Job Førsteamanuensis/førstelektor norsk språk, Bergen unspecified Høgskulen på Vestlandet - jobbtilbud
reference: 12081812000047
documentId: 12081812000047
connectionPointId: 261
Stillingstittel:
Førsteamanuensis/førstelektor norsk språk, Bergen
Stillingsbeskrivelse:
Jobbnorge ID: 161048
Ved Høgskulen på Vestlandet er det ledig inntil 4 faste stillingar i 100% som førsteamanuensis/førstelektor i norsk språk frå 1.8.2019. Stillingane er knytt til Institutt for språk, litteratur, matematikk og tolking, ved Fakultet for lærarutdanning, kultur og idrett, campus Bergen.
Fakultet for lærarutdanning, kultur og idrett har fire institutt med tilsette i Bergen, Sogndal og på Stord. Fakultetet er ein av dei største lærarutdanningsinstitusjonane i landet med rundt 6200 studentar og 500 tilsette, og tilbyr barnehagelærarutdanning, grunnskulelærarutdanning for 1.-7. og 5.-10. trinn, praktisk-pedagogisk utdanning, bachelorutdanningar, masterutdanningar og Ph.d.-program. Fakultetet har eit omfattande etter- og vidareutdanningstilbod. Forskingsaktiviteten ved fakultetet blir organisert i forskingsprogram og forskargrupper.
Institutt for språk, litteratur, matematikk og tolking har 160 tilsette i Bergen, Sogndal og på Stord. Instituttet gir undervisning på alle nivå og er involvert i barnehagelærarutdanninga, grunnskulelærarutdanningane (masternivå frå hausten 2017), og i bachelorutdanninga i teiknspråk og tolking. I tillegg gir instituttet masterutdanningar i undervisningsvitskap og masterutdanning i barne- og ungdomslitteratur. Instituttet bidrar også i Ph.D.-programmet Danning og didaktiske praksisar.
Tilsette på instituttet er involvert i forsking som er relevant for utdanningane våre og deltar i fagleg nettverksarbeid både nasjonalt og internasjonalt. Instituttet har som mål å vere i front av skule- og profesjonsorientert kompetanseutvikling innanfor sine fagfelt. I denne samanhengen er vi i kontinuerleg samarbeid med viktige aktørar i regionen om til dømes vidareutdanning og skule- og barnehagebasert kompetanseutvikling.
Norskmiljøet i Bergen har om lag 30 tilsette, halvparten med førstekompetanse, tre professorar og fleire stipendiatar. Fagmiljøet er knytt til mange ulike forskargrupper, med omfattande forskingsaktivitet og utviklingsarbeid. Fakultetet har doktorgradsprogrammet «Danning og didaktiske praksisar». Norskmiljøet er i tillegg til barnehagelærarutdanninga og grunnskulelærarutdanningane for 1.-7. og 5.-10. trinn, også knytt til mastergradane i Barne- og ungdomslitteratur og Undervisningsvitskap med fordjuping i norsk fagdidaktikk. Vi gir også ei rekkje tilbod i etter- og vidareutdanning, mellom anna innanfor lærarløftet Kompetanse for kvalitet og satsingane Kompetanse for framtidas barnehage og Desentralisert kompetanseutvikling.
Ansvars- og arbeidsoppgåver:
Den som blir tilsett, må kunne undervise både i barnehagelærarutdanninga og i grunnskulelærarutdanningane (1-7 og 5-10). Kompetanse i lese- og skriveopplæring for 1.-10. trinn, og særleg begynnaropplæring er ein fordel. Arbeidsoppgåver innan etter- og vidareutdanning- og/eller kurs og oppdragsaktivitet er også aktuelt, avhengig av søkaren sin kompetanse og instituttet/fagmiljøet sine behov.
Arbeidsoppgåvene vil primært vere undervisning, oppfølging i praksis, rettleiing og vurdering av studentoppgåver.
Den som blir tilsett, må også ta del i forskingsaktiviteten på fakultetet/instituttet. Følgjande arbeidsoppgåver vil vere relevante:
- Bidra til å vidareutvikle forskingsmiljøet knytt til norsk språkvitskap og norskdidaktikk.
- Bidra til å integrere masterstudentar og ph.d.-studentar i fagmiljøet.
- Bidra til å utvikle samarbeidet med praksisfeltet (partnarskolar/lærarutdanningsskolar).
Kvalifikasjonar:
Søkaren må ha førstekompetanse i norsk språkvitskap, norskdidaktikk eller tilsvarande. For tilsetting som førsteamanuensis må søkaren ha avlagt doktorgrad med relevans for stillingsprofilen. For tilsetting som førstelektor må søkaren ha kompetanse på nivå med norsk doktorgrad, og med tilsvarande relevanskrav.
