Job Stipendiat i medievitenskap unspecified UiB, Det Samfunnsvitenskapelige Fakultet - jobbtilbud

GJELDER
id: MTIwOTE5MDUwMDA1MDggMjYx

reference: 12091905000508

documentId: 12091905000508

connectionPointId: 261

Stillingstittel: Stipendiat i medievitenskap

Stillingsbeskrivelse:

Jobbnorge ID: 170763

UiB - Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Video: https://www.youtube.com/watch?v=0E0cOZpZQXY

Stipendiat

Ved Institutt for Informasjons- og medievitskap, Universitetet i Bergen, er det ledig ei treårig stilling som stipendiat i medievitskap. Stillinga er knytt til prosjektet Digitox: Intrusive media, ambivalent users and digital detox, finansiert av Norges forskningsråd.

Om prosjektet/arbeidsoppgåver:

Om prosjektet:

Digitox-prosjektet analyserer digital fråkopling og aktuelle spørsmål knytt til omfattande bruk av digitale medium i samfunnet. På få år har det skjedd store forandringar i korleis vi kommuniserer og opprettheld sosiale nettverk, og digitale medium presenterer oss for stadig nye dilemma om kva som er god mediebruk. Mens mange studiar fokuserer på dei positive sidene ved digitale medium, vektlegg Digitox-prosjektet ambivalens, motstand og forsøk på fråkopling. Prosjektet nyttar tverrfaglege innsikter frå medievitskap, spillstudiar og psykologi for å undersøkje digitale medium og deira rolle i folks liv.

Digitox-prosjektet er eit samarbeid mellom fleire forskingsinstitusjonar, med Trine Syvertsen ved UiO som prosjektleiar. Eit delprosjekt om mediebrukarar, som stipendiaten skal ta del i, vert leia av Brita Ytre-Arne ved UiB. Den som vert tilsett skal arbeide i Bergen og vil bli medlem av Forskingsgruppa for mediebruk og publikumsstudiar ved UiB, ei aktiv gruppe med stort internasjonalt kontaktnett, variert prosjektportefølje og eit stimulerande miljø for unge forskarar.

Arbeidsoppgåver:

Stipendiaten skal undersøkje mediebrukarar og deira erfaringar med digital fråkopling, med fokus på ambivalensar, strategiar, opplevingar, dilemma, normer or motstand knytt til digitale medium i kvardagen. Stipendiaten skal utforme eit sjølvstendig og kreativt forskingsprosjekt som er egna til å belyse brukarerfaringar empirisk, og bidra til teoriutvikling i Digitox-prosjektet. Aktuelle metodar kan til dømes vere kvalitative intervju, dagbøker, fokusgrupper, eksperiment, tracking og loggdata. Aktuelle tema eller casestudiar kan til dømes vere:

  • Individ, familiar, arbeidsplasser eller studentgrupper som tar del i digital detox
  • Erfaringar med påtrengjande digitale medium i ulike situasjonar
  • Ambivalens, medienostalgi, fråkopling og forsøk på tilbaketrekking
  • Dilemma knytt til skjermbruk i skulen, arbeidslivet eller familien
  • Organisering av detox-eksperiment
  • Ikkje-bruk av sosiale medium eller smarttelefon
  • Erfaringar med applikasjonar for sjølvhjelp og tidsstyring for digitale medium
  • Politisk motivert mediemotstand og aktivisme

Søkjarar vert oppmoda om å ta kontakt med Brita Ytre-Arne (Brita.Ytre-Arne (at) uib.no) for å få prosjektplanen for Digitox-prosjektet, og nytte denne i utforminga av skisse til doktorgradsprosjekt. Vurderinga av skissene vil leggje vekt på kreative og nyskapande perspektiv, og på teoretiske og empiriske ambisjonar. Omfang og utforming av dei ulike delane av arbeidet bør bli grunngjeve ut frå konkrete forskingsspørsmål. Etter tilsetjing vert skissa vidareutvikla saman med rettleiar og prosjektleiar.

