Job Stipendiat i utviklingsbiologi - fiskefysiologi - akvakultur unspecified Universitetet i Bergen - jobbtilbud

GJELDER
id: MTIwOTE4MTIwMDAzNTggMjYx

reference: 12091812000358

documentId: 12091812000358

connectionPointId: 261

Stillingstittel:
Stipendiat i utviklingsbiologi - fiskefysiologi - akvakultur

Stillingsbeskrivelse:
Jobbnorge ID: 162268

Ved Institutt for biovitskap (BIO) er det ledig ei stilling som stipendiat i utviklingsbiologi - fiskefysiologi - akvakultur for ein åremålsperiode på tre år, med høve til eit fjerde år beståande av pliktarbeid (til dømes undervisning). Stillinga er knytt til prosjekta «The effect of narrow banded LED light on development and growth performance», «Greenbag» og «Leusense», finansiert av Forskingsrådet (NFR) og Regionalt Forskingsfond Vest (RFFV).

Dei siste åra er det brukt store ressursar på utvikling av lukka anlegg for oppdrett av laksefisk. Til tross for ein stor FoU innsats er det i dag lite tilgjengeleg informasjon om biologisk prestasjon (performance) og velferd i samband med storskala intensiv produksjon av postsmolt laks i lukka anlegg. Spesielt manglar kunnskap omkring biologiske/fysiologiske forhold knytte til lysmiljø, appetitt og stress. For å oppnå god lønnsemd i lukka anlegg, må fisketettleiken vere høg. Det er då viktig at fisken har eit optimalt lysmiljø, slik at fisken sitt fôropptak, vekst, velferd og helsetilstand ikkje vert skadelidande.

Stipendiaten skal arbeide inn mot forskingsprosjektet effekt av LED lys, der målet er å kartleggje effekten av lysmiljø på tidleg utvikling og vekst og dessutan Greenbag-prosjektet som har som målsetjing å få meir kunnskap omkring appetitt og stress i lukka oppdrettssystem med stor tettleik. I prosjektet skal vi kartleggje fotoreseptorsystem og spesielt sjå på lysreseptorar som kan påverke regulering av appetitt og fordøying. Dette omfatter òg samspelet mellom fotoreseptorar og nervenettverk og neuropeptider som styrer appetitt og energiomsetning i hjernen. I prosjektet vil vi òg kartleggje effekt av ulike lysmiljø på appetitt og vekst.

Om arbeidsoppgåver
Stipendiaten skal ha spesielt fokus på å kartleggje og forstå lysoppfatting og effekt av lyskvalitet på appetittregulering, fôrinntak, vekst og stressrespons i tidlege stadium hos laks. Mykje av laboratoriearbeidet vil omfatte analysar av utrykk av gen som er relatert til desse funksjonane. Dette inkluderer mRNA markørar som er relatert til stress, adaptiv kapasitet mot endringar i miljø, og appetittindikatorar (neuropeptidar). Hovudmålet er å forstå samanhengen mellom lys og appetittkontroll og dei fysiologiske/endokrine mekanismane som er involverte.

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • Søkjarar må ha oppnådd mastergrad eller tilsvarande i biologi, molekylærbiologi, fysiologi eller endokrinologi, eller ha levert masteroppgåva til vurdering innan søknadsfristen er ute. Det er ein føresetnad at mastergraden er oppnådd før tilsetjing kan skje.
  • Erfaring frå eksperimentelt arbeid med fisk og anatomi er ynskjeleg.
  • God kjennskap til grunnleggjande molekylærbiologiske metodar, helst inkludert qPCR og in situ hybridisering, er ein føremon.
  • Arbeide sjølvstendig og strukturert og med gode samarbeidsevner.
  • Kunne jobbe sjølvstendig i felt, bl.a. med prøvetaking.
  • Ynskjeleg med kandidat som har kjennskap til havbruksnæringa.
  • Nytte engelsk skriftleg og munnleg
  • Gode norskkunnskapar er ynskjeleg.

Særeigne krav for stillinga
Kandidaten må leggje ved eit motivasjonsbrev (maks 1,5 sider) som også inneheld ei kort utgreiing av korleis hans/hennar kompetanse og interesser passar til hovudmåla og metodane i prosjektet.