Søkaren må meistre både bokmål og nynorsk.
Det er ønskeleg at søkaren har yrkeserfaring frå skule eller barnehage. Undervisningserfaring frå høgare utdanning er også relevant for stillingane. Det er positivt med solid kunnskap om barns språkutvikling og norsk som andrespråk. Kompetanse i lese- og skriveopplæring for 1.-10. trinn, og særleg begynnaropplæring, er ein fordel. Det er vidare ein fordel om søkaren har erfaring med pedagogisk bruk av IKT
Personlege egenskaper:
Den som blir tilsett må ha gode samarbeids- og formidlingsevner, men også evne til å arbeide sjølvstendig, ta initiativ og vere fleksibel. Høgt etisk medvit i møte med studentar er påkravt.
Høgskulepedagogikk/ rettleiing:
Dersom den som blir tilsett ikkje har praktisk pedagogiske kompetanse på grunnlag av utdanning eller undervisning og rettleiing må vedkommande kvalifisere seg via kurs i høgskulepedagogikk og rettleiing innan to år frå tilsettingsdato.
Sakkyndig vurdering:
Søkarar til vitskaplege stillingar blir vurdert av ein sakkyndig komité. Bedømminga skjer på bakgrunn av dokumentert kompetanse, inntil 5 vitskaplege arbeid. På bakgrunn av komiteens innstilling vil aktuelle søkarar bli innkalla til intervju og prøveførelesing. Tilsettingsorgan er tilsettingsutval ved Høgskulen på Vestlandet.
Vi tilbyr:
Stillinga som førsteamanuensis/ førstelektor er lønt etter Statens lønnsregulativ, i stillingskode 1011/ 1198. Frå lønna vil det bli trekt 2 % innskot til Statens pensjonskasse.
Vi tilbyr ellers:
- Gode pensjons-, forsikrings-, og låneordningar i Statens pensjonskasse
- Spanande fagmiljø med mulighet for kompetanseheving - og utvikling
- Moglegheiter for trening i arbeidstida
Korleis søke på stillinga:
Send søknad og CV ved å klikke på knappen merka "Søk denne stillinga»" på denne sida.
Vi gjer merksam på at søknader blir vurderte med den informasjonen som ligg føre i Jobbnorge når søknadsfristen går ut. Det er søkar sitt ansvar å sørge for at all informasjon er lagt inn innan fristen
Som vedlegg til søknaden må søkarar også laste opp dei vitskaplege arbeida (inntil 5 stk.) dei ønskjer å ha med i vurderinga, fullstendig publikasjonsliste, attestar og vitnemål. Søkarar bør nemne dei arbeida eller delar av arbeid som særleg skal vektleggjast ved vurderinga. Søknaden må også innehalde oversikt over vedlegg som dokumenterer søkarens pedagogiske kvalifikasjonar. Dersom vitnemål, karakterutskrifter eller anna dokumentasjon ikkje er på eit skandinavisk språk eller engelsk, må søkar sjølv laste opp attesterte omsettingar. Dersom vedlegga overskrid 15 MB må dei komprimerast før opplasting eller leggast ved som lenke.
Søknadane blir sendt elektronisk til det sakkyndige utvalet. Søknader kan ikkje sendast på e-post til enkeltpersonar ved høgskulen.
Aktuelle kandidatar til stillinga vil bli innkalla til intervju og bedne om å halde prøveforelesing
Generell informasjon:
Den som vert tilsett må rette seg etter dei lover, forskrifter, instruksar og avtaler som til ei kvar tid gjeld for stillinga.
Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i folket. Det er derfor eit personalpolitisk mål å oppnå ei balansert alders- og kjønnssamansetting og rekruttere personar med minoritetsbakgrunn og personar med nedsatt funksjonsevne.
Opplysingar om søkar kan bli gjort offentleg sjølv om søkar ber om ikkje å bli ført opp på søkarlista. Dersom førespurnaden ikkje blir tatt til følgje, vil søkar bli varsla om dette.
Høgskulen på Vestlandet er ei I/A-bedrift.