Lenke til forskingsgruppa si nettside: https://www.uib.no/fg/mediebruk

Lenke til prosjektnettsida: https://www.hf.uio.no/imk/forskning/prosjekter/digital-frakobling/

Kvalifikasjonar og eigenskapar:
  • Mastergrad i medievitenskap, medier og kommunikasjon, digital kultur, psykologi, sosiologi, sosialantropologi eller tilsvarande. Søkjarar som har levert masteroppgåva ved søknadstidspunkt kan søkje. Det er ein føresetnad at mastergraden er oppnådd før tilsetjing kan skje.
  • Minstekravet for søkjarane skal normalt vere B, eller betre, både på masteroppgåva og for mastergraden som heilhet.
  • Erfaring frå vitskapeleg arbeid er ei føremon. Kandidaten må ha stor motivasjon for forsking, interesse for tematikken i prosjektet, og innsikt i relevante teoriar og metodar.
  • Kandidaten må kunne arbeide sjølvstendig og strukturert, og må ha gode samarbeidsevner.
  • Gode kunnskapar i engelsk er ein føresetnad. Kunnskapar i norsk eller andre skandinaviske språk kan vere ei føremon.

Aktuelle kandidatar vil bli innkalla til intervju i august.

For stillinga gjeldt følgande:

Om forskarutdanninga: Som stipendiat skal du delta i forskarutdanninga ved UiB. Utdanninga har ein normert tidsramme på 3 år, og leiar fram til ein ph.d.-grad. For opptak må du ha fullført mastergrad. Omfanget av utdanningsbakgrunnen må minst svare til femårig, norsk masterutdanning, inklusive ein toårig mastergrad som omfattar ei masteroppgåve.

Om prosjektet: Kortfatta prosjektskildring (5-8 sider) skal ligge føre saman med søknaden. Prosjektskildringa skal gjere greie for tema, problemstillingar og val av teori og metode. Skildringa skal innehalde framdriftsplan for dei ulike delane av forskingsarbeidet. Ved tilsetjing vil prosjektskildringa vere grunnlaget for opptak til forskarutdanninga.

Vi tilbyr:
  • Løn etter lønssteg 51 (Lpl.17.515, st. kode 1017) ved tilsetjing. Dette utgjer ei årsløn på kr.449 400,- brutto. Vidare opprykk skjer etter tenesteansiennitet i stillinga
  • Godt fagleg og sosialt miljø med høg kvalitet på forsking og undervising
  • Medlemskap i Statens pensjonskasse
  • Stilling i ei inkluderande arbeidslivsverksemd (IA-verksemd)
  • Gode velferdsordningar
Søknaden skal innehalde:
  • Kort utgreiing om søkjaren sine forskingsinteresser og motivasjon for å søkje stillinga
  • Namn og kontaktopplysningar til to referansepersonar. Ein av desse må vere hovudrettleiaren frå masteroppgåva eller tilsvarande oppgåve.
  • Prosjektskildring
  • CV
  • Karakterutskrifter og vitnemål for bachelor- og mastergrad
  • Relevante attestar
  • Eventuell liste over vitskaplege arbeid (publikasjonsliste)
  • Eventuelle publikasjonar
  • Dersom du har mastergrad frå utanlandsk lærestad, eller 2-årig disiplinbasert mastergrad (eller tilsvarande) innan eit anna fagområde enn du vil bli knytt til, kan du verte bedne om å sende inn ein oversikt over pensum til den mastergraden du har oppnådd

Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastas opp i Jobbnorge via link på denne sida <<Søk på jobben>>.

Rettleiing for søkjarane til stipendiatstilling kan ein finna på websida http://www.uib.no/svf/forskning/forskerutdanning-ved-det-samfunnsvitenskapelige-fakultet/opptak-til-forskerutdanningen/stipendiatstillinger-ved-uib eller ved å vende seg til post (at) svfa.uib.no.

