Job Stipendiat i universitetspedagogikk unspecified Universitetet i Bergen - jobbtilbud
reference: 12091903000297
documentId: 12091903000297
connectionPointId: 261
Stillingstittel: Stipendiat i universitetspedagogikk
Stillingsbeskrivelse:
Jobbnorge ID: 165983
UiB - Kunnskap som formar samfunnet
Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.
Vil du vere med å forme framtida?
Video: https://www.youtube.com/watch?v=0E0cOZpZQXY
Stipendiat
Ved Institutt for pedagogikk, Det psykologiske fakultet er det frå 1. august 2019 ledig ei stilling som stipendiat i universitetspedagogikk. Stillinga er for ein åremålsperiode på fire år.
Om prosjektet/arbeidsoppgåver:
- Universitetet i Bergen vil vidareutvikle universitetspedagogikk både lokalt og nasjonalt gjennom å rekruttere talentfulle forskarar til feltet.
- Stipendiaten vil ha eit spesielt ansvar for å forske på tiltak som er satt i gang ved universitetet for å betre studentar sitt læringsutbytte, då særleg med omsyn til redesign av undervisningsemne og bruk av alternative vurderingsformer.
- Hovudfokus vil ligge på analyse og evaluering av pågåande arbeid knytt til redesign av vurderingsmetodar for emne ved ulike fakultet ved Universitetet i Bergen.
- Arbeidet vil også kunne omfatte tiltak knytt til redesign av undervisningsprogram som stipendiaten, i samråd med rettleiar og andre, sjølv tar initiativ til.
- Stipendiatprosjektet vil såleis fokusere på spørsmål rundt undervisning og læring eller utdanningsutvikling i høgare utdanning, og då særskild redesign av emne som involverer innovative vurdering og andre læringsstrategiar innan følgjande område:
- Alternative vurderingsformer;
- Vurdering for/som læring;
- Blanda læring og andre digitale læringsmetodar;
- Andre relaterte område.
- Rettleiing vil bli gitt av førsteamanuensis Robert Gray.
- Rettleiar har utarbeida eit grunnlagsdokument for prosjektet. Dette finn du her eller ved å ta kontakt med førsteamanuensis Robert Gray (robert.gray (at) uib.no).
- Tilsettinga vil bli gjort på grunnlag av tidlegare utdanningsbakgrunn og akademiske arbeider, samt kvalitet og relevans av søknadsbrev og kort skisse til forskingsprosjekt.
- Når tilsetting er gjort, vil kandidaten utvikle ein detaljert prosjektplan for arbeidet i samarbeid med rettleiarane. Prosjektplanen må bli godkjent av Det psykologiske fakultet slik at kandidaten blir tatt opp i forskarutdanninga ved fakultetet.
Kvalifikasjonar og eigenskapar:
- Søkjarar må på søknadstidspunktet ha mastergrad eller tilsvarande i pedagogikk, utdanningsvitskap, instruksjonsteknologi, instruksjonsdesign eller liknande.
- Dokumentert erfaring frå universitetspedagogisk utviklingsarbeid kan vege opp for ein mastergrad frå eit anna fagfelt ein dei som er lista opp ovanfor.
- Det er normalt eit krav om karakter B eller høgare på masteroppgåva ved opptak til forskarutdanninga
- Søkaren må kunne jobbe sjølvstendig og på ein strukturert måte og ha evne til å samarbeide med andre.
- Søkaren må kunne nytte engelsk skriftleg og munnleg. Norsk og engelsk er dei vanlege språka i undervising. Internasjonale søkarar vil bli tilbudd norsk språkopplæring.
- Det er ei føremon med tidlegare erfaring og/eller dokumentert interesse i universitetspedagogisk utviklingsarbeid, instruksjonsdesign eller liknande.
- Det er ei føremon å kunne dokumentere gode forskareigenskapar og/eller kunnskap som dekker prosjektskildringa, til dømes gjennom masteroppgåva og/eller gjennom annan forsking/publikasjonar.
- Personlege eigenskapar vil bli lagt vekt på. Ambisjonar og potensial vil også telle ved vurdering av kandidatane
For stillinga gjeldt følgande:
Om stipendiatstillinga: Samla stipendperiode er 4 år, der 25 % av tida er pliktarbeid, knytt til undervisning ved program for universitetspedagogikk. Eksempel på pliktarbeid vil vere å bidra på/holde kurs i universitetspedagogikk, arrangere workshops, samt delta i konsulent- og komitéarbeid relevant for det universitetspedagogiske feltet. Om du tidlegare har vore tilsett i rekrutteringsstilling, kan det bli gjort frådrag i tilsetjingsperioden.