Om stipendiatstillinga
Samla stipendperiode er tre år, med høve til eit fjerde år beståande av pliktarbeid (til dømes undervisning), fordelt med 25 % over tilsetjingsperioden. Dette avheng av kandidaten sine kvalifikasjonar og instituttet sitt behov for undervisning, og vil bli avgjort av instituttleiar ved tilsetjing.

Om du tidlegare har vore tilsett i rekrutteringsstilling, kan det bli gjort frådrag i tilsetjingsperioden.

Om forskarutdanninga
Som stipendiat skal du delta i eit godkjent utdanningsprogram for ein ph.d.- grad innanfor ei tidsramme på 3 år. Endeleg plan for gjennomføringa av forskarutdanninga skal vere godkjent av fakultetet innan tre månader etter at du har teke til i stillinga. Det er ein føresetnad at du fyller krava for opptak til ph.d.- studiet ved Universitetet i Bergen.

Vi kan tilby

  • eit godt og fagleg utfordrande arbeidsmiljø
  • løn etter lønssteg 51 (kode 1017 /LR20, alternativ 9) i det statlege lønnsregulativet. Dette utgjer ei årsløn på kr. 449 400 brutto. Vidare opprykk skjer etter tenesteansiennitet.
  • medlemskap i Statens pensjonskasse
  • stilling i ei inkluderande arbeidslivsverksemd (IA-verksemd)
  • gode velferdsordningar

Søknaden skal innehalde

  • ei kort utgreiing om søkjaren sine forskingsinteresser og motivasjonen for å søkje stillinga. Motivasjonsbrev skal innehalde ei kort utgreiing av korleis hans/hennar kompetanse og interesser passar til hovudmåla og metodane i prosjektet.
  • namn og kontaktopplysningar til to referansepersonar, ein av desse må vere hovudrettleiaren frå masteroppgåva eller tilsvarande oppgåve
  • CV
  • karakterutskrifter og vitnemål for bachelor- og mastergrad, alternativt ei stadfesting av at mastergradsoppgåva er levert
  • relevante attestar
  • eventuell liste over vitskaplege arbeid (publikasjonsliste)
  • eventuelle publikasjonar

Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i JobbNorge.

Generell informasjon
Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til professor Jon Vidar Helvik, Institutt for biovitskap, telefon +47 55 58 43 71 eller professor Ivar Rønnestad, Institutt for biovitskap, telefon +47 55 58 35 86.

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er eit personalpolitisk mål å få ei balansert alders- og kjønnssamansetning. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Vi oppmodar kvinner om å søkje. Dersom fleire søkjarar har tilnærma like kvalifikasjonar, gjeld reglane for moderat kjønnskvotering.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om det.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

 



Se annonsen og søk på stillingen www.jobbnorge.no

numberOfPosts: 1

jobCategoriesCodes_0: http://data.europa.eu/esco/isco/C2310

abstractJV_contact_0: See jobabstractJV_description

Arbeidsgiver Navn: Universitetet i Bergen

source: NAV

GJELDER

Similiar jobbtilbud

100% fast stilling som vernepleiar/psykiatrisk sjukepleiar/sjukepleiar, frå snarast - ID 1575 -

2 gongs lysing - Vinje helse og omsorg, psykisk helse og rus 100% fast stilling som vernepleiar/psykiatrisk sjukepleiar/sjukepleiar, frå snarast - ID 1575 Turnusstilling med arbeid kvar 3. helg. Me oppmodar menn om å søkje. Arbeidet er variert og utfordrande. Arbeidsoppgåvene er retta mot tett
Vinje kommune - 2018-12-18 - unspecified

Byggesaksbehandler 100 % fast stilling -

Informasjon om arbeidssted og stillingSkien er Telemarks fylkessenter og største kommune, med godt over 53.000 innbyggere. Skien kommune er en spennende og moderne kommune med høyt aktivitetsnivå. Vi har som mål å gi best mulig service til byens befolkning. Vi skal kjennetegnes ved å være den
Skien kommune, HR - 2018-12-14 - unspecified

Ekstrahjelper housekeeping/renhold -

Rockestjerner søkes til housekeepingQuality Hotel søker flere rockestjerner til avdeling for housekeeping/renholdsavdelingen (på tilkalling). Hele hotellet blir din scene og du sørger for at vasking av tildelte hotellrom, fellesarealer, lagerrom, korridorer eller andre tildelte områder skinner.Du
Quality Hotel Edvard Grieg - 2018-12-08 - unspecified

Electro/Automation Superintendent BW LNG -

JOIN US FOR THE FUTUREWe are currently seeking:Electro/Automation Superintendent BW LNGWe are seeking a highly qualified and motivated Electro/Automation Engineer to our LNG/FSRU Fleet.Key tasks:Daily support to our vessels with respect to electrical-, automation and navigation issues.Assist Technical
BW OSLO AS - 2018-12-18 - unspecified

Fagansvarlig spare og pensjon - Konsepter -

Er du genuint opptatt av gode kundeopplevelser? Liker du å jobbe målrettet med nye løsninger for kunder? Blir du motivert av tanken på å gjøre hverdagen tryggere og enklere for landsdelens privat- og bedriftskunder? Har du kompetanse på spare - og pensjonsområdet? Da kan dette være jobben for
SpareBank 1 Nord-Norge - 2018-12-04 - unspecified

Fagarbeider/miljøveileder - Hommersåk skole -

Hommersåk skole er en barneskole med 172 elever og 25 ansatte. Skolen er en stolt og tradisjonsrik skole som ligger idyllisk til i sentrum av Hommersåk. Skolen har nå ledig et vikariat i 60 % stilling for inneværende skoleår. Tiltredelse snarest. Stillingen innebærer hovedsakelig oppfølging av
Sandnes kommune - 2018-12-21 - unspecified

For spennende og attraktiv kunde i oljeservicebransjen søker vi etter en overflatebehandler eller industrimaler -

For spennende og attraktiv kunde i oljeservicebransjen søker vi etter en pliktoppfyllende industrimaler eller overfaltebehandler som innhar stor arbeidskapasitet.Arbeidsoppgaver:Overflate rengjøring av utendørslagret stort utstyr ved bruk av høgtrykkspyler.Påføring av maling med bruk av pensel
BEMANNINGSBYRAAET.NO TELEMARK AS - 2018-12-21 - unspecified

Førstekonsulent ved Statens Barnehus - SVS - Statens Barnehus Tromsø -

Ved Statens barnehus Tromsø er det ledig en fast stilling som førstekonsulent, stillingskode 1408.Den som ansettes må kunne jobbe innenfor etatens styringssystem, ha forståelse for etatens samfunnsrolle, verdier og framtidige utfordringer, samt enhetens rolle i politiets samfunnsoppdragPolitet er
Politiet, Troms pd - 2018-12-01 - unspecified

KIWI Sørås søker etter 2 tilkallingshjelper -

Bli en del av det grønne vinnerlaget!I KIWI er det kunden som er sjefen, og for å gjøre sjefen fornøyd trenger vi Norges blideste og hyggeligste medarbeidere. Er det deg? Har du også en god porsjon konkurranseinstinkt og <<stå-på-vilje>>? Da må du lese videre.Gjennom årene har KIWI
NG KIWI VEST AS - 2018-12-19 - unspecified

Klinisk produktspesialist / Clinical product specialist -

Du vil få mulighet til å jobbe med utvalgte sykehus/referansekunder i Norge og Europa som deltar i våre kliniske studier. Vi er derfor mer opptatt av din erfaring og faglige kompetanse, enn din eventuelle erfaring med salg. Din relasjon til kunden utvikles best gjennom god faglig forståelse og innsikt
NISONIC AS - 2018-12-04 - unspecified

Lærer ved Terråk skole -

LÆRER VED TERRÅK SKOLEVed Terråk skole er det ledig 100% fast stilling som lærer, med tiltredelse så snart som mulig.Det søkes etter lærer som har godkjent undervisningskompetanse på ungdomstrinnet (8.-10. klasse). Fagønsker er norsk, tysk, IKT og engelsk.Kvalifikasjoner:-    Fullført
Bindal kommune - 2018-12-08 - unspecified

Ledige stillingar -

Vi har følgjande ledige stillingar:Driftssjef ved Bremanger sjukeheim. 100% fast stilling.Miljøarbeidar ved Bremanger sjukeheim. Årsvikariat på 50%.Kommuneoverlege i Bremanger kommune, fastlege ved Svelgen helsesenter 100% fast stilling.Fagleiar Psykisk helse 100% fast stilling.Miljøterapeut i psykisk
Bremanger kommune - 2018-12-05 - unspecified

