Job Førsteamanunensis/universitetslektor i norsk/norskdidaktikk unspecified Universitetet i Stavanger - jobbtilbud
reference: 11651902000037
documentId: 11651902000037
connectionPointId: 261
Stillingstittel:
Førsteamanunensis/universitetslektor i norsk/norskdidaktikk
Stillingsbeskrivelse:
Jobbnorge ID: 164720
Om stillingane
Universitetet i Stavanger søkjer etter førsteamanuensis/universitetslektor i norsk/norskdidaktikk. Det lyses ut ein fast stilling, og eit vikariat for studieåret 2019/2020. Stillingane er ledig frå 01.08.19.
Fagområde for stillinga er språk- og tekstvitskaplege emne. Særleg aktuelle emne er språk- og tekststrukturar (grammatikk og tekstlingvistikk) og skriving/skriveutvikling. Andre norskfaglege og norskdidaktiske emne kan også vere aktuelle. Den som blir tilsett, må dokumentere faglege kvalifikasjonar som er relevante på ulike nivå i lærarutdanningane. Arbeidsoppgåvene er knytt til heile løpet i grunnskulelærarutdanningane - frå grunnutdanning til masterutdanning (og doktorgradsutdanning for førsteamanuensis).
Som førsteamanuensis vil du hovudsakeleg undervise og rettleie studentar på bachelor-, master- og doktorgradsnivå innanfor norsk/norskdidaktikk i grunnskulelærarutdanningane, forska og formidla forskningsresultat innanfor relevante forskningsområde ved instituttet, samt bidra til utvikling av samarbeid med arbeidslivet.
Som universitetslektor vil arbeidsoppgåvene vere undervisning, rettleiing og eksamensarbeid innanfor norsk/norskdidaktikk i grunnskulelærarutdanningane, samt administrative oppgåver.
Utvikling av varierte og digitale læringsmåtar i undervisninga, innovasjon og verdiskapning basert på resultat frå forskning og fagleg utviklingsarbeid, inngår i stillinga.
Den generelle stillingsomtala for undervisnings- og forskar personale ved UiS gir ei beskriving av aktuelle oppgåver for førsteamanuensis og universitetslektor.
Fagmiljø
Stillinga er organisatorisk knytt til Fakultet for utdanningsvitskap og humaniora, Institutt for grunnskulelærarutdanning, idrett og spesialpedagogikk. Informasjon om eininga kan ein finne på nettsidane våre.
Kvalifikasjonskrav
Vi søkjer etter førsteamanuensis med doktorgrad eller tilsvarande kompetanse innanfor fagområdet.
Søkjarar med spesialisering innanfor språk- og tekstvitskaplege emne eller skriving/skriveutvikling vert føretrekte, men søkjarar med spesialisering innanfor nærliggjande områder kan også vera aktuelle kandidatar.
For tilsetjing som universitetslektor må ein ha høgare grads eksamen innanfor språk- og tekstvitskaplege emne eller skriving/skriveutvikling og relevante forskingskvalifikasjonar utover mastergrads- eller hovudfagsnivå og/eller relevant yrkespraksis.
Du må kunna dokumentera pedagogisk og didaktisk kompetanse knytt til høgare utdanning, eller gjennomføra universitetspedagogisk kurs innan ein periode på to år frå tiltreding. Universitetet vil tilby kurset.
Arbeids- og undervisningsspråket er norsk. Du må meistre både bokmål og nynorsk.
Vidare vert det lagt vekt på at du har:
- ei reflektert og bevisst haldning til eige undervisnings- og rettleiingsarbeid
- evne til å involvera og engasjera studentane i undervisning kor utdanninga sine mål, innhald og vurderingssituasjonar heng nøye saman
- erfaring med og/eller interesse for utvikling og bruk av varierte læringsmåtar og digitale reiskaper i undervisninga
- formidla forskningsresultat i anerkjende norske og internasjonale publiseringskanalar, og at du kan visa til progresjon i forskning og publisering
- evne til å initiera, skaffa ekstern finansiering til, leia og gjennomføra større forsknings- og utviklingsprosjekt
- erfaring frå samarbeid med arbeidslivet
- evne til å byggja og ivareta nettverk - regionalt, nasjonalt og internasjonalt
- erfaring med nyskaping, innovasjon og kommersialisering av forsking
- høg arbeidskapasitet, er nysgjerrig og motivert for å utvikla ny kunnskap saman med andre
- gode samarbeids- og kommunikasjonsevner, og evne til å bidra til eit konstruktivt arbeidsmiljø
Vi tilbyr
- varierte arbeidsoppgåver i en stor, spennande og samfunnsviktig organisasjon
- eit ambisiøst arbeidsfelleskap og eit inkluderande arbeidsmiljø
- NyTi - et kollegabasert rettleiingsprogram det fyrste året du underviser ved UiS
- lønn etter Statens lønnsregulativ l.pl 17.510, kode 1011, kr 576.100 - 695.500 bto pr år for førstemanuensis og l.pl 17.510, kode 1009, kr 534.100 - 631.700. I særskilde tilfelle kan høgare lønn verta vurdert.
- gunstige vilkår i Statens pensjonskasse
- meir om ansattgoder og fordelar på uis.no
Generell informasjon
Søknaden din vil verta vurdert av ein sakkunnig komité. Hovudvekta i den sakkunnige vurderinga vert lagd på bedømming av innsende vitskaplege arbeid/dokumentert kunstnarleg verksemd og dokumentert undervisningskompetanse. Erfaring frå popularisering/formidlingsverksemd, fagpolitisk og fagadministrativt arbeid og eventuelt andre dokumenterte kvalifikasjonar med relevans for stillinga vert også vurdert av dei sakkunnige.
Dersom du ikkje tilfredsstiller sentrale delar av kompetansekrava kan du få søknaden avslått før søknadane oversendes sakkunnig komité for vurdering.
På bakgrunn av omsegn frå sakkunnig komité vil aktuelle søkjarar verta innkalla til intervju og prøveundervisning før innstilling vert gitt.
Dersom det ikkje melder seg søkjarar med tilstrekkeleg vitskapeleg kompetanse, kan det verta aktuelt å tilsetja midlertidig for inntil tre år med sikte på kvalifisering og fast tilsetjing som førstemanuensis. Søkjar må ha føresetnad om å skaffa seg nødvendige kvalifikasjoner i løpet av tilsetjingsperioden.
Det er ein føresetnad at den som vert tilsett, buset seg slik at vedkommande kan vera til stades ved, og tilgjengeleg for, fagmiljøet på arbeidsplassen i ordinær arbeidstid.
Kontaktinformasjon
Nærmere opplysningar om stillinga får ein ved å venda seg til fagkoordinator Magne rogne, tlf: +47 51 83 34 06, e-post: magne.rogne (at) uis.no
Opplysningar om tilsetjingsprosessen får ein ved å venda seg til HR-konsulent Kristine Jacobsen, tlf: +47 51 83 31 21, e-post: kristine.jacobsen (at) uis.no
Søknaden
Søk stillinga elektronisk via "Søk stillinga" på denne siden. Her vert søknad og CV med relevant utdanning og erfaring registrerte.
Følgjande dokumentar vert lasta opp som vedlegg til søknaden, i separate filer:
- relevante vitnemål og attestar
- fullstendig liste over vitskapeleg arbeid
- inntil 10 arbeid som dokumenterer undervisnings- og utdanningsfagleg kompetanse, se Retningslinjer for vurdering av undervisningskompetanse
- inntil 10 vitskapelege arbeid som er sentrale i din forskningsproduksjon, inklusiv doktorgradsavhandling
- dokumentasjon på annan aktivitet som vurderast relevant i forhold til kravet til stillinga
Dokumentasjonen må vera på eit skandinavisk språk eller engelsk. Dersom vedlegga overskrid 30 MB til saman, må dei komprimerast før dei vert lasta opp. Opplysningar og dokumentasjon som det skal tas omsyn til ved vurderinga, må vera registrerte innan utløpet av søknadsfristens utløp. Kontaktinformasjon til tre referansepersonar må ein finna i søknaden eller på førespurnad.
Vi gjer merksame på at opplysningar om søkjar kan verta offentleggjorde sjølv om søkjar har bedd å, ikkje å verta oppført på offentleg søkjarliste, jf offentleglova § 25.
UiS vurderar bare søknader og vedlegg registrert i JobbNorge.
Se annonsen og søk på stillingen www.jobbnorge.no
numberOfPosts: 2
jobCategoriesCodes_0: http://data.europa.eu/esco/isco/C2310
abstractJV_contact_0: See jobabstractJV_description
Arbeidsgiver Navn: Universitetet i Stavanger
source: NAV
Similiar jobbtilbud
Anticimex søker deg med byggfaglig bakgrunn -
Anticimex leverer bygningstekniske rapporterAnticimex er ett av Norges ledende selskap innen bygningsinspeksjoner, med over 40 boliginspektører over hele landet. Hvert år utfører Anticimex over 10 000 boligsjekker, og har derigjennom vært en aktiv leverandør av bygningstekniske rapporter. Anticimex
Anticimex AS - 2019-01-19 - unspecified
Avdelingsleder - Haslum skole -
Org. nr: - Stillingsident: 4107966466 Presentasjon av stillingen:Er du en engasjert, målbevisst og faglig dyktig pedagog med høye ambisjoner på elevenes vegne? Godt lederskap har stor betydning for elevers læring. Som avdelingsleder i bærumsskolen vil du jobbe i en skole som påvirker og tilpasser
Haslum skole - 2019-07-19 - unspecified
BAS Tømmer. Fast stilling. -
På vegne av solid aktør i Bergen, søker vi to erfarne BASER på tømmer til faste stillinger.Vi ser etter deg som i dag jobber eller fungerer som BAS, men som ønsker ytterligere utfordringer eller nytt miljø.Vi stiller krav til at du har skandinavisk fagbrev som tømrer.Du har gjerne også høyere
JOBZONE NORGE AS - 2018-12-01 - unspecified
Byggmakker Skattum avd Brobekk søker ekstrahjelper -
Vi søker ekstrahjelper til butikk og trelast/byggevareArbeidsoppgaver:- Være aktiv selger tett på kunde i din avdeling- Salg av varer i butikk og trelast- Drive god service og kundebehandling- Tilrettelegge for kampanjer og annen salgsaktivitet- Bidra til at din avdeling fremstår som bransjens beste
SKATTUM HANDEL AS - 2019-03-28 - unspecified
Daglig leder -
Vi søker en dyktig leder som ønsker å bidra med kompetanse og engasjement for våre ansatte.Lederen må ha stort fokus på våre kunder, behandling av dyr, i tillegg til samhandling med våre ansatte som gir grobunn for et trygt og stimulerende arbeidsmiljø.Klinikken består av 9 høyt kvalifiserte
Tu Dyreklinikk - 2019-03-15 - unspecified
Dyktig bilmekaniker med fagbrev ønskes til jobb i Oslo -
ArbeidsoppgaverAnsvar for kunden og bilen fra A til Å.Motta timebestillinger og gjøre avtale med kunden.Ta imot kunden ved innlevering av bilen og utføre reparasjon eller service.Utlevering av bilen til kunden samt fakturering.Andre administrative oppgaver.ArbeidstidEtter avtaleØnskede kvalifikasjonerVi
Cba Fagformidling AS - 2019-02-23 - unspecified
Er du vår nye allmennlege? -
Kunne du tenkte deg å arbeide noen uker ved et annet legekontor i Norge? Kanskje du har gått av med pensjon, men fremdeles har et ønske om å bruke din kompetanse som lege?Randstad Care søker etter dyktige leger som ønsker å påta seg noen uker ved ulike legekontor/legevakt/sykehjem rundt om i
RANDSTAD CARE AS - 2019-07-03 - unspecified
Fagspesialist innovasjon - humanitær sektor -
Brenner du for innovasjon og innovasjonsprosesser som kan bidra til en mer effektiv respons som redder liv, lindrer nødog ivaretar menneskers verdighet? Innovasjon Norge har ansvaret for nytt program;Humanitært innovasjonsprogram som forvaltes på oppdragfra Utenriksdepartementet. Programmet
Vekst og omstilling - 2019-02-15 - unspecified
For kunde søker vi etter erfaren maler med fagbrev -
For flere av våre kunder ser vi etter dyktige malere.Oppstart - omgåendeArbeidsoppgaverSparkling, tapetsering, maling og andre forefallende arbeid.Ønskede kvalifikasjonerFagbrev, eller lengre erfaring kan kompensere for manglende fagbrev. ReferanserDu er hyggelig og serviceinnstiltSkrive og snakke
NORTHSEA OPERATIONS MARCUS BERVEN - 2019-03-01 - unspecified
Førsteamanuensis/ førstelektor i mat og helse - ernæring og folkehelse -
Jobbnorge ID: 160018Ved Høgskulen på Vestlandet, Fakultet for lærarutdanning, kultur og idrett, er det ledig ein fast stilling i 100% som førsteamanuensis/førstelektor i mat og helse - ernæring og folkehelse frå 1.8.2019. Stillinga er knytt til Institutt for idrett, kosthald og naturfag,
Høgskulen på Vestlandet - 2019-01-05 - unspecified
Førsteamanuensis i skriftkyndighet og skriftkultur (literacy) -
Jobbnorge ID: 161770Om stillingenEn fast stilling som førsteamanuensis (SKO 1011) i skriftkyndighet og skriftkultur (literacy) er ledig ved Institutt for lingvistiske og nordiske studier, Universitetet i Oslo.Stillingen vil være knyttet til fagområdene retorikk og språklig kommunikasjon og norsk
Universitetet i Oslo - 2019-04-13 - unspecified
Førstekonsulenter - NAV Familie- og pensjonsytelser Porsgrunn -
NAV Familie- og pensjonsytelser Porsgrunn er en saksbehandlings- og kompetanseenhet som fatter vedtak etter folketrygdloven. Enheten er en av fire pensjonsenheter i Norge og har hovedansvar for 7 fylker, samt for pensjon med utlandstilsnitt. Oppgavene til enheten er saksbehandling på alderspensjon,
NAV - 2018-12-14 - unspecified
Ingeniør brann - Hedmarken brannvesen -
Org. nr: - Stillingsident: 4086692226 Presentasjon av stillingen:Vi søker etter ingeniør til vår brannforebyggende avdeling. Avdelingen har totalt 17 ansatte. Vårt samfunnsoppdrag er å redusere sannsynligheten for brann og begrense konsekvensene brann kan få på liv, helse, miljø og materielle
Hedemarken interkommunale brann- og feiervesen - 2019-05-28 - unspecified
Lufthavnbetjent -
Stillingen som lufthavnbetjent er en beredskapsstilling for brann- og redning, som også utfører relevante definerte plassoppgaver i sin tjeneste. Stillingen er skiftbasert og inngår i et fast vaktoppsett for beredskap. I hovedsak vil faste vakter være dagvakter på ukedager.Våre krav til den som
Avinor As Avd Bergen Lufthavn - 2019-03-22 - unspecified
Prosjektleder - Felles digital grunnmur -
Org. nr: 940101808 Stillingsident: 4117107410 Presentasjon av stillingen:Vil du lede et stort og spennende digitaliseringsprosjekt?Offentlig forvaltning er i stor endring, med et økt satsing på digitalisering. Innbyggere og næringsliv forventer i større grad å møte kommunen på digitale plattformer.
Tromsø kommune - 2019-08-16 - unspecified
PSYKOLOGSPESIALIST/PSYKOLOG -
Vikariat i ett år ( 100 prosent ) ved poliklinikken, avdeling Skien.Poliklinikken tilbyr et individuelt tilpasset og tverrfaglig tilbud til pasienter med avhengighetsrelatert problematikk, både legale og illegale rusmidler, medikamenter og spill. Vi tilbyr også utredning og behandling til pårørende.
Jobbdirekte AS - 2019-02-14 - unspecified
R-04 Lærling i dataelektronikerfaget -
Vi søkeretter lærling i dataelektronikerfaget.Krav til kompetanseDu må ha fullført VG1 og VG2 og ha bestått i alle fag.Personlige egenskaperDu må ha lyst til å læra deg faget, vera positiv, lærevillig og pliktoppfyllande.Vi tilbyrGod opplæring med faste instruktørar/rettleiarar som er erfarne
TYSVÆR KOMMUNE DRIFTSAVDELINGA - 2019-01-16 - unspecified
Selger søkes deltid/helg/natt til 7-Eleven Drammensveien -
Er du den nye selgeren i 7-Eleven Drammensveien? Få frem ditt indre salgsinstinkt Motiveres du av den godesalgsopplevelsen? Nå har du mulighet til å bli deltidsansatt i 7-Eleven. Som selger i 7-Eleven har duarbeidsoppgaver som spenner fra baking og vasking til
7-Eleven 7045 Drammensveien, Oslo - 2018-12-14 - unspecified
Sjåfør Gudvangen -
Aurland Taxi er et selskap i vekst og arbeidsmengden øker foran en ny travel turistsesong.Vi trenger en sjåfør i 100 % fast stilling med stasjonering Gudvangen i perioden fra 20.05.19 til 30.09.19.Vi trenger sjåfører med førerkort kl. B og gjerne D1. Aurland Taxi tilbyr nødvendig opplæring for
Aurland Taxi - 2019-03-12 - unspecified
Sjukepleiarar -
Ledige stillingarVik kommune har følgjande ledige stillingar:Sjukepleiarstillingar i Open omsorg100% fast stilling og 80% vikariat som sjukepeleiar i heimesjukepleien.For meir informasjon om stillingane kontakt omsorgs- sjef Marit J. Anderssen på mobil: 906 86 227 eller e-post: marit.johanne.andersen (at) vik.kommune.no.Søknadsfrist