Om forskarutdanninga: Som stipendiat skal du delta i eit godkjent utdanningsprogram for ein ph.d.- grad innanfor ei tidsramme på 3 år. Ved vurdering av dine kvalifikasjonar til stillinga vil du også verte vurdert iht krava for opptak til den organiserte forskarutdanninga ved Det psykologiske fakultet.
Nærare om forskarutdanninga ved Det psykologiske fakultet her.
Vi tilbyr:
- Spennande og utviklande arbeidsoppgåver i et sterkt fagmiljø
- Løn etter lønssteg 51 (kode 1017 /LR20, alternativ 9) i det statlege lønnsregulativet. Dette utgjer for tida ei årsløn på kr 449 000 brutto. Vidare opprykk skjer etter tenesteansiennitet i stillinga. For søkjarar med spesialistutdanning kan høgare lønn bli vurdert.
- Medlemsskap i Statens pensjonskasse
- Gode velferdsordningar
Søknaden skal innehalde:
- Ei kort utgreiing om søkaren sine forskingsinteresser og erfaringar, samt motivasjon for å arbeide med universitetspedagogikk.
- Ei kort prosjektskildring (maks 4 sider inkludert referansar) der ein skildrar korleis ein vil utforme og utføre forskinga i dette prosjektet (val av teori og metodar) og forklarer kvifor ein er den beste kandidaten til å utføre denne forskinga.
- CV
- Namn og kontaktopplysningar til to referansepersonar, ein av desse bør vere hovudrettleiaren frå masteroppgåva eller tilsvarande oppgåve.
- Karakterutskrifter og vitnemål (all høgare utdanning).
- Søkarar med utanlandsk utdanning må leggje ved sertifisert omsetjing til engelsk eller skandinavisk dersom originalvitnemålet og karakterutskriftene ikkje er på eit av desse språka. Søkarar må i tillegg legge ved NOKUT si generelle godkjenning av høgare utdanning. Me gjer merksam på at dette kan ta noko tid og at søknad om vurdering bør sendast så snart ein veit ein vil søkje stipendiatstillinga. Dersom ein ikkje har fått svar innan søknadsfristen, legg ein ved dokumentasjon frå NOKUT om at dei har mottatt søknaden. Nokon utdanningar frå dei nordiske landa kan bli automatisk godkjent, sjå NOKUT.
- Relevante attestar.
- Eventuell liste over vitskaplege arbeid (publikasjonsliste).
- Eventuelle andre relevante publikasjonar.
Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i JobbNorge. Vi gjer merksam på at søknader vert vurdert med den informasjonen og dei vedlegg som er knytt til søknaden i JobbNorge når søknadsfristen går ut. Det er søkjar sitt ansvar å sørgje for at all informasjon er lagt inn innan fristen.
Det er særs viktig at kvart av vedlegga som det skal takast omsyn til ved vurdering i sin heilskap vert lasta opp som vedlegg til søknaden.
Generell informasjon:
Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:
- Førsteamanuensis Robert Gray, Institutt for pedagogikk, e-post: Robert.Gray (at) uib.no, tlf.: 55584847
Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.
Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar. Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.
Nærare om tilsettingsprosessen her.
Livet som ph.d.-kandidat ved UiB
Astrid Nybø forteller om livet og arbeidshverdagen som ph.d.-kandidat ved UiB.
Video: https://www.youtube.com/watch?v=Eo3Z63yzkKA&list=PLf8ZIYfAO0qjhROTj6SthDbSScg0lSO6G&index=5
Se annonsen og søk på stillingen www.jobbnorge.no
numberOfPosts: 1
jobCategoriesCodes_0: http://data.europa.eu/esco/isco/C2310
abstractJV_contact_0: See jobabstractJV_description
positionTypeCode: contract
Arbeidsgiver Navn: Universitetet i Bergen
source: NAV
Similiar jobbtilbud
Analytiker - Statsbygg hovedkontor -
Presentasjon av stillingen:Avdeling for Rådgivning og tidligfase utreder beslutningsgrunnlag for konseptvalg, bistår statlige institusjoner med strategiske utviklingsplaner, utreder lokalisering, utvikler statlige eiendommer for ny bruk og bistår med rådgivning når staten leier i det private markedet.
Statsbygg - 2019-01-17 - unspecified
Are you ready for an Italian adventure? -
Are you a capable salesperson who speaks fluent Italian, English and perhaps a little Norwegian? Montel are looking to make a dent in the Italian market, and they seek a motivated individual to join their force.About the roleYour role as a salesperson for Montel will constitute of a mix of exciting client
Academic Work AS - 2018-12-07 - unspecified
Driftsteknikar Atlanten videregående skole -
Bygg- og eigedomsavdelingaBygg- og eigedomsavdelinga i Møre og Romsdal fylkeskommune har ansvar for forvaltning, drift, vedlikehald og utvikling av fylkeskommunen si eigedomsmasse. Eigedomsmassen består i hovudsak av vidaregåande skolar med eit samla bruttoareal på om lag 215.000 m2.Opplysningar
Atlanten videregående skole - 2018-12-14 - unspecified
Er du en erfaren Prosjektplanlegger med gode koordinerings, -og samarbeidsegenskaper? -
Arbeidsoppgaver og ansvarsområderAnsvarlig for å ivareta oppgaven og bistå prosjektleder innen planlegging av prosjekter i henhold til gjeldende arbeidsprosesser og standarder.Ansvarlig for å innhente fremdrift og utarbeide nødvendige rapporter.Ansvarlig for å analysere fremdrift i plan og tidlig
Experis AS - 2019-02-03 - unspecified
Er du psykolog og ønsker å arbeide med hjelp til selvhjelp på ledernivå? Ved Støttesenter mot incest og seksuelle overgrep Oslo er det ledig stilling som nestleder. -
Hovedarbeidsområder nestleder· Organisere og koordinere støttesenterets hjelpetilbud· Holde senteret orientert om nyeste forskning, statistikk og fagkunnskap på feltet· Konsultasjon og veiledning av personalgruppen· Delta i det miljøterapeutiske brukertilbudet· Utvikle og ivareta samarbeid med
Støttesenter mot incest - 2019-02-01 - unspecified
Er sommerjobben på plass? Vi har behov for sykepleiere i nærheten av Oslo -
Vi i Manpower Helse ønsker å komme i kontakt med deg som er autorisert sykepleier og som ønsker å jobbe 100% dag/aften eller natt i juni, juli og/eller augustDet er fordel om du har erfaring fra hjemmetjenesten, men det er ikke et absolutt krav.Kompetansekrav:Du har norsk autorisasjon som sykepleierDu
MANPOWER AS - 2019-02-27 - unspecified
Fagarbeidar - 100 % fast stilling -
Vi har ledig stillingar som fagarbeidar innan pleie og omsorg. Selje kommune ønskjer fleire miljøterapeutar/miljøarbeidarar på laget, og søkjer difor etter nye medarbeidarar til 6 nybygde omsorgsbustader/burettslag i Selje sentrum. Du vil yte tenester til aktive unge vaksne, med utviklingshemming.Pleie
Pleie og omsorg - 2018-12-07 - unspecified
Graduate Application Administrator -
Aker Solutions is on an exciting journey to transform and digitalize the company. IT and Information Management are fundamental to this change as they provide the operational link to vital client projects. Engineers who understand the challenges and possibilities of new technology and how it creates
AKER SOLUTIONS AS - 2019-01-25 - unspecified
Har du erfaring med bruk av elektronisk måleutstyr? - Forsvaret -
Presentasjon av stillingen: Forsvarets laboratorietjeneste (FOLAT) er på jakt etter en selvstendig og iniativrik servicelektroniker med fagbrev til måleutstyrslaboratoriet. Har du erfaring i bruk av elektronisk måleutstyr, er det kanskje deg vi ser etter. FOLAT driver kalibreringstjenester, EMC-
Forsvaret - 2018-12-14 - unspecified
Har du lyst og evne til å skape gode kundeopplevelser for en av verdens sterkeste merkevarer? -
Til vår Toyota-avdeling på Finnsnes søker vi nå:KLARGJØRER OG BILUTLEIER (SAMLET STILLING)Vår visjon er å skape gode opplevelser for våre eksisterende og fremtidige kunder. Jobben passer for deg som liker å jobbe med biler og mennesker samtidig som man har god kontroll og trives i en hektisk
HARILA AS - 2019-01-10 - unspecified
Helsefagarbeider ved hjemmebaserte tjenester, helgestilling -