Miljøfaglig rådgiver - Stiftelsen Miljøfyrtårn -

Utfordrende og variert stilling med fokus på grønn utvikling og bærekraftMiljøfyrtårn ønsker å styrke sin posisjon ytterligere. Derfor søker vi nå etter en utadvendt fagperson til spennende stilling i vår fagavdeling. Stillingen innebærer å bidra i videreutviklingen av Miljøfyrtårn sine
SelectionPartner - 2018-12-14 - unspecified

Nye og spennende oppdrag venter sykepleier hos Dedicare! -

Som sykepleier kan du i vinter arbeide på sykehjem og i hjemmesykepleien i Midt-Norge. Vi har oppdrag mange ulike avdelinger i små og store kommuner på landsbygden eller i større byer.Perioden du arbeider kan tilpasses dine ønsker og behov. Du kan også kombinere en periode på sykehjem med en påfølgende
Dedicare AS - 2018-12-15 - unspecified

Prosjektleder til Helgelandskysten -

Prosjektleder søkes til driftskontrakten DK 1801 Helgelandskysten 2018-2023.Vi søker etter dyktig prosjektleder til å lede og videreutvikle prosjektet som består av egne ansatte og flere underentreprenører.Vi ønsker en tydelig prosjektleder med gode kommunikasjonsevner, som er ansvarlig for god
MESTA AS - 2018-12-19 - unspecified

Rådgiver spesialfinansiering / bank søkes til selskap i vekst -

Eiendomsfinans er kundens rådgiver i et marked med svært mange banker som tilbyr lån. Vi tar på oss jobben å innhente tilbud på lån og forsikring helt uforpliktende og kostnadsfritt. Jobben er krevende, men spennende og meningsfylt. Arbeidsmiljøet beskrives som varmt, åpent og konkurransepreget
EIENDOMSFINANS DRIFT AS - 2018-12-22 - unspecified

Selgere -

Vi søker 2 matglade selgere som drives av å yte service og skape gode gjesteopplevelser. Hos oss vil du få en variert og hektisk hverdag med gode karrieremuligheter i Nordens største servicekonsern.Ansvarsområder:Begeistre våre gjester gjennom god mat og drikkeVære vårt blide ansikt utadTa hånd
Café Opus Strømmen Storsenter - 2018-12-01 - unspecified

Software utviklere til avdeling Oslo -

Er du klar til å ta steget inn i en verden full av spesialister? Er du nyutdannet eller har noen års erfaring? Da ønsker vi å snakke med deg! Hos oss får du jobbe med de beste, og vi har mentorer som er spesialister innen en rekke fagfelt. Vi kan love deg en spennende læringskurve som vil ta karrieren
DATA RESPONS R&D SERVICES AS - 2018-12-18 - unspecified

Spennende lederstilling i Vågå -

Daglig Leder for Ottadalen Anlegg AS.Ottadalen Anlegg AS er en bedrift i sterk vekst og er nå på utkikk etter noen til å ta over Daglig Leder rollen da nåværende leder skal trappe ned.Solid og godt opparbeidet bedrift, som pr.dags dato har flere utbyggingsprosjekt med SKANSKA bl.a. nedre Otta kraftutbygging
OTTADALEN ANLEGG AS - 2018-12-14 - unspecified

Sporplanlegger -

StillingsbeskrivelseUtbyggingsdivisjonen er ansvarlig for planlegging, utredning og bygging av nye dobbeltsporstrekninger i Bane NOR. Vi har en av Norges største prosjektporteføljer innen infrastruktur. Porteføljen inkluderer blant annet hele InterCity-utbyggingen med prosjekter som Follobanen, Fellesprosjektet
BANE NOR OSLO - 2018-11-29 - unspecified

Start din karriere innen regnskap hos oss! -

Har du erfaring som fakturamedarbeider, eller kanskje du er nyutdannet og i startgropen på din karriere innen regnskap?For en av våre kunder på Lørenskog søker vi nå etter en Fakturamedarbeider. Det er ønskelig med oppstart i begynnelsen av desember, og varigheten er noe usikkert, men kan bli
ADECCO NORGE AS - 2018-11-30 - unspecified