Sentraladministrasjon - 2019-03-07 - unspecified
Sommerjobb Helg i Oslofjorden - Maritim -
Maritim enhet i Bymiljøetatens seksjon for Øyer og kulturlandskap består av syv engasjerte kollegaer som drifter øyene i Indre Oslofjord. Vi søker deg som liker å jobbe ute, trives med varierte oppgaver, er serviceinnstilt og som vil tilbringe sommeren på øyene i Oslofjorden.ArbeidsoppgaverBistå
Oslo kommune, Bymiljøetaten - 2019-01-11 - unspecified
Sommervikarer hos Sola bo- og hjemmetjenester -
Kort om stillingenSola bo- og hjemmetjenester søker etter sommervikarer for sommeren 2019.Sola bo og hjemmetjenester består både av sykehjem (pleie og kjøkken) og hjemmetjenester (hjemmesykepleie, hjemmehjelp og hjemmerespiratorteam), oppgi gjerne hvor du ønsker å jobbe hvis du har en preferanse.Arbeidstiden
Sola kommune - 2019-02-19 - unspecified
Sykepleiere søkes til sommeridylliske Tønsberg -
Kan du tenke deg et bad i sjøen og vakker sommeridyll, før og etter du har vært på vakt?Kan du tenke deg god lønn og forutsigbar turnus?Har du en sykepleierkollega eller sykepleiervenn du ønsker å ha med på dette? Ja, da får du også bonus oppå lønnen!På oppdrag for kunde i Tønsberg, søker
Adecco Norge AS - 2019-05-28 - unspecified
Synsam søker optiker til Gjøvik CC -
Synsam er Nordens ledende optikerkjede og med rundt 100 butikker i hele Norge og 500 i Norden. Vi setter fag og kunden i fokus, og alle våre butikker har Stylelab, et verktøy som inspirerer og hjelper oss å finne brillene som passer kundene våre best. Hos oss skal alle kundene føle seg unike, og
SYNSAM GROUP NORWAY AS - 2019-04-25 - unspecified
Vaktleder (heltid) -
Org.nr.:920 144 950 Stillingsident: Presentasjon av stillingen :Vi søker nå ny vaktleder til vår kunde, Tjuvholmen. For og lykkes i denne stillingen bør du være engasjert, positiv og svært serviceinnstilt. Som vaktleder på Tjuvholmen får du mulighet til og bidra sterkt til å forme både din
SECURITAS AS - 2019-08-03 - unspecified
Variert erfaring fra HR arbeid/administrasjon? -
HR AdvisorTil langt oppdrag ute hos kunde ser vi etter en Personalkonsulent med variert erfaring.ArbeidsoppgaverSamarbeide med, og være faglig rådgiver for linjeledere i organisasjonenOppfølgning av ansatte i personalsaker, sykefravær, medarbeidersamtaler,Kompetanseutvikling, rekruttering, medarbeiderundersøkelser
VEGA CONSULTANTS AS - 2019-01-22 - unspecified
Vernepleier/sosionom/miljøterapeut -
Eikebergveien bofellesskap er en del av Bo og aktivitet Sør. Boligen ligger på Mariero i Hillevåg. Boligen består av fire boenheter som er tilrettelagt for personer med utviklingshemming. Beboerne har et variert funksjonsnivå. Målsetning for bofellesskapet er å levere gode helhetlige tjenester
Bo og Aktivitet Sør: Eikebergveien bofellesskap (7), Stavanger kommune - 2019-03-13 - unspecified
Vi søker erfaren gravemaskinfører -
Vi søker deg som er motivert og pliktoppfyllende, og som trives i en hektisk hverdag.Egenskaper som vektlegges:- Fleksibilitet- Gode samarbeidsevner- Evnen til å jobbe selvstendig- Pålitelighet- Initiativrik- Ikke minst må du være positiv og ha stå-på viljeVi tilbyr:- En aktiv hverdag med høyt
GALTEN JOHN AS - 2019-02-14 - unspecified
Vi søker toksikolog til fast stilling -
I 2019 blir det tillat med salg av e-sigaretter i Norge. Da må alle som ønsker å drive salg av e-sigaretter registrere produktene sine. Legemiddelverket har fått ansvar for registreringsordningen for e-sigaretter. Vi søker en dyktig medarbeider som ønsker å være med i arbeidet med
Statens legemiddelverk - 2018-12-15 - unspecified
Vil du være med å skape og lede Oslo mest attraktive ferskvareavdeling? Da bør du søke! -
Nå åpner Coop Øst en Coop Mega butikk i hjertet av Skøyen i Oslo. Butikken er oppdatert med vårt helt nye og lekre designprofil og ferskvare vil være et våre mest sentrale områder. Vårt mål er bli Oslos mest attraktive ferskvareavdeling. Med det så mener vi at vår ferskvareavdeling skal ose
COOP ØST SA - 2019-04-25 - unspecified