Kort om stillingenHjemmebaserte tjenester har ledig en 20 % fast helgestilling som helsefagarbeider. Stillingen er ledig fra 01.04.2019.Om ossHjemmebaserte tjenester er en av 13 virksomheter i Røros kommune. Virksomhetens mål er å legge til rette for og gi bistand, slik at innbyggerne kan bo lengst
Røros kommune - 2019-03-16 - unspecified
Helsesykepleier skolehelsetjenesten - Oslo kommune, Bydel Ullern -
Seksjon for helsestasjon og skolehelsetjeneste skal styrke skolehelsetjenesten med 2 helsesykepleiere. Skolehelsetjenesten er et godt og velorganisert team som støtter og veileder hverandre, men som også må jobbe selvstendig på den enkelte skole.Skolehelsetjenesten er er en del av bydelens Kultur-
Oslo kommune, Bydel Ullern - 2019-02-27 - unspecified
Hjelpearbeider anlegg -
For kunde søker vi hjelpearbeidere til anlegg i Sande i Vestfold. Vi ser etter folk som trives med fysisk arbeid, naturlig initiativtaker og er selvgående.ArbeidsoppgaverRydding, måking og forefallende arbeid på anleggsområdetArbeidstid07:00 - 15:00Ønskede kvalifikasjonerFysisk sterk, Nordisk språkPersonlige
ASKO OSLOFJORD AS - 2019-02-15 - unspecified
HVAC Engineer -
For en av våre kunder søker vi etter en HVAC EngineerArbeidsoppgaver:Design og testing av HVAC produkter og systemer.Utarbeide og verifisere teknisk dokumentasjon.Produksjonsoppfølging.Samkjøre HVAC disiplin på tvers av leveranser i prosjekt.Support under installasjon og commissioning fasen.Teknisk
ENGINEERING CONSULTANTS NORWAY AS - 2018-12-14 - unspecified
InfoCare søker Senior Business Controller -
Infocare har kontinuerlig fokus på å jobbe smartere. Dette har ikke bare med kostnader å gjøre, men også fordi det er med på å utnytte de ansattes potensiale bedre, øke motivasjonen, samt å få enda mer fornøyde kunder. Vår nye Senior Business Controller vil ha en helt naturlig plass i dette
INFOCARE SERVICES NORGE AS - 2019-01-29 - unspecified
Lærar vikariat -
Ansvar og arbeidsoppgåver:Undervisning.Storebø skule er ein barneskule som ligg midt på Storebø. Det er vel 300 elevar og ca. 50 tilsette ved skulen.Vi ser gjerne at du har:Utdanning:Godkjent lærarutdanning.Anna/personlege eigenskapar:Kunnskap om og evner til god klasseleiing. Gode samarbeidsevner.Fleksibel
Austevoll kommune - 2018-11-30 - unspecified
Lærlingar -
Me søkjerVil du bli lærling i Time kommune?Me søkjer etter lærlingar i faga:Barne- og ungdomsarbeidarHelsefagarbeidarInstitusjonskokkIKTDu er velkomen som lærling i Time kommune. For at du skal trivast fagleg og sosialt, vil me leggja til rette for:Læreplass etter ønskjeGode læretilhøveFast
Time kommune - 2019-01-17 - unspecified
Lege i spesialisering Ortopedi - Ortopedisk avdeling, Sykehuset Levanger -
Ortopedisk avdeling Levanger har 8 stillinger for overleger og 7 stillinger for LIS3. Avdelingen er godkjent som utdanningsinstitusjon for gruppe II tjeneste. Den dekker det meste av det ortopediske fagfelt inkludert artroskopisk kirurgi, protesekirurgi, ryggkirurgi, hånd- og fotkirurgi, barneortopedi
Klinikk for kirurgi - 2019-02-26 - unspecified
MEF søker rådgiver/fagsjef i Region Vest -
Stillingen som rådgiver/fagsjef er nyopprettet og rapporterer til Regionsjef. Stillingen inngår i Region vest som består av Nord-Rogaland, Hordaland, Sogn og Fjordane med regionskontor i Bergen, samt to opplæringskontorer (OKAB), ett for Nord-Rogaland og Hordaland, og ett for Sogn og Fjordane.Stillingen
MASKINENTREPRENØRENES FORBUND - 2019-01-05 - unspecified
Miljøarbeider - Mailand videregående skole -
Ønsker du å arbeide for at elever skal ha et trygt og godt skolemiljø?Mailand videregående skole har ledige stilling for miljøarbeider.Mailand er en kombinert skole med ca. 900 elever i skoleåret 2019/2020. Skolen ligger sentralt i Lørenskog sentrum og har nærhet til offentlig kommunikasjon.