Subsea mekanikere -

På vegne av en av våre kunder som opplever vekst og økende oppdragsmengde søker vi etter faglig dyktige og engasjerte mekanikere til oppdrag onshore og offshoreArbeidsoppgaverVedlikeholdService og reparasjonerTrykktestingMontering/demontering av subseutstyrKvalifikasjonerFagbrev innen relevant områdeGod
JOBZONE NORGE AS - 2018-11-30 - unspecified

The team behind Sanity.io are looking for a backend developer to join our team. -

Your workOur product consists of a real-time database and distribution network built to enable world-spanning teamwork and integration with enterprise systems, process automation, and AI-content enrichment solutions---and an open sourced front-end toolkit that enables developers to build inspiring authoring
SANITY AS - 2018-11-30 - unspecified

Trenings - og helserådgjevar - Kreftsenter for opplæring og rehabilitering (KOR) -

Presentasjon av stillinga:Vi har ledig vikariat i 100% stilling som helse- og treningsrådgjevar ved Kreftsenter for opplæring og rehabilitering (KOR). Vikariatet er ledig frå snarast tom 31.12.2019 med mogleg forlenging. Pusterommet Treningssenter er ein del av KOR og tilbyr fysisk aktivitet til
Helse Bergen - 2018-12-14 - unspecified

Unik mulighet til å starte din salgskarriere? -

Drives du av resultater og ønsker å få verdifull erfaring på CV-en?Som promotør hos oss vil du utvikle deg i et høyt tempo, oppleve et fantastisk arbeidsmiljø og møte mange nye mennesker.Vi søker deg som ønsker å bygge karriere og bli en del av et vinnende team. Adicio er et kompetansehus
ADICIO FM AS - 2018-12-04 - unspecified

Utvikler Mixed Reality -

Utvikler Mixed RealitySopra Steria har et av Europas sterkeste fagmiljøer innen utvikling Mixed Reality teknologi fra Microsoft med HoloLens, lokalisert i Oslo. Sopra Steria ble i februar 2018 Skandinavias første Microsoft partner for Mixed Reality. I februar 2017 vant Sopra Steria en global innovasjonspris
Sopra Steria AS - 2018-12-19 - unspecified

Veileder avdeling Ung - NAV Sarpsborg -

Beskrivelse av arbeidsstedNAV Sarpsborg har 155 engasjerte medarbeidere, og lokalene ligger sentralt i Sarpsborg sentrum, få minutters gangetil busstasjon og togstasjon. NAV Sarpsborg har som mål å være en spennende arbeidsplass som legger vekt pågode resultater til beste for brukerne, og utviklingsmuligheter
NAV Sarpsborg - 2018-12-01 - unspecified

Vernepleiar - 80 til 100 % fast stilling -

 Selje kommune ønskjer fleire miljøterapeutar/miljøarbeidarar på laget, og søkjer difor etter nye medarbeidarar til 6 nybygde omsorgsbustader/burettslag i Selje sentrum. Du vil yte tenester til aktive unge vaksne, med utviklingshemming.Pleie og omsorg har årsturnus, og du vil arbeide i 2 eller
Selje kommune Pleie og omsorg - 2018-12-07 - unspecified

Vikariat som førsteamanuensis innen mattrygghet (mikrobiologi) -

Jobbnorge ID: 161709Om stillingenVed Institutt for mattrygghet og infeksjonsbiologi, Veterinærhøgskolen, er det ledig et 2,5-årig vikariat i 100 % stilling som førsteamanuensis i mattrygghet (mikrobiologi) med mulighet for forlengelse. Stillingen er tilknyttet seksjon for mattrygghet. Den som tilsettes
Norges miljø- og biovitenskapelige universitet (NMBU) - 2018-12-14 - unspecified

Vil du gi våre privatkunder en trygg økonomisk fremtid? -

Brenner du for de gode kundeopplevelsene og vil sørge for at privatkunder får den beste helhetlige rådgivningen i bransjen?Danske Bank er i vekst og har nylig sikret seg flere partnerskapsavtaler med anerkjente aktører, som gjør at mange nye kunder kommer til banken jevnlig. Detat vi har behov for
DANSKE BANK - 2018-12-01 - unspecified

 
 
nettstedet generert i 0.41817402839661 sekunder