Job Stipendiatstilling knytt til tema «Religion, livstolking og verdisyn i den norske skolen». unspecified Høgskulen på Vestlandet - jobbtilbud

GJELDER
id: MTIwODE4MTIwMDAyMDQgMjYx

reference: 12081812000204

documentId: 12081812000204

connectionPointId: 261

Stillingstittel:
Stipendiatstilling knytt til tema «Religion, livstolking og verdisyn i den norske skolen».

Stillingsbeskrivelse:
Jobbnorge ID: 162072

Ved Høgskulen på Vestlandet, Fakultet for lærarutdanning, kultur og idrett (FLKI), er det ledig ein stipendiatstilling knytt til tema «Religion, livstolking og verdisyn i den norske skolen». Stillinga er knytt til Institutt for pedagogikk, religion og samfunnsfag.


Fakultet for lærarutdanning, kultur og idrett har fire institutt med tilsette i Bergen, Sogndal og på Stord. Fakultetet er ein av dei største lærarutdanningsinstitusjonane i landet med rundt 6200 studentar og 550 tilsette, og tilbyr barnehagelærarutdanning, grunnskulelærarutdanning for 1.-7. og 5.-10. trinn, praktisk-pedagogisk utdanning, bachelorutdanningar, masterutdanningar og Ph.d.- program. Fakultetet har eit omfattande etter- og vidareutdanningstilbod. Forskingsaktiviteten ved fakultetet blir organisert i forskingsprogram og forskargrupper.

 

Institutt for pedagogikk, religion og samfunnsfag har 180 tilsette i Bergen, Sogndal og på Stord. Instituttet gir undervisning på alle nivå og er involvert i barnehagelærarutdanning, grunnskulelærarutdanningane (masternivå frå 2017), bachelorutdanningar i folkehelse og idrett/kroppsøving, praktisk pedagogisk utdanning og  masterutdanningar i undervisningsvitskap, samfunnsfagdidaktikk, IKT i læring, utdanningsleiing, barnehagekunnskap, læring og undervisning og spesialpedagogikk. Instituttet bidrar også til fakultetet sitt Ph.D.-program Danning og didaktiske praksisar.  

 

Tilsette på instituttet er involvert i forsking som er relevant for utdanningane våre og deltar i fagleg nettverksarbeid både nasjonalt og internasjonalt. Instituttet har som mål å vere i front av profesjonsorientert kompetanseutvikling innanfor sine fagfelt. I denne samanhengen er vi i kontinuerleg samarbeid med  viktige aktørar i regionen om til dømes vidareutdanning og skule- og barnehagebasert kompetanseutvikling.

 

Stipendiaten si forsking vil inngå som del av verksemda i forskargruppa Religion og livstolkning (ReLi), og sortere under det strategiske forskingsprogrammet Språk, kommunikasjon og læring (SKoL).

 

Stipendiaten sitt prosjekt må innrettast slik at stipendiaten kvalifiserer for opptak på Ph.D.-studiet «Studier av danning og didaktiske praksiser».


Samla stipendiatperiode er 3 år i 100% stilling, men kan om ønskjeleg forlengast til 4 år føresett at 25% av tida utgjer pliktarbeid knytt til forsking, undervisning og/eller administrasjon. Pliktarbeidet vil då bli fordelt over heile stipendiatperioden.

 

Religion, verdiar og livstolking er aktuelle og viktige tema for skulen i arbeidet med å fremje integrering og førebyggje konfliktar i eit samfunn som er i rask endring mellom anna som resultat av sekularisering, globalisering og migrasjon. HVL ønsker derfor å knytte til seg ein stipendiat som kan forske på ei problemstilling innanfor dette tematiske komplekset. Prosjektet kan utviklast i tilknyting til KRLE-faget spesielt, eller fokusere på religion, verdiar og livstolking i skulen generelt. Fleire aktuelle tema og problemstillingar kan være relevante under denne tematiske overskrifta, t.d.:

  • Verdiformidling og livstolking i religionsdidaktisk praksis
  • Tilhøvet mellom eksplisitte verdiar i skulen sine styringsdokument og faktiske verdiar i skulen
  • Verdikonfliktar knytt til ulike religiøse identitetar og livstolking i skulen
  • KRLE-fagets betyding for elevane sine verdiar og holdningar til religion og religiøs livstolking
  • Spenningar mellom KRLE-fagets målsetning og elevane sine verdiar og livstolking
  • Religionskritikk og vurderingar av religion i skolen og/eller i KRLE-faget

Stipendiaten skal allereie ved søknad formulere en prosjektskisse med en forskbar problemstilling innanfor det angjevne overordna tema. I denne skissa skal søkjaren også gjere greie for prosjektet sitt teoretiske forankring og metodeval. Metodisk skal prosjektet avgrensast til bruk av kvalitative metodar, t.d. tekst- og/eller dokumentanalyse, intervjubaserte studiar eller kombinasjonar av desse. Tidlig i stipendiatperioden skal stipendiaten utvikle og få godkjent ei fullstendig prosjektskildring som skal leggjast til grunn for det vidare arbeidet gjennom heile stipendiatperioden. Stipendiaten skal då og takast opp på Ph.D.-studiet «Studier av danning og didaktiske praksiser». Dette inneber at den endelege prosjektskildringa og må synleggjere korleis arbeidet med problemstillinga kan relaterast til didaktiske praksisar og styrke refleksjonen kring desse. Det er forventa at stipendiaten deltek aktivt på Ph.D.- studiet gjennom stipendiatperioden og oppfyller dei arbeidskrav og plikter som det fører med seg. Jf. https://www.hvl.no/forsking/forskarutdanning/studier-av-danning-og-didaktiske-praksisar/

 

Søknad om opptak til doktorgradsprogrammet utarbeidast og sendast først etter tilsetting  i stipendiatstilling. Endeleg plan for gjennomføring av forskarutdanning skal vere godkjent av høgskulen seinast 3 månadar etter tilsetting. Det er ein føresetnad at den som vert tilsett har  arbeidsplass ved Høgskulen på Vestlandet. Stipendiaten vil få tildelt eit rettleiarteam frå forskargruppa «Religion og livstolkning», og det vert forventa at stipendiaten deltek aktivt i gruppa sine samlingar og aktiviteter.

 

Kvalifikasjonskrav

Mastergrad i religionsvitskap, religionsdidaktikk, kristendomskunnskap, teologi, filosofi eller etikk, eller tilsvarande kvalifikasjonar må vere oppnådd ved søknadsfristen. Søkjarar med mastergrad frå andre fag (f.eks. antropologi, pedagogikk, statsvitskap, historie eller sosiologi) som kan dokumentere god kjennskap til tematikken i utlysninga, t.d. gjennom fagleg vinkling på master-/hovudfagsoppgåve, kan og vurderast.


Søkjaren må leggje ved ei førebels prosjektsskisse på inntil fem sider, som presenterer tema, problemstilling, teoretisk forankring og metodeval for prosjektet. Denne skissa vil inngå i grunnlaget for vurderinga av søkjaren sine kvalifikasjonar. Det er ein føresetnad at søkjaren fyller krava til opptak på ph.d.-studiet. Normalt tar programmet opp berre kandidatar med karakter A eller B på mastergrada.


Følgjande kvalifikasjonar vil bli særskilt vektlagt: Faglege kvalifikasjonar innanfor det utlyste området, med hovudvekt på kvalitet i masteroppgåva, metodiske kvalifikasjonar, samt den førebelse prosjektskissa. Eventuelle vitskapelege publikasjonar kan og bli vektlagt.


Lærarutdanning kan vere ein føremon, men vil ikkje kunne kompensere for manglande mastergrad/hovudfag. Erfaring frå arbeid i skulen kan bli tillagt vekt.


Personlege kvalifikasjonar:

Den som blir tilsett  må kunne arbeide målretta og sjølvstendig, og syne gode evner til samarbeid.

Søk på stillinga
Søkjarar til stillingane vert vurderte av eit sakkunnig utval med tre medlem.

Send søknad og CV ved å klikka på knappen merka «Søk stillinga» på denne sida. Som vedlegg til søknaden må søkjarar også laste opp masteroppgåva og inntil fem vitskaplege arbeid dei ynskjer å ha med i vurderinga. Vidare må fullstendig publikasjonslista, attestar og vitnemål lastas opp. Søkjarar bør nemna dei arbeida eller delar av arbeid som særleg skal vektleggjast ved vurderinga.