Akershus fylkeskommune - 2019-03-05 - unspecified
Personalhuset søker dyktige kantineassistenter i Mo i Rana -
For spennende kunder med høyt tempo - god mat - og fornøyde gjester søker vi flere personer som kan tenke seg å jobbe innen kantine. Vi har behov for vikarer til korte og lange oppdrag gjennom hele året.Vi ser etter personer som er fleksible og kan tiltre på kort varsel. Arbeidstid dag.ArbeidsoppgaverLage
PERSONALHUSET STAFFING GROUP AS - 2018-12-18 - unspecified
Prosjektingeniør - Bygg -
For en av våre kunder i Oslo søker vi en engasjert prosjektingeniør med kunnskaper innen byggfag.Som prosjektingeniør vil du blant annet følge opp arbeidet til gulvlegger, maler osv. på byggeplassen.Det kreves utdanning fra høgskole med relevante fag (helst med byggteknisk fagretning, gjerne byggingeniør).
INGENIØRCOMPAGNIET AS - 2019-03-05 - unspecified
Rektor Husabø skole -
Husabø skole søker rektor fra 01.08.2019. Husabø skole er en sentrumsnær skole som nettopp har feiret 60 år jubileum. Til tross for sine 60 år framstår den som moderne og framoverlent.Skolens motto er Trivsel og vekst i et fargerrikt fellesskap, som gjenspeiler at 330 elever fra mer enn 20 nasjonaliteter
Eigersund kommune - 2019-02-21 - unspecified
Renholder -
For en av våre kunder søker vi en dyktig renholder. Tidligere erfaring fra renhold er ikke et krav, men en stor fordel. Det viktigste er at du er arbeidsom og effektiv.ArbeidsoppgaverDaglig renhold av fabrikklokalerØnskede kvalifikasjonerDu må snakke flytende Norsk eller EngelskErfaring fra renhold
ETERNI NORGE AS - 2018-12-17 - unspecified
Sjukepleiar 100% fast stilling på Luranetunet -
Vi har ledig 100% sjukepleiarstilling på avdeling SolheimStillinga er i ordinær turnus med langvakter kvar 4 helgAvdeling Solheim er ein avdeling med 20 plasser for personer med sjukdommen demens.Vi har 6 avdelingar for pasientar med sjukdommen demens. Alle demensavdelingane våre jobbar personsentrert,
OS SJUKEHEIM - 2019-02-26 - unspecified
Sjukepleiar - Medisinsk sengepost - Volda sjukehus - Helse Møre og Romsdal HF -
Klinikk for medisin og rehabilitering - Medisinsk avdeling Volda - Medisinsk sengepost VoldaVolda sjukehus er ein av dei største arbeidsplassane i Volda kommune saman med høgskulen. Det er korte avstandar til dei andre bygdene/byane på Søre Sunnmøre og i Nordfjord og såleis har vi ein bu- og arbeidsmarknadsregion
Helse Møre og Romsdal HF - 2018-12-14 - unspecified
Sjukepleiarar i heimetenesta (50% og 100%) -
Det blir ledig to faste stillingar med ordinære sjukepleieoppgåver etter brukars behov. Stillingane har dag- og kveldsarbeid samt arbeid tredje kvar helg.100% stilling ledig frå 01.11.19.50% stilling ledig frå 01.01.19.Krav til stillinga:Offentleg godkjend sjukepleiarØnskjeleg med vidareutdanning
VÅGÅ KOMMUNE HEIMETENESTENE - 2018-12-14 - unspecified
Søker etter sveiser /platearbeider -
Arbeidsoppgaver: Arbeidsoppgavene vil hovedsaklig bestå av produksjon av forskjellige stålkonstruksjoner på verksted, samt montering ute hos kunde.Ønskede kvalifikasjoner : Allsidig og omgjengelig faglært sveiser/platearbeider med erfaring fra lignende arbeid. Lang erfaring innenfor faget, kan oppveie
GUSTAVSEN & SLEMDAL AS - 2018-12-14 - unspecified
Sushi Point Harstad søker servitør! Deltid og Heltid -
unspecified
SUSHI POINT HARSTAD AS - 2019-01-03 - unspecified
Sykepleier, 60% fast, Vestby sykehjem -
Vestby sykehjem søker sykepleier til 60 % fast stilling i turnus til kortids-/ langtidsavdeling Vestby sykehjem er et kommunalt sykehjem med 96 plasser fordelt på kort- og langtidsavdelinger og to demensenheter. Det er ti bogrupper, fordelt på fire avdelinger, med åtte til ti enerom
Sykehjem - 2018-12-14 - unspecified