Søknaden må merkas: 19/6033

Søknadsfrist: 2. august 2019

Søknader utan prosjektskisse eller søknader som vert sendt på e-post vil ikkje verte vurderte. Berre vedlagte dokument vil bli lagt til grunn for sakkyndig vurdering.

Generell informasjon:

Nærare opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til førsteamanuensis Brita Ytre-Arne, e-post Brita.Ytre-Arne (at) uib.no, eller telefon 909 32 844.

Praktiske spørsmål kring søknadsprosessen kan rettast til seniorkonsulent Bodil Hægland, e-post: bodil.hagland (at) uib.noeller tlf. 55 58 90 53.

Den som vert tilsett vil bli tatt opp i fakultetet si forskarutdanning. Nærare opplysningar om forskarutdanninga kan ein finna på http://link.uib.no/?TnwW. Eventuelle spørsmål om forskarutdanninga kan rettast til seniorkonsulent Hanne Gravermoen, e-mail: hanne.gravermoen (at) uib.no, telefon: +47 55 58 90 68.

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er difor eit personalpolitisk mål å få ei balansert alders- og kjønnssamansetning og rekruttere personar med innvandrarbakgrunn. Personar med innvandrarbakgrunn og nedsett funksjonsevne vert oppmoda om å søkje stillinga.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Livet som ph.d.-kandidat ved UiB

Astrid Nybø forteller om livet og arbeidshverdagen som ph.d.-kandidat ved UiB.

Video: https://www.youtube.com/watch?v=Eo3Z63yzkKA&list=PLf8ZIYfAO0qjhROTj6SthDbSScg0lSO6G&index=5

Se annonsen og søk på stillingen www.jobbnorge.no

PAM



numberOfPosts: 1

jobCategoriesCodes_0: http://data.europa.eu/esco/isco/C2310

abstractJV_contact_0: See jobabstractJV_description

contractTypeCodes_0: fulltime

Arbeidsgiver Navn: UiB, Det Samfunnsvitenskapelige Fakultet

source: NAV

GJELDER

Similiar jobbtilbud

Avdelingsleiar - Amalie Skram vgs -

Amalie Skram vgs har ledig 100 % fast stilling som avdelingsleiar frå hausten 2019. Avdelingsleiar inngår i skulen sitt leiarteam og rapporterer direkte til rektor. Hordaland fylkeskommune satsar mykje på leiarane og tilbyr leiaropplæring som skal utvikle og stimulere både nye og meir erfarne leiarar.ArbeidsoppgåverAvdelingsleiar
Hordaland fylkeskommune - 2019-04-17 - unspecified

Barnehagelærere søkes -

Vi søker etter to barnehagelærere til vår avdeling Soria Moria. Her er det 16 barn i alderen tre og fire år.Vi ønsker oss personer med følgende kvaliteter:tar barns medvirkning på alvorhar god lekekompetanse og gir rom for lek på barnas premisserhar et godt overblikk og ser hvert enkelt barner
COLLETTLØKKA BARNEHAGE SA - 2019-01-29 - unspecified

Borregaardarbeidernes Feriehjem søker etter vaktmester -

Borregaardarbeidernes Feriehjem søker etter vaktmesterVelkommen til Borregaardarbeidernes Feriehjem. Det ligger midt i Skjebergkilen, litt skjermet av Kjerringholmen. Stedet er populært som campingplass og som offentlig badestrand for Sarpsborgs befolkning.Vi tilbyr utleie av hytter og campingplasser.
BORREGAARDSARBEIDERNES FERIEHJEM - 2019-04-17 - unspecified

Buyer -

In DeepOcean our people make the difference. When it comes to solving new subsea challenges, we are proud of the passion, eagerness and engagement shown by our colleagues. DeepOcean's approach is hands on, operational, and innovative.  To be a part of our team is exciting and gives each and everyone
DeepOcean Management - 2019-01-19 - unspecified