 

Dersom vitnemål, karakterutskrifter eller annan dokumentasjon ikkje er på eit skandinavisk språk eller engelsk, må søkjar sjølv lasta opp attesterte omsetjingar. Me gjer merksam på at søknader vert vurderte med den informasjonen som ligg føre i Jobbnorge når søknadsfristen går ut. Det er søkjar sitt ansvar å syta for at all informasjon er lagt inn innan fristen. Det er særs viktig at alle dei vitskaplege arbeida som skal vurderast vert lasta opp i sin heilskap som vedlegg til søknaden. Det er også mogleg å berre legga ved ei lenkja til særleg store dokument/publikasjonar. Dette finn du meir om under "Vedlegg" i søknadsprosessen. Søknadane vert sende elektronisk til det sakkunnige utvalet. Søknader kan ikkje sendast på e-post til enkeltpersonar ved høgskulen.


Vi gjer merksam på at søknader blir vurderte med den informasjonen som ligg føre i Jobbnorge når søknadsfristen går ut. Det er søkar sitt ansvar å sørge for at all informasjon er lagt inn innan fristen. Søknader kan ikkje sendast på e-post til enkeltpersoner ved høgskulen.

Aktuelle kandidatar til stillinga vil bli innkalla til intervju og bedne om å halde prøveforelesing.

Lønnsvilkår
Stillinga vert løna i stillingskode 1017 Stipendiat, lønnstrinn 51. Vidare opprykk skjer etter tenesteansiennitet i stillinga. Frå løna vert det trekt 2 % innskot til Statens pensjonskasse.

 

Generell informasjon
Den som vert tilsett må rette seg etter dei lover, forskrifter, instruksar og avtaler som til ei kvar tid gjeld for stillinga.
Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i folket. Det er derfor eit personalpolitisk mål å oppnå ei balansert alders- og kjønnssamansetting og rekruttere personar med ulik nasjonal- eller etnisk bakgrunn.


Opplysingar om søkar kan bli gjort offentleg sjølv om søkar ber om ikkje å bli ført opp på søkarlista. Dersom førespurnaden ikkje blir tatt til følgje, vil søkar bli varsla om dette.

 

Høgskulen på Vestlandet er ei I/A-bedrift.

 

Heimeside

 

Kontaktperson:

Senterleiar Kjellrun Hiis Hauge, tlf: +47 55 58 59 67

Førsteamanuensis Jon Vegard Hugaas, tlf; +47 53 49 13 79

 

 



Se annonsen og søk på stillingen www.jobbnorge.no

numberOfPosts: 1

jobCategoriesCodes_0: http://data.europa.eu/esco/isco/C2310

abstractJV_contact_0: See jobabstractJV_description

contractTypeCodes_0: fulltime

Arbeidsgiver Navn: Høgskulen på Vestlandet

source: NAV

GJELDER

Similiar jobbtilbud

Arbeidende formann innen betongfaget -

Vi søker etter arbeidende formenn, med god erfaring innen betongfaget.Du må kunne faget samtidig som du evner å skape gode relasjoner til teametdu har ansvaret for og kunden på byggeplassen. Prosjektene er veldig forskjellig og lokalisert over hele Norge.Om stillingenAnsvarlig for utførelsen av
VELDE OLSEN GULV AS - 2018-12-01 - unspecified

Asfaltører/ asfaltarbeidere -- enkeltpersoner og hele lag i Oppland/Buskerud -

Maskinkjøring (Asfaltutlegger og vals).Utføre alle typer asfaltoppdrag for private, entreprenører og stat/kommune.Daglig vedlikehold av maskiner og utstyr, operatørvedlikehold.Ute på veien er du og laget Veidekkes ansikt utad, og dere møter kunder, underleverandører og andre på en slik måte
VEIDEKKE INDUSTRI AS - 2018-12-07 - unspecified

Assistent/fagarbeider i skole - Kvaløysletta skole -

Presentasjon av stillingen:Fra 1. januar 2019 har Kvaløysletta skole ledig vikariat som assistent/fagarbeider med stillingsstørrelse 72%.ArbeidsoppgaverArbeidsoppgavene vil i hovedsak omfatte ekstra oppfølging av enkeltelever og grupper av elever i undervisning og i friminutt.KvalifikasjonerFagutdannelse
Tromsø kommune - 2018-12-14 - unspecified

Bergans søker ny kollega til økonomiavdelingen -

Til økonomiavdelingen søker vi nå en energisk senior regnskapsmedarbeider med interesse for IT. Bergans er en kunnskapsrik organisasjon som verdsetter innovasjon og nytenking. Vi tror derfor du kan tilføre oss både erfaring og kunnskap, samtidig som du lar deg inspirere av nye tanker og ideer. Forhåpentligvis
Bergans Fritid AS - 2018-12-14 - unspecified

BOOKINGMEDARBEIDER -

VI TRENGER DEG SOM ER PROFESJONELL, EFFEKTIV OG HAR GODT HUMØR!Vi ser etter forsterkning til vårt bookingteam som håndterer alle typer arrangementer og bestillinger ved alle våre tre hoteller på Geilo - Vestlia Resort, Highland Lodge og Bardøla Høyfjellshotell, samt Geilo Booking som er en bookingportal
Vestlia Resort - 2018-12-14 - unspecified

Document Manager -

ResponsibilitiesAdvice in set-up and use of document management systemsImplement document management solutions in investment projects and provide DM best practice advicePerform training and build competence in the Document Management department and assist with training in projectsPrepare and produce
IKM Consultants AS - 2018-12-19 - unspecified

Energy Efficiency Analyst -

We are now seeking a new team member that shares our passion for offshore vessels and drive for efficiency. We are looking for a positive and outgoing person, with an entrepreneurial spirit. The successful candidate will have a background from data analytics on big data sets, and has several years of
YXNEY MARITIME AS - 2018-12-05 - unspecified

Ferievikar 2019 - Sjukepleiar/ sjukepleiarstudentar m.m. - Ålesund sjukehus - Helse Møre og Romsdal HF -

Vil du bli vår kollega til sommaren?Vi treng deg som er motivert til å gjere det beste for våre pasientar og deira pårørande. Vi ønskjer deg velkomen som søkjar, og vil gjere vårt beste for at du skal trivast.Ålesund sjukehus treng ferievikarar til ulike stillingar sommaren 2019. Vi treng sjukepleiarar,
Helse Møre og Romsdal HF - 2018-12-14 - unspecified

Garantitekniker -

Da vår non-Cat garantitekniker velger å gå videre til andre utfordringer, søker vi hans etterfølger til vårt kontor på Berger. Å jobbe i garantiavdelingen hos Pon Equipment AS innebærer å behandle garanti/reklamasjoner mot våre leverandører. Oppgaver: Stillingen innebærer å overvåke og
Pon Equipment AS - 2018-12-14 - unspecified

Helsefargarbeider - Otium bo- og velferdssenter -

Otium bo- og velferdssenter består av 5 somatiske avdelinger og 2 skjermede avdelinger inklusive 7 plasser for yngre personer med demens. På Otium skal vi jobbe med personfokusert omsorg og det legges vekt på beboerens integritet, verdighet og mestring. Vi fokuserer på at vi er i beboernes hjem,
Tromsø kommune - 2018-12-22 - unspecified

Helsesekretær i 80 % stilling -

OptiKon Medisinske Senter søker hyggelig og service innstilt helsesekretær/ medisinsk sekretær i fast stilling, medio januar/ februar 2019.OptiKon Medisinske senter er en privat klinikk, som har avtale med Helse sør/øst.Vi driver med ortopediske utredninger, og dagkirurgiske virksomhet.For tiden
OPTIKON MEDISINSKE SENTER DA - 2018-12-04 - unspecified

HVAC Engineer for prosjekt i Stavanger til 2020 -

For kunde i Olje&Gass søker vi nå en HVAC Engineer for prosjekt i Stavanger.Varighet til 30.06.2020Kunde har vunnet flere spennende kontrakter med lang varighet.Arbeidsoppgaver:Design og testing av HVAC produkter og systemer.Utarbeide og verifisere teknisk dokumentasjon.Produksjonsoppfølging.Samkjøre
Kelly Services Norge AS - 2018-12-08 - unspecified