Kontaktperson(er) ved Høgskulen på Vestlandet er:
Assisterande instituttleiar Morten Rønning: 55 58 59 31
Se annonsen og søk på stillingen www.jobbnorge.no
numberOfPosts: 4
jobCategoriesCodes_0: http://data.europa.eu/esco/isco/C2310
abstractJV_contact_0: See jobabstractJV_description
Arbeidsgiver Navn: Høgskulen på Vestlandet
source: NAV
Similiar jobbtilbud
Allmennlege -
Tydal kommune lyser med dette ut nyopprettet stilling som allmennlege i 100 %. Tydal legekontor er kommunalt drevet. Ny fastlege tilbys å inngå i fastlegeordningen med deleliste, som i dag har 750 pasienter. Ved spørsmål om stillingen, ta kontakt med sektorleder Helse- og omsorg Ingjerd Tuset på
Tydal kommune - 2018-12-18 - unspecified
Assistent Oksfjord oppvekstsenter; barnehage, id 388 -
I Oksfjord barnehageer det ledig vikariat somassistent i 30 % perioden 1.1.-7.7.2019.Arbeidstid for stillingen er hver mandag og annenhvertirsdag.Basert på søkermassen vil omgjøring av stillinga tilfagarbeiderstilling bli vurdert. Ønskedekvalifikasjoner: fagbrev i barne- og ungdomsarbeiderfaget
Nordreisa kommune - 2018-12-08 - unspecified
Blå Kors behandlingssenter Eina søker lege -
Blå Kors Behandlingssenter Eina gir tverrfaglig spesialisert rusbehandling etter avtale med Helse Sør Øst. Avtalen gjelder for 30 døgnplasser inntil 9 måneders behandlingstid for voksne menn.Vi søker etter lege i 50 - 100% fast stilling.Oppgaver:Medisinskfaglig ansvar for pasienteneKartlegging,
BLÅ KORS ØST AS - 2018-11-29 - unspecified
Chaufförer med egna skåpbilar som har sidoöppning sökes -
Företaget är en av Norges äldsta och största bud- och transportföretag. Företaget är familjeägt och flera generationer har deltagit och arbetar fortfarande aktivt i den dagliga driften. Vi erbjuder distribution av alla typer av varor. Arbetsort:Gardermoen Dina
WORKNORDIC GROUP AB - 2018-08-01 - unspecified
Chief Architect Oslo -
Key Accountabilities- Establish a thorough understanding of the current business, application and information architecture landscape, and ensure it is appropriately documented- Supported by LBA, establish thorough understanding of core business needs in order to support future operating models- Understand
WorkNorway Group AS - 2018-12-15 - unspecified
Elektriker og bor i Ås og omegn? -
Vi søker nå elektrikere til et større byggeprosjekt lokalisert i Ås kommune.Prosjektet omhandler nybygg av et større bygg og prosjektet varer ut 2018, med gode muligheter for forlengelse. Kortuke mandag-torsdag finnes det muligheter til, eller hvis du heller ønsker arbeid fra mandag-fredag -valget
TOP TEMP HOSPITALITY AS - 2018-12-01 - unspecified
Elektriker -
Beskrivning av arbetsuppgifter: Vi søker duktiga installationselektriker till våra projekt i Oslo. Arbestsuppggifterna är traditionella elektriker arbeten såsom kabeldragning, belysning, brytare, el-uttag, datakabel, jordning, tvelarbeten, driftsättning m.m Kompetenskrav:
Staras AS - 2018-08-01 - unspecified
Er du den motiverte, engasjerte og serviceinnstilte ekstrahjelpen som COOP Marked Nedre Eggedal ser etter? -
Coop Øst SA er Norges største samvirkelag med en budsjettert omsetning på 7.0 milliarder i 2018, 2300 ansatte og 110 butikker i fylkene Østfold, Akershus, Oslo, Hedmark, Oppland og Buskerud. Coop har 6 kjedekonsepter; Coop Marked, Coop Prix, Coop Mega, EXTRA, Obs og Obs BYGG. Coop er den eneste aktøren
Coop Øst SA - 2018-12-14 - unspecified
Er du vår nye digitale markedsfører? -
Til vårt hovedkontor i Kobbervikdalen i Drammen søker vi etter en engasjert digital markedsfører med interesse for friluftsliv og netthandel i en 100% stilling. Du vil ha en nøkkelrolle i vårt markedsteam.Dine arbeidsoppgaver vil blant annet bestå av:Digital markedsføring i våre egne, betalte
FRILUFTSMAGASINET AS - 2018-12-18 - unspecified
For kort oppdrag hos kunde søker vi etter: -
Kurskoordinator - med erfaring fra riggselskapArbeidsoppgaverKoordinering og bestilling av kurs for on og offshore personellVedlikehold av kursmatriseRegistrering av sertifikat og kursdokumentasjon i systemetGAP analyserAvstemminger mot POEvaluering av kursleverandørerVære oppdatert på lover og regler
VEGA CONSULTANTS AS - 2018-12-14 - unspecified
Har du mye kjærlighet og omsorg å gi til teknisk produksjonsutstyr? -
Mesterbakeren leverer ferske brød- og bakevarer til REMA 1000. Våre 9 bakerier forsyner hver dag butikker over hele landet med ferske brød, boller og rundstykker. Vår ambisjon er å tilby det beste innen brød- og bakