Job Stipendiatstilling i pedagogikk knytt til forskargruppa PedLab unspecified Høgskulen på Vestlandet - jobbtilbud
reference: 12081812000211
documentId: 12081812000211
connectionPointId: 261
Stillingstittel:
Stipendiatstilling i pedagogikk knytt til forskargruppa PedLab
Stillingsbeskrivelse:
Jobbnorge ID: 162044
Ved Høgskulen på Vestlandet, Fakultet for lærarutdanning, kultur og idrett, er det ledig ein midlertidig stilling som stipendiat. Stillinga er knytt til Senter for utdanningsforsking, campus Bergen.
Fakultet for lærarutdanning, kultur og idrett har fire institutt med tilsette i Bergen, Sogndal og på Stord. Fakultetet er ein av dei største lærarutdanningsinstitusjonane i landet med rundt 6200 studentar og 550 tilsette, og tilbyr barnehagelærarutdanning, grunnskulelærarutdanning for 1.-7. og 5.-10. trinn, praktisk-pedagogisk utdanning, bachelorutdanningar, masterutdanningar og Ph.d.- program. Fakultetet har eit omfattande etter- og vidareutdanningstilbod. Forskingsaktiviteten ved fakultetet blir organisert i forskingsprogram og forskargrupper.
Ph.d.-prosjektet skal bidra til å styrke kunnskapsgrunnlaget for profesjonsretta pedagogikk, både som fagdisiplin i den nye grunnskulelærarutdanninga og for framtidas skule. Prosjektet sitt overordna formål er å utforske nye og framtidsretta måtar å teoretisere, praktisere og formidle pedagogikk som "det sentrale og samlende faget i lærerutdanningen" (St.m. nr. 11, 2008-2009). Dessutan er formålet å utvikle kunnskap om ulike pedagogiske retningar og tradisjonar i relasjon til profesjonsutvikling i læraryrket og pedagogisk profesjonalitet. Ph.d.-prosjektet skal gjennomførast i samarbeid med rettleiarar; professor Dr. Tobias Werler og professor Dr. Herner Sæverot. Ein tredje rettleiar kan vere aktuell, avhengig av kandidaten sitt forskingsprosjekt og faglege bakgrunn.
Pedagogisk forsking har i ei årrekkje vist at god undervisning er eit resultat av samspelet mellom læraren sine praktiske ferdigheiter og fagdidaktiske og pedagogiske kunnskapar. Forsking og teoriar om utvikling av læraren sin faglege kunnskap syner at kunnskap om profesjonsretta pedagogikk kan lærast og gjerast relevant gjennom pedagogiske tilnærmingar i høgare utdanning. Prosjektet sitt forskingsfokus skal rettast mot undersøkingar om korleis strukturar og relasjonar mellom pedagogisk forsking, pedagogisk teori og profesjonsutøving er utforma.
På denne bakgrunn skal prosjektet - ved hjelp av en litteraturgjennomgang - rekonstruere ulike teoritradisjonar av danning i ein eksplisitt norsk kontekst, til skilnad frå andre teoritradisjonar og oppfatningar. Vidare skal prosjektet - med grunnlag i ein kvalitativ innhaldsanalyse av norske læreplaner for lærarutdanning - undersøkje korleis teoritradisjonar eksisterer i lærarutdanninga. Spesifikt skal det utforskast kva betydning dei ulike teoritradisjonane har for framtidige lærarar sine handlingar gjennom en kartlegging av lærarstudentar sin kunnskap om profesjonsretta pedagogikk. Ei slik kartlegging nyttar med fordel ei kvantitativ tilnærming.
Forskargruppa PedLab, som ligg under det strategiske forskingsprogrammet "Praksisnær profesjons- og utdanningsforsking", utforskar kva som utgjer god profesjonsretta pedagogikk i både lærarutdanninga og grunnskulen sin praksis. Dessutan er forskargruppa sitt formål å utvikle kunnskap om ulike pedagogiske retningar og tradisjonar i relasjon til profesjonsutvikling i læraryrket og pedagogisk profesjonalitet. Tema forskargruppa har jobba med i lengre tid speglast i publikasjonar knytt til profesjonsteori, danningsteori og pedagogisk teori. Gruppa har 19 medlemmar og har etablert fast samarbeid med Universitetet i Münster, Universitetet i Åbo, Københavns universitet, Linköpingsuniversitet og Kings College (London).
Kvalifikasjonskrav
Mastergrad i pedagogikk pedagogisk filosofi, eventuelt norskdidaktikk, matematikkdidaktikk eller tilsvarande kvalifikasjonar må være oppnådd ved søknadsfristen.
Søkjarar må legge ved ei førebels prosjektskildring på inntil fem sider som presenterer tema, problemstilling og val av teori og metode for eit potensielt prosjekt. Denne førebelse prosjektskissa vert nytta til vurdering av kvalifikasjonane til kandidaten og vil ikkje vere den endelege prosjektskissa. Det endelege stipendiatprosjektet vil seinare bli uforma i tett samarbeid med rettleiarane.
Stipendiaten må takast opp i doktorgradsprogrammet "Studiar av danning og didaktiske praksisar" ved Fakultet for lærarutdanning, kultur og idrett (FLKI). Det er ein føresetnad at stipendiatar fyller krava for opptak til ph.d.-studiet. Normalt tar programmet opp berre kandidatar med karakter A eller B på mastergrada. Søknad om opptak til doktorgradsprogrammet skal sendast inn etter tilsetting. Endeleg plan for gjennomføring av forskarutdanninga skal være godkjend av høgskulen innan 3 månadar etter at kandidaten har tatt til i stillinga.
Det er ein føresetnad at den som blir tilsett har arbeidsplassen sin ved Høgskulen på Vestlandet. Samla stipendiatperiode er tre år, men kan om ønskjeleg forlengast til fire år der 25 % av tida er pliktarbeid knytt til undervisning og administrasjon. Om stipendet blir forlenga til fire år, vil undervisninga bli fordelt over åra.
Følgjande kvalifikasjonar vil bli særleg vektlagt: Det viktigaste er faglege kvalifikasjonar i det utlyste området, altså kvaliteten på masteroppgåva, eller tilsvarande kvalifikasjonar, og på metodologiske kvalifikasjonar. Den førebelse prosjektskissa er òg viktig for å vurdere kvaliteten på søknaden og kor godt denne passar med formålet med det større prosjektet. Vitskapelege publikasjonar og erfaring med samfunn med språkleg mangfald vil også kunne bli vektlagt.
Søkjarar kan få noko rettleiing på skissa
Ønska kvalifikasjonar
- Det er ein føremon med gode kunnskapar om dokumentanalyse og grunnleggjande statistikk-kunnskapar.
- Engelsk bør meistrast godt og det er ønskjeleg med tyskkunnskapar
Personlege eigenskapar
- Kandidaten må ha gode samarbeidsevner og kommunikasjonsevner.
- Kandidaten må være motivert, ha stor arbeidskapasitet og kunne arbeide både sjølvstendig og i team.
- Interesse for både kvantitative og kvalitative forskingsmetodar er ein føremon.
Søk på stillinga
Søkjarar til stillingane vert vurderte av eit sakkunnig utval med tre medlem.
Send søknad og CV ved å klikka på knappen merka «Søk stillinga» på denne sida. Som vedlegg til søknaden må søkjarar også laste opp masteroppgåva og inntil fem vitskaplege arbeid dei ynskjer å ha med i vurderinga. Vidare må fullstendig publikasjonslista, attestar og vitnemål lastas opp. Søkjarar bør nemna dei arbeida eller delar av arbeid som særleg skal vektleggjast ved vurderinga.
Dersom vitnemål, karakterutskrifter eller annan dokumentasjon ikkje er på eit skandinavisk språk eller engelsk, må søkjar sjølv lasta opp attesterte omsetjingar. Me gjer merksam på at søknader vert vurderte med den informasjonen som ligg føre i Jobbnorge når søknadsfristen går ut. Det er søkjar sitt ansvar å syta for at all informasjon er lagt inn innan fristen. Det er særs viktig at alle dei vitskaplege arbeida som skal vurderast vert lasta opp i sin heilskap som vedlegg til søknaden. Det er også mogleg å berre legga ved ei lenkja til særleg store dokument/publikasjonar. Dette finn du meir om under "Vedlegg" i søknadsprosessen. Søknadane vert sende elektronisk til det sakkunnige utvalet. Søknader kan ikkje sendast på e-post til enkeltpersonar ved høgskulen.
Vi gjer merksam på at søknader blir vurderte med den informasjonen som ligg føre i Jobbnorge når søknadsfristen går ut. Det er søkar sitt ansvar å sørge for at all informasjon er lagt inn innan fristen. Søknader kan ikkje sendast på e-post til enkeltpersoner ved høgskulen.
Aktuelle kandidatar til stillinga vil bli innkalla til intervju og bedne om å halde prøveforelesing.
Lønnsvilkår
Stillinga vert løna i stillingskode 1017 Stipendiat, lønnstrinn 51. Vidare opprykk skjer etter tenesteansiennitet i stillinga. Frå løna vert det trekt 2 % innskot til Statens pensjonskasse.
Generell informasjon
Den som vert tilsett må rette seg etter dei lover, forskrifter, instruksar og avtaler som til ei kvar tid gjeld for stillinga.
Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i folket. Det er derfor eit personalpolitisk mål å oppnå ei balansert alders- og kjønnssamansetting og rekruttere personar med ulik nasjonal- eller etnisk bakgrunn.
Opplysingar om søkar kan bli gjort offentleg sjølv om søkar ber om ikkje å bli ført opp på søkarlista. Dersom førespurnaden ikkje blir tatt til følgje, vil søkar bli varsla om dette.
Høgskulen på Vestlandet er ei I/A-bedrift.
Kontaktperson:
Senterleiar Kjellrun Hiis Hauge, tel: +47 55 58 59 67
Professor Herner Sæverot, tel: +47 55 58 58 17
Se annonsen og søk på stillingen www.jobbnorge.no
numberOfPosts: 1
jobCategoriesCodes_0: http://data.europa.eu/esco/isco/C2310
abstractJV_contact_0: See jobabstractJV_description
Arbeidsgiver Navn: Høgskulen på Vestlandet
source: NAV
Similiar jobbtilbud
40 % stilling som regnskapsmedarbeider -
Har du erfaring med føring av regnskap og ønsker en deltidsjobb to dager i uken, med frihet rundt hvilke dager du jobber, er dette en perfekt mulighet for deg!Vi ser nå etter en regnskapsmedarbeider for en av våre kunder sentralt i Oslo. Du vil utføre lettere regnskapsoppgaver og drive medlemsservice
Adecco Norge AS - 2019-07-13 - unspecified
Avdelingsleiar PPT - Barn, familie og helse -
Org. nr: - Stillingsident: 4107638777 Presentasjon av stillinga:Vi har ledig fast, 100 % stilling som avdelingsleiar for pedagogisk-psykologisk teneste (PPT) i Giske kommune frå 01.10.2019.PPT i Giske kommune er organisert i eining Barn, familie og helse i lag med helsestasjon og jordmortenesta, barnevern,
GISKE KOMMUNE PP-RÅDGIVINGSKONTOR - 2019-07-12 - unspecified
Buskerud Folkehøgskole søker ny kontorleder -
Vi søker en kontorleder til en 90% stilling ved Buskerud Folkehøgskole.Stillingen omfatter:· Overordnet kontorfaglig ansvar.· Føring av regnskap fra A til Å, inkludert årsoppgjør.· Posthåndtering og forefallende kontorarbeid, lønnskjøring, skatt- og arbeidsgiveravgift, lønns-
Buskerud Folkehøgskole - 2019-01-08 - unspecified
Crew Dispatcher -
Som CrewDispatcher jobber du tett på driften og selskapets flyoperasjon. Hverdagen kan være hektisk og byr på varierte og spennende utfordringer. For å finne de gode løsningene samarbeider du tett med gode kolleger på tvers av avdelinger.Vi har ledig en fast stilling som CrewDispatcher.Arbeidsoppgaver:Planlegge
WIDERØES FLYVESELSKAP AS - 2019-01-22 - unspecified
Er du elektriker med fagbrev og ønsker nye utfordringer i 2019? -
Vi er på jakt etter deg som har erfaring fra montasjearbeid både på nyanlegg og modernisering av alle typer heisanlegg eller har fagbrev som elektriker og søker nye utfordinger. Har du fagbrev som heismontør er det en fordel, men vi oppfordrer også du som er elektriker Gr L/ automatiker til å
STARAS AS - 2019-03-26 - unspecified
Erfarne sveisere med fagbrev søkes -
Vi trenger flinke og erfarne sveisere til oppdrag på MongstadØnskede kvalifikasjoner :Fagbrev som sveiserGyldige sveisesertifikater, TIG 141Dokumentert erfaringMå kunne sveise sort stål og/eller rustfrittKurs i varmearbeider og førstehjelpDu må kunne :Jobbe selvstendig og nøyaktigHa blikk for
JKS NORGE AS - 2019-04-12 - unspecified
Frivillig organisasjon trenger en dyktig administrator -
For vår kunde Dyrebeskyttelsen Norge Oslo og Akershus (DOOA ) søker vi etter en dyktig administrator for hjelpesenteret for katter.Vi søker deg med bakgrunn og erfaring, gjerne innen administrativ ledelse, med stort hjerte og omsorg for dyr. Dette er en frivillig organisasjon som trenger deg som er
Randstad - 2019-05-29 - unspecified
Greveskogen vgs - 70% vikariat i norsk -
Greveskogen videregående skole ligger på Eik rett utenfor Tønsberg sentrum omgitt av vakker natur og idrettsanlegg. Vi er en skole med ca. 950 elever og 180 ansatte, og på en så stor skole er det lett å finne andre som har samme interesser som en selv. Her blir mange venner for livet. Skolens visjon
Greveskogen videregående skole - 2018-11-30 - unspecified
Har du lyst på en helgestilling på en spennede avdeling? -
Bårliskogen Syd 1 er organisert under Bo- og omsorgstjenesten (BOT) i Lørenskog Kommune. Her bor det 5 voksne mennesker med utviklingshemming og tilleggsdiagnoser, som har behov for heldøgns omsorg. Vi har en travel hverdag med stort fokus på fagutvikling i et trygt arbeidsmiljø. Personalgruppa
Lørenskog kommune - 2019-02-16 - unspecified
Helsefagarbeider 20% -
Org. nr: - Stillingsident: 4120315218 Presentasjon av stillingen:Vil du være vår nye medarbeider ved Frednes sykehjem?Vårt sykehjem ligger sentralt plassert i Porsgrunn kommune. Vi er et sykehjem med et helsefremmende perspektiv og har fokus på engasjement, samarbeid, kompetanseutvikling og kommunikasjon.
Frednes Sykehjem - 2019-08-23 - unspecified
Infrastrukturutviklere -
ArbeidsoppgaverArbeidsoppgaver/leveranser:- Være med å bestemme hvordan man skal automatisere infrastrukturprovisjonering og bygging av miljøer.- Være med i kryssfunksjonelle team for å se hvordan automasjon kan videre effektivisere.- Være ansvarlig for verktøykjeden som muliggjør en raskere
TALENTCO AS - 2019-05-17 - unspecified
Klar for morgendagens muligheter i Norges hyggeligste konsulentselskap? -
Er du en utadvendt og sosial lagspiller som brenner for koding i Java? Og som ønsker å være en del av et engasjert og levende fagmiljø med stort fokus både på spisskompetanse og tverrfaglig samarbeid? Da vil vi gjerne ha deg med på laget!Experis Ciber AS er et litt annerledes norsk konsulentselskap
Experis AS Avd Oslo - 2019-04-25 - unspecified
Lageroperatører på Aker BP-prosjektet -
På Aker BP prosjektet skal vi nå starte egen logistikkbase på Forus som skal håndtere all transport av materiell og utstyr til og fra Ivar Aasen, Alvheim, Valhall og Ula.I den forbindelse søker vi nå etter to stk lageroperatører som vil ha sitt hovedvirke på den nye basen.Arbeidsoppgaver:.Mottakskontroll.Plukking
Kaefer Energy As - 2019-05-14 - unspecified
Molekylærgenetiker - Laboratoriemedisinsk klinikk Avdeling for medisinsk genetikk -
Presentasjon av stillingen:Laboratoriemedisinsk klinikk er organisert med seks avdelinger fordelt på ulike medisinske spesialiteter innen laboratoriemedisin. Klinikken har et bredt analyserepertoar og analyserer i hovedsak prøver fra hele helseregionen. I tillegg utføres spesielle analyser fra andre
St. Olavs hospital - 2019-01-18 - unspecified
Process Lead/Senior Process Engineer -
Dovre Group is pleased to offer the following key contract positions: Process Lead/Senior Process EngineerWork Location: OsloStartup: 02.09.2019 - 31.01.2020OPtion Period: 2x6 monthsPlease be aware that the closing date is our closing date for submitting the bid to the customer. Your application must
DOVRE GROUP CONSULTING AS - 2019-07-02 - unspecified
PRODUKSJON AV MÅLEINSTRUMENTER FOR OLJE/ GASS OG PROSESSINDUSTRI -
Oppgavene knyttet til stillingen omfatter sammenstilling, test og dokumentasjon av virksomhetens produkter, inklusiv deltagelse i tilhørende logistikkoppgaver fra planlegging til forsendelse.Alle ansatte i virksomheten deltar i aktiviteter knyttet til HMS og kvalitetsutvikling.Aktuelle søkere bør
Sensor Technology - 2019-01-19 - unspecified
Salgskonsulent -
Vi søker: Salgskonsulent - 100% StillingArbeidsoppgaver:- Salg og oppfølging av eksiterende kunder.-Oppsøkende salg og relasjonsbygging mot nye kunder.-Oppgaver knyttet til produktutvikling, innkjøp og varehåndtering. Ønskede kvalifikasjoner og personlige egenskaper:-Erfaring med salg/markedsføring
TO FOTO AS - 2018-12-15 - unspecified
SALGSSJEF - Fitnessbransjen i Norge. Potensiale som Country Manager. -
Fitness Engros Norge AS søker en effektiv og pliktoppfyllende salgssjef for fast ansettelse i en fulltidsstilling. Arbeidet består av salg av alle typer maskiner og utstyr til fitnesscentre, CrossFit centre og virksomheter med firmafitness - i hele Norge.Er du den rette personen og har du potensiale
FITNESS ENGROS NORGE AS - 2018-12-14 - unspecified
Seniorkonsulent innen studieadministrasjon -
Jobbnorge ID: 172468This is NTNUPå NTNU jobber 7 000 ansatte og 40 000 studenter med å skape kunnskap for en bedre verden.NTNU søker engasjerte medarbeidere.Video: https://www.youtube.com/watch?v=cIgKd1SwGLIOm stillingenVed fellesadministrasjonen for Institutt for geografi (IGE) og Institutt for sosialantropologi
NTNU - fakultet for informasjonsteknologi og elektroteknikk - 2019-06-25 - unspecified
Servicetekniker ventilasjon -
Caverion er Norges ledende tekniske entreprenør og tilbyr smarte løsninger og tjenester for bygg, industri og infrastruktur. Vårt unike tjenestetilbud dekker hele livssyklusen fra design & build, bygging, vedlikehold og drift. Vi er i front innen teknologi og vil være førstevalget for å digitalisere
Caverion Norge AS - Arendal - 2018-12-20 - unspecified
Sveiser -
Er du vår nye sveiser som er sjølvstendig og ønsker å komme innn i eit godt arbeidsmiljø?Sveisemetoder er TIG og MIG. Vi søker personer med relevant erfaring og med sveisesertifikat.KvalifikasjonarResultatorientert, fleksibel, strukturert, sjølvstendig og løsningsorientertFagbrev eller erfaring
RANDSTAD BERGEN AS - 2019-01-11 - unspecified
unspecified -
unspecified
##pracodawca## - 2019-09-12 - unspecified
Varingen søker ansvarlig redaktør / daglig leder -
Vil du være med og utvikle Varingen videre?Varingen skal være det lokale førstevalget for å finne informasjon om viktige hendelser. Vi skal sette nye temaer og spørsmål på dagsorden, vi skal synliggjøre lokalt næringsliv og samtidig ha en viktig rolle i å avdekke svakheter og kritikkverdige
Varingen A/S - 2019-08-16 - unspecified
Vi ønsker å styrke vår fagkompetanse og søker etter flere dyktige sykepleiere og vernepleiere på dag/aften -
Org. nr: 974706156 Stillingsident: 4113651809 Presentasjon av stillingen:Vil du jobbe i et av Norges mest kompetente miljøer innen psykisk helse og rus? Vi kan tilby 100 prosent fast stilling.Bemanningsteam søker dyktige,motiverte og engasjerte sykepleiere og vernepleiere til å styrke fagkompetanse
VESTRE VIKEN HF - 2019-08-03 - unspecified
Vi søker etter kundemedarbeider kreditt - Gjensidige Bank -
Trives du med høyt tempo? Er du glad i action og motiveres du av å være en del av et voksende forretningsområde som stadig tar nye markedsandeler? Er du glad i å snakke på telefonen og skape gode kundeopplevelser? Har du interesse for bil, MC eller caravan og liker å holde deg oppdatert på markedet
GJENSIDIGE PENSJONSFORSIKRING AS - 2019-01-10 - unspecified
Vi søker kontormedarbeidere til forskjellige stillinger -
Vi søker dyktige medarbeidere til ulike vikariater ute hos våre oppdragsgivere. Oppdragene er bl.a sentralbord/resepsjon, kontormedarbeider, administrasjonssekretær og saksbehandling. Våre kunder er både i det offentlige og private. Vikariatene er av ulik varighet. Arbeidserfaring er ett krav, samt
FJELL BJØRG AS - 2019-01-06 - unspecified
Vi søkjer heilhjarta og ansvarleg Banksjef! -
SpareBank 1 SMN er ein bank med sterke lokale røter som er tydeleg til stades i lokalsamfunnet, og har vekst som overordna strategi for dei neste åra. No skal vi forsterke vårt fotfeste i Sunnfjord, og søkjer i den anledning ein framoverlent og handlekraftig banksjef som skal bidra til banken si
Sparebank 1 Midt-Norge - 2019-08-16 - unspecified
Vil du bidra i prosjektarbeid med å reetablere Luftforsvaret på Evenes? - Forsvaret -
I Prosjekt Evenes vil du som prosjektmedarbeider bistå prosjektleder med å legge til rette og fasilitere for reetablering av Luftforsvarets aktivitet på Evenes flystasjon. I 2020 opprettes 133 luftving Evenes på flystasjonen, og avdelingen skal lede flyoperasjoner med P8 og F-35 ut fra stasjonen.
Forsvaret - 2019-03-05 - unspecified
Vil du selge verdensledende mobilparkering? -
På vegne av kunde søker vi nå etter deg som vil markedsføre og selge inn bedriftsløsninger til eksisterende kunder. Du vil da bli en del av et profesjonelt og godt arbeidsmiljø, samt få grundig opplæring og coaching. Easypark er et selskap i stor vekst og har derfor gode utviklingsmuligheter
EASY PARK AS - 2019-06-18 - unspecified
Work from Bergen - Act worldwide -
A unique opportunity to make a difference in a versatile international company.In Odfjell, 2500 colleagues work together to offer the very best services to our customers. With 80 ships, 17 international offices and seven terminals, Odfjell is one of the worlds largest chemical shipping companies, with
ODFJELL MANAGEMENT AS - 2019-05-21 - unspecified