Digital merkevaresjef, Obs -

Obs er på en spennende reise for å styrke sin posisjon, sikre lønnsom vekst i markedet og vinne enda flere kundehjerter i et stadig mer fragmentert mediemarked. Nå søker vi en særdeles dyktig og driftig markedsfører med digital kompetanse til Obs for ett års vikariat - er det deg?Hovedansvarsområder
COOP NORGE INDUSTRI AS - 2019-01-06 - unspecified

Ergo- / fysioterapeut (2407-2019-06) - NAV Hjelpemiddelsentral Vestfold -

NAV Hjelpemiddelsentral er et ressurs- og kompetansesenter for tilrettelegging og formidling av tekniske hjelpemidler, samt tolk for døve og døvblinde. På landsbasis har Hjelpemiddelsentralene rundt 1300 medarbeidere fordelt på 17 regionale enheter og en styringsenhet.NAV Hjelpemiddelsentral Vestfold
NAV Hjelpemiddelsentral Vestfold - 2019-05-01 - unspecified

Ergoterapeut -

Org. nr: - Stillingsident: 4099376063 Presentasjon av stillingen:Habiliterings- og rehabiliteringstjenesten sin visjon er <>. Habiliterings- og rehabiliteringstjenesten i Arna og Åsane har totalt 30 stilinger fordelt på fire grupper.Tjenesten har som mål å fremme helse, forebygge, habilitere,
FYSIO-/ERGOTERAPITJENESTEN ÅSANE - 2019-06-19 - unspecified

Fastlegeheimel vikariat medio mai 2019 og i inntil 1 år - Legetenester, psykiatri- og rustenester -

Sogndal kommune - Bli med på laget - Auka trivsel og fleire innbyggjarar er hovudmålet for kommunen. Regionsenteret i Indre Sogn har vel 8 000 innbyggjarar og i skuleåret har bygda omlag 2 000 studentar og skuleelevar. Sogndal kommune har storslått natur, med høge toppar, djupe fjordar og vakre
Sogndal kommune - 2019-04-16 - unspecified

HELSEFAGARBEIDER 75% FAST STILLING -

Helsefagarbeider 75% fast stillingOm sykehjemmetBergen Røde Kors Sykehjem holder til i trivelige lokaler i ytre Sandviken i Bergen. Vi har svært gode bussforbindelser, og bussturen til Bergen sentrum er på cirka 10 minutter. Våre ansatte har gratis parkering, og Kafé Hellen tilbyr kalde og varme
Bergen Røde Kors Sykehjem - 2019-01-05 - unspecified

Historieforteller med grafisk og digital kompetanse -

Presentasjon av stillingen: Kulturtanken skal forvalte og utvikle Den kulturelle skolesekken for framtiden, og opprettholde og videreutvikle Norge som foregangsnasjon for profesjonell kunst og kultur til barn og unge.Vil du bidra til å utvikle fremtidens kunst og kultur for barn og unge? Gjennom DKS-ordningen
Avdeling for kommunikasjon og samfunnskontakt, Kulturtanken - 2019-03-06 - unspecified

Kontaktlærer-Grorud skole trinn 4-7 -

SAMHOLD - OMSORG - TOLERANSE Vi planlegger høsten 2019 og trenger flere dedikerte og dyktige lærere med på laget! Grorud skole er en 1-7 skole med 360 elever og 50 ansatte. Skolen ligger i hjertet av Grorud bydel og vi har kort vei til både Oslomarka og til T-bane og buss. Vi har en flott elevgruppe
Oslo kommune, Utdanningsetaten - 2019-02-01 - unspecified

Kreditt kontroller / Executive Credit Control -

Skuld's strategi bygger på innovasjon og vekst, og når vi nå i større grad fokuserer på nye produkter og markeder i tillegg til intern vekst, ser vi behovet for en ny Kreditt kontroller/Executive Credit Control til vårt team i Oslo. I denne rollen vil du være del av et team som i tråd med Skuld's
Assuranseforeningen Skuld (Gjensidig) - 2018-12-18 - unspecified

Kvalitetsleder søkes -

Notodden flyplass er i en oppgraderingsfase og arbeider med en rekke ulike prosesser for en endret driftgodkjenning. En del prosessen innebærer blant annet overgang fra nasjonalt regelverk til felleseuropeisk regelverk EASA. I tillegg til de øvrige daglige oppgavene vil Kvalitetssjefen ha en sentral
Notodden Lufthavn AS - 2019-03-30 - unspecified

Møtebooker søkes til merkeforhandler i Hokksund -

ArbeidsoppgaverRinge kunder og booke time for service, PKK (EU kontroll), prøvekjøring ny og brukt bilArbeidstidEtter avtaleØnskede kvalifikasjonerBør ha interesse/erfaring fra bilGod erfaring fra å jobbe på telefon, erfaring fra oppsøkende salgMå beherske norskPersonlige egenskaperSelgende vesen
CBA FAGFORMIDLING AS - 2019-06-14 - unspecified

Nordisk produktspecialist -

POA Pharma Scandinavia söker kollega till NorgeVilka är vi?POA Pharma Scandinavia är ett Boutique Health Care företag med verksamhet i Norden och USA. Vi representerar 15 läkemedelsproducenter från 11 länder inom 9 kompetensområden.Inom orådet Metabola sjukdomar finns vi representerade med egna
POA PHARMA SCANDINAVIA AB - 2019-02-01 - unspecified

PPT-Rådgiver - 2 stillinger -

Jevnaker er en kommune i vekst og utvikling, strategisk plassert nær Hønefoss, Oslo og Gardermoen. Nye E16 og Ringeriksbanen er planlagt. Jevnaker er vertskommune for kunst- og kulturinstitusjonene Hadeland Glassverk og Kistefos-Museet, og har et rikt og aktivt kultur-, fritids- og idrettsliv. Veien
Jevnaker kommune - 2019-01-19 - unspecified

Regional Business Controller, Europe -

The position covers our Sales and New Ventures activities in Europe. As our Regional Business Controller you will be the lead finance person in one of our key Business Regions and support two highly qualified business teams. You will be part of the regional management teams and also be a part of the
PGS AS - 2019-04-17 - unspecified

Ressurstjenesten - helse og treningsterapeut -

StillingstypeDet er ledig 100 % permisjonsvikariat som helse- og treningsterapeut i ca. 15 måneder fra medio april 2019.Beskrivelse av arbeidsstedRessurstjenesten er enhet for psykisk helse og rus i Molde kommune.Enheten som helhet yter hjelp for å øke livskvalitet og mestringsevne for personer med
Molde Kommune - 2019-01-29 - unspecified

Restaurantsjef -

Org.nr.: Stillingsident: Presentasjon av stillingen :Vi søker etter restaurantsjef til vår Burger King restauranten på Kløfta.Restauranten ligger ved E6. Restauranten har ca100 sitteplasser. Restauranten er åpen 7 dager i uken og har30 ansatte.Stillingens ansvarsområder:Du må være 100% ansvarlig
BURGER KING AVD 5520 KLØFTA - 2019-05-21 - unspecified

Servicemedarbeider Renhold - Vardø, Finnmark -

ISS Facility Services AS er en del av et verdensomspennende, børsnotert Facility Management-selskap med 500.000 ansatte og hovedkontor i København, Danmark. I Norge er ISS markedsleder og driver utviklingen i bransjen av både teknologi- og tjenester. Selskapet har en ambisjon om kontinuerlig organisk
ISS FACILITY SERVICES AS - 2019-03-22 - unspecified

SharePoint & Office 365 Developer -

About the UnitYara is looking for a SharePoint & Office 365 Developer to strengthen business productivity and collaboration within Yara. The person will be responsible for development and a key contributor in the SharePoint Team within the Global Delivery Unit.Information Technology at Yara has embarked
Yara International ASA - 2019-02-05 - unspecified

Signalmontør søkes til Sporveien! -

Sporveien ønsker å være fundamentet i en grønn byutvikling, og vi vil gjøre kollektivtrafikk til innbyggernes naturlige førstevalg. Vi går inn i en spennende tid og trenger dyktige signalmontører. Vi søker deg som har faglig relevant kompetanse og et stort engasjement innen faget. Rollen byr
SPORVEIEN AS - 2019-03-16 - unspecified

Strukturert og engasjert vaktmester søkes -

Vi søker nytt medlem av vårt team som vil være en viktig brikke i vår leveranse av tjenester. Våre kunder har høye krav til oss og vi krever det samme av våre medarbeidere. Arbeidsoppgaver:· Forfallent arbeid på eiendommene· Typiske vaktmesteroppgaver (Snøbrøyting, gressklipping, feiing og
ServiceBedriften Myhre - 2018-12-08 - unspecified

Sykepleier 90-100 % fast på Pro Jessheim Øst - PRO Jessheim Øst 03 -

Stillingstype: Fast Arbeidstid: Turnus med arbeid hver 3. helgStillingsstørrelse: 1 sykepleierstilling i 90-100 % stilling ledig. Lønn: SKO 7174, gruppe 4.2.1 årslønn i 100% stilling fra kr. 386.200 til kr. 465.300 (etter ansiennitet)Tiltredelse: snarestArbeidssted: PRO Jessheim Øst i avdeling
Ullensaker kommune - 2019-03-07 - unspecified

Sykepleier rehabilitering Bråta Helse og aktivitetssenter - Bråta intermediær -

Har du lyst til å jobbe på arbeidsplass som har fokus på fag, tverrfaglighet, samarbeid og arbeidsmiljø, da er dette jobben for deg.På Bråta helse- og aktivitetssenter er det ledig et 70% svangerskapsvikariat i 1 år på vår rehabiliteringsavdeling. Avdelingen har 4 plasser og pasientene som kommer
Nedre Eiker kommune - 2018-12-14 - unspecified

Transrep søker kundemottaker -

Vi søker nå etter en serviceinnstilt, positiv og engasjert medarbeider som Kundemottaker . Arbeidssted er i Oslo.Dine arbeidsoppgaver vil i hovedsak bestå av:? Håndtere kundehenvendelser over disk, telefon, mail samt verksted tjenesterPlanlegge arbeidsplan for mekanikereUtarbeide tilbudAvlaste delelager
Transrep AS - 2019-01-08 - unspecified

Vi søker en smilende og positiv junior selger! -

Vi søker etter en smilende og positiv Junior selger til spennende og seriøs aktør! Som Junior selger har du ansvar for å sikre et godt forhold til kundene gjennom høflig og service innstilt holdning.Oppgaver:Besøke kunder i henhold til oppsatt besøksplanSelge varme drikker og tilbehør direkte
BEMANNINGSBYRAAET.NO TELEMARK AS - 2019-04-13 - unspecified

Vi søker etter kokker for snarlig tiltredelse -

Vi søker nå etter kokker. Vi er snart i mål med en omfattende ombygging, der vi også åpner ny restaurant. Vi søker kokker både for fast ansettelse, men også kun for sommersesong.Vår nye restaurant får ca 80 sitteplasser, og har frokost, lunsj og al a carte. I tillegg har hotellet selskapservering
COMFORT HOTEL VICTORIA FLORØ - 2019-05-29 - unspecified

Vil du være med å videreutvikle Norges utfordrerbank? -

Vil du være med å videreutvikle Norges utfordrerbank?Vi søker etter en medarbeider som er nysgjerrig, brenner for de gode kundeopplevelsene, og ønsker å utvikle seg selv og fremtidens bank.VIP Support i Oslo er en del av Cash Management i Danske Bank i Norge. Vi jobber på tvers av landegrensene
DANSKE BANK - 2019-03-12 - unspecified

 
 
nettstedet generert i 0.58098411560059 sekunder