents. We combine technology, usability and design in new ways -- from creative concepts to production systems and digital information solutions. Always with an end-user Focus.Semcon in Norway is located in Kongsberg with
Kongsberg DevoTek AS - 2019-07-03 - unspecified

Er du tilgjengelig på kort varsel? -

Servicetorget trenger tilkallingsvikarer!Det hender vi har behov for litt ekstra hjelp. Kan du da muligens jobbe hos oss, og komme på kort varsel?!Vi holder til på Kongsvinger, 1 times reisevei fra Oslo.Servicetorget holder til i lokalene til Kongsvinger sykehus, Parkvegen 35, og er tilknyttet Divisjon
Sykehuset Innlandet HF - 2019-04-02 - unspecified

Har du lyst til å jobbe med et av Norges mest robuste nett? -

I 2016 satte Norsk Helsenett det nasjonale nettet for datatrafikk og samhandling i helse- og omsorgssektoren, stamnettet, i drift. Den regionale delen av stamnettet, som dekker de regionale helseforetakene i nord, midt og vest, ble ferdigstilt i 2018. Stamnettet er et høytilgjengelig nett, som gjør
NORSK HELSENETT SF - 2019-06-15 - unspecified

Hovmester -

unspecified
The Spanish Embassy - 2019-03-14 - unspecified

Industriarbeider -

For kunde søker vi allsidig industriarbeiderArbeidsoppgaverSveising/skjærebrenningTruckkjøringKvalifikasjonerHar høy arbeidskapasitet, stå på vilje og like å skruDu har gjerne truck T4Personlige egenskaperNøyaktigPliktoppfyllendeEffektivSelvstendigHar du spørsmål vedrørende stillingen kan
JOBZONE NORGE AS - 2019-03-20 - unspecified

Kaffe barista - Deltid -

Vi søker en kaffeglad selger som drives av å yte service og skape gode gjesteopplevelser sammen med sine kollegaer. Hos oss vil du få en variert og hektisk hverdag med gode karrieremuligheter i et internasjonalt serveringskonsern med en rekke kjente konsepter. Ansvarsområder:Begeistre våre
Pronto by Renaa - 2019-01-22 - unspecified

Konsulent med erfaring fra økonomi/finans og interesse for teknologi - Vestfold -

Axdata vokser stadig og opplever stor etterspørsel fra våre kunder etter erfarne forretningskonsulenter innen finans. Vi søker deg som har bakgrunn og erfaring innen finans og forretningsapplikasjoner, og gjerne erfaring fra arbeid i en prosjektdrevet eller produksjonsrelatert virksomhet. Du motiveres
AXDATA AS - 2019-01-06 - unspecified

Kunne du tenke deg å bli vår nye kollega i sommer? -

Er du vår nye engasjerte sommervikar/ekstrahjelp?Jula Norge har siden 2008 åpnet varehus over hele landet med stor suksess. Vi har planer om fortsatt massiv etablering i Norge de neste årene. Vi ønsker engasjerte medarbeidere som vil bli med oss i vår videre vekst. Hvis du liker detaljhandel og
JULA NORGE AS - 2019-05-11 - unspecified

Miljøveileder Skulestad skule -

StillingVed Skulestad skule er det ledig:1 fast stilling i 80 % som miljøveileder/fagarbeidar frå 1.8.20193 mellombelse stillingar, samla inntil 240 %, som miljøveileder/fagarbeidar frå 1.8.2019 til 31.7.2020. Det vert lyst med atterhald. Stillingane fylgjer eit ordinært arbeidsår.Om arbeidsstadenSkulestad
SKULESTAD SKULE - 2019-05-14 - unspecified

Operatør TCC Tananger -

Vi har ledige stillinger som Operatør ved vårt TCC anlegg for behandling av boreavfall med attraktivskiftordning. Stillingene rapporterer til driftsleder. Har du erfaring innen drift og vedlikehold av prosessanlegg, skipsmaskineri, industrielle anleggeller tilsvarende med fagbrev eller høyere
SAR AS - 2019-01-23 - unspecified

Prosjekt- og prosessleder for faglige arrangement -

Jobbnorge ID: 162466Om stillingenArkitektur- og designhøgskolen i Oslo (AHO) er en spesialisert, vitenskapelig høgskole som leverer forskningsprosjekter og studentarbeider på et høyt internasjonalt nivå. Som ledd i arbeidet med å synliggjøre våre resultater og styrke vår samfunnsrolle, utlyser
Arkitektur- og designhøgskolen i Oslo - 2018-12-25 - unspecified

Regnskapsfører for rask oppstart -

Har du erfaring fra regnskapsbyrå og kan jobbe med regnskap A til Ø?Et av byens regnskapsbyrå har engasjert oss for å finne deg til et midlertidig engasjement. Det kan også være mulighet for fast ansettelse.Du må kunne starte opp i løpet av januar/februar i en 100% stilling.ArbeidsoppgaverRegnskapsføring
Bjørg Fjell Rekruttering - 2019-01-05 - unspecified

Skaper du magi i grensesnittet mellom salg og teknologi? -

Når Broadnet nå slås sammen med GlobalConnect i Danmark blir vi en nordeuropeisk aktør med totalt 39 000km fiber. Fra Køln i Sør, til Kirkenes i Nord. Sammenslåingen vil kombinere Broadnets sterke posisjon innenfor telekom med Global Connects sterke posisjon i datasentermarkedet. Hovedtankegangen
BROADNET AS - 2019-01-05 - unspecified

Spesialkonsulent miljørettet helsevern - Bydelsoverlegen -

Presentasjon av stillingen:Sammen skaper vi selvstendige, aktive og gode liv i Bydel Nordre AkerVåre hovedmål er å skape en organisasjon som er skodd for å møte fremtidens utfordringer, og finne gode og fremtidsrettede løsningene sammen med innbyggerne.Stillingen ligger direkte i linje til bydelsoverlegen
Oslo kommune, Bydel Nordre Aker - 2018-12-14 - unspecified

Svømmeinstruktører for barn søkes (Oslo) -

Svømmeinstruktør deltid i Oslo Svømmeakademiet søker etter ca. 5-6 svømmeinstruktører, hjelpeinstruktører eller svømmetrenere over 18 år som kan tenke seg å bli en del av vårt team og arbeide som svømmeinstruktører i Oslo.Vi behøver svømmeinstruktører til:Bassenget i Munchs gate 7, nær
SVØMMEAKADEMIET - 2018-12-14 - unspecified

Sykepleier i turnus - Solvik bo- og behandlingsenter -

Vil du bli en del av oss? Sykepleier til Solvik korttidsavdeling søkes.Det er ledig et 70% vikariat fra 01.03.2019 og et år fremover, med mulighet for fast ansettelse.Solvik korttidsavdeling ligger sentralt på Høvik nær Sandvika i Bærum kommune. Avdelingen ligger i 2. etasje på Solvik bo- og behandlingssenter.
Bærum kommune - 2019-01-11 - unspecified

Sykepleier, vikariat 100% -

Vi har for tiden et ledig vikariat for sykepleier. Vikariatet er tilknyttet Avdeling for ryggmargskade med enhet for barn og unge, og har en varighet fra 01.05.19 til 31.10.19. Det er muligheter for forlengelse.Avdelingen behandler pasienter med komplekse rehabiliteringsbehov og som medfører behov for
SUNNAAS SYKEHUS HF - 2019-04-09 - unspecified

unspecified -

unspecified
##pracodawca## - 2019-11-06 - unspecified

unspecified -

unspecified
##pracodawca## - 2019-10-25 - unspecified

unspecified -

unspecified
##pracodawca## - 2019-09-26 - unspecified

unspecified -

unspecified
##pracodawca## - 2019-11-16 - unspecified

unspecified -

unspecified
##pracodawca## - 2019-10-25 - unspecified

unspecified -

unspecified
##pracodawca## - 2019-12-18 - unspecified

Veileder - NAV -

NAV Nannestad er organisert med leder og to avdelinger og består av nær 30 ansatte, etablert i lyse og trivelige lokaler i Nannestad sentrum. NAV Nannestad søker ny medarbeider (kommunal ansettelse) som veileder i vår avdeling \"arbeid og integrering\". Stillingen inngår i et team som arbeider med
Nannestad kommune - 2019-01-23 - unspecified

Vi søker en dyktig service-/administrasjonsmedarbeider, 50 % stilling -

Vi søker deg som tenker \"Ingen oppgave er for stor og ingen oppgave er for liten\"Du er en dyktig service-/administrasjonsmedarbeider som liker å bidra til det gode arbeidsmiljøet.ArbeidsoppgaverSentralbordfunksjon for alle telefoner som ikke går direkte til den enkelte medarbeider (Mobilt bedriftsnett)Holde
HumanHit as - 2019-01-06 - unspecified

Vi søker lege som vil være med å utvikle norsk helsevesen -

Deloitte har hatt en betydelig vekst innenfor helsesektoren og trenger derfor å styrke teamet med ytterligere en lege. Vårt team skal bidra til å utnytte muligheter i ny teknologi og imøtekomme forventningene til morgendagens ansatte og pasienter. Denne videoen viser våre aktuelle Deloitte Smart
Deloitte &Touche - 2018-12-19 - unspecified

Vi søker salgskonsulent på Østlandet -

Som salgskonsulent i Inpo skal du drive oppsøkende og utøvende markedsføring- og salgsarbeid mot ergo- og fysioterapeuter i kommunene, samt aktuelle interesseorganisasjoner. Du skal også samarbeide tett med de aktuelle NAV hjelpemiddelsentraler i ditt distrikt og bistå disse ved behov.Konkrete arbeidsoppgaver
INPO AS - 2019-04-17 - unspecified

Vil du jobbe i et gildt kvalitetsteam? Compendia søker engasjert forbedringsagent/kvalitetsrådgiver -

Forbedringsagent / kvalitetsrådgiverVi i Compendia forbedrer våre kunder. For å utvide og styrke denne tjenesten, søker vi deg som er lidenskapelig opptatt av å skape forbedring, har inngående kunnskap om ISO 9001:2015 og erfaring som rådgiver.I Compendia blir du en del av et sterkt fagmiljø
Compendia AS - 2019-01-06 - unspecified

 
 
nettstedet generert i 0.4597020149231 sekunder