Industrimekaniker med maskineringserfaring -

Vi søker erfaren Industrimekaniker til vårt verksted på AskøySTILLINGENS FORMÅL Utføre service, reparasjoner og vedlikehold av arbeid i verkstedet. NØKKELAKTIVITETER Utføre arbeid pålagt av verkstedskoordinator, formann eller avdelingslederUtføre service og reparasjoner i verkstedet og hos
Karsten Moholt AS - 2018-12-21 - unspecified

Jordmor - Helsestasjonstjenester -

Helsestasjonstjenester er en egen virksomhet i Sandnes kommune og har ca 90 ansatte. I tillegg til vanlig helsestasjons- og skolehelsetjeneste har vi jordmortjeneste, helsetjenester til flyktninger i kommunen, helsestasjon for ungdom, reise vaksinasjon og smittevern lagt til virksomheten. Helsestasjonene
Sandnes kommune - 2018-12-14 - unspecified

Kommunikasjonsrådgiver -

Jobbnorge ID: 160766Om stillingenEn av våre kommunikasjonsrådgivere skal nå ut i permisjon og vi søker derfor en kommunikasjonsrådgiver til et vikariat med 18 måneders varighet og mulighet for forlengelse. Rådgiveren skal inngå i universitetsledelsens kommunikasjonsstab tilhørende UiOs nye Avdeling
Universitetet i Oslo - 2018-11-30 - unspecified

Leder kundeservice -

Natre Vinduer AS er i omstilling og søker LEDER KUNDESERVICE.Vi søker en effektiv person som vet å sette kunden i sentrum. Rett person vil få gode utviklingsmuligheter og være en viktig bidragsyter.Kundeservice er en nyetablert avdeling og omfatter også vårt service og reklamasjons apparat. Totalt
NATRE VINDUER AS - 2018-11-30 - unspecified

Montør -

unspecified
Portsenteret AS - 2018-12-18 - unspecified

Onsite tekniker till stort internationellt företag -

Dina arbetsuppgifter Vi söker till vår kund en onsite tekniker som skall hjälpa kundens användare med deras dagliga IT problem i Oslo. Du kommer att sitta tillsammans med kunden och ha daglig kontakt med användarna. Exempel på arbetsuppgifter: • Felsökning av hårdvara
Xllnc advise recruitment AB - 2018-07-31 - unspecified

Overstyrmenn med interesse og ønsker om å tjenestegjøre ombord ifm jul- og nyttår. -

OverstyrmennVi søker etter maritimt personell som har interesse og ønsker om å tjenestegjøre ombord for kortere eller lengre perioder ifm jul- og nyttår.Det søkes etter personell som har minimum 2 års fartstid fra en-/ eller flere av følgende skipstyper: Subsea, ahts, psv, is-/support, seismikk,
MATA RESOURCES AS - 2018-12-04 - unspecified

Personvernombud -

Nyopprettet og utfordrende stilling som personvernombud i Oslo kommune.Personvernombudet skal ivareta personvernet til innbyggere, ansatte og andre som har personopplysninger registrert om seg i tråd med ny personopplysningslov. Ombudet vil ha en tradisjonell ombudsrolle, men også en forebyggende rådgiverrolle
Oslo kommune, Bystyrets sekretariat - 2018-12-16 - unspecified

Postdoctoral Research Fellow in Haematopoietic Stem Cell Research at UiT -

Jobbnorge ID: 161430At the Faculty of Health Sciences, the Department of Medical Biology a position has become available for a Postdoctoral Research Fellow in Haematopoietic Stem Cell Research. The position is affiliated with the research group Stem Cell Aging and Cancer. This Postdoctoral position
UiT Norges arktiske universitet - 2018-12-07 - unspecified

Psykiater/overlege - Orkdal DPS -

Orkdal DPS er lokalsykehus for 13 kommuner fra Frøya i vest til Røros i øst. Vårt behandlingstilbud bygger på et nært og godt samarbeid med helse- og sosialtjenesten i kommunene og spesialisthelsetjenesten forøvrig. Vi er i underkant av 100 ansatte fordelt på vel 78 årsverk, tverrfaglig sammensatt
Divisjon Psykisk Helsevern - 2018-12-07 - unspecified

Ressursansvarlig -

Vi søker en ressursansvarlig til vår personalavdeling (Rotasjon og Bemanning). Ressursansvarlig sitt hovedansvar er å sikre at bedriften til enhver tid har tilgjengelig personell med rett kompetanse for mobilisering på våre oppdrag både offshore og på land. Dette gjøres gjennom langsiktig planlegging
IKM TESTING AS - 2018-12-16 - unspecified

Sjukepleiarar Luranetunet- avd Behandling, avd. Rehabilitering, avd. Solheim, avd Fjordheim -

PLEIE- OG OMSORGSTENESTA PÅ LURANE HAR LEDIG FASTE STILLINGAR frå snarast :Behandlingsavdelingar har ledig:fast 80% stilling, turnus med arbeid langvakter kvar 4. helgBeandlingsavdelinga er ei avdeling med 20 korttidsplassar. Avdelinga har spesialisert seg innan lindrande behandling, og harfleire fagpersonar
Os Kommune - 2018-12-11 - unspecified

Skalahus søker boligkonsulent i Follo/Akershus -

Innhus Follo (skalahus) søker en målbevisst og initiativrik boligkonsulent med utpreget ønske om å skape resultater. Du må være vant til å yte høy servicegrad og ha stor forståelse for kundenes behov. Samtidig må du være selvgående og kunne ta ansvar for egen arbeidsdag.Arbeidsoppgaver:Ansvar
INNHUS AS - 2018-12-14 - unspecified

Språkmektig HR- konsulent til næringsmiddelindustrien -

Adecco Hospitality har levert både faglærte og ufaglærte medarbeidere til fisk, kjøtt - og generell næringsmiddelproduksjon siden 2000 -- tallet. Nå er vi stolte av å kunne fortelle at vi er ny samarbeidspartner til noen av de største aktørene innenfor nettopp denne bransjen, og vi trenger derfor
Adecco Norge AS - 2018-12-04 - unspecified

Sykepleier til Akuttmottak AHUS -

Dedicare søker sykepleier til jobb i akuttmottak ved Akershus Universitetssykehus (AHUS).AHUS er et lokal- og områdesykehus for ca. 500 000 innbyggere, med ansvar for de fleste innbyggere i Follo og på Romerike. I tillegg er Rømskog kommune i Østfold samt de tre nordligste bydelene i Oslo; Alna,
Dedicare AS - 2018-12-14 - unspecified

Vårt Oslokontor er i kraftig vekst og vi søker derfor selgere som ønsker å bli en del av vårt vinnerlag! -

Vårt Oslokontor er i kraftig vekst og vi søker derfor selgere som ønsker å bli en del av vårt vinnerlag Falck Alarm By Verisure AS tilbyr markedsledende alarmteknologi til både bedrifts og privatmarkedet gjennom direktesalg. Vi er en svært progressiv salgsbedrift med historie tilbake til tidlig
FALCK ALARM BY VERISURE AS - 2018-11-29 - unspecified

Vikariat i 100 % stilling med undervisning i tysk, norsk, religion og samfunnsfag + kontaktlærer -

Om skolen Sandnes videregående skole ligger ved Giskehallen og idrettsparken i gangavstand vest for Sandnes sentrum. Sandnes videregående skole er en stor og attraktiv skole med 1020 elevplasser, alle innen utdanningsprogram for studiespesialisering og utdanningsprogram for idrettsfag. Skolen
Sandnes videregående skole - 2018-11-30 - unspecified

Vitenskapelig medarbeider -

I 2024 er det 750 år siden Magnus Lagabøtes landslov ble tatt i bruk. Landsloven er en av Europas få riksdekkende lovbøker fra høymiddelalderen. To år etter landsloven, i 1276, kom Magnus Lagabøtes bylov, som nå skal utgis i ny tekstkritisk utgave. I forbindelse med dette søker vi etter
Seksjon Sjeldne bøker og privatarkiv, Nasjonalbiblioteket - 2018-12-14 - unspecified

 
 
nettstedet generert i 0.37704992294312 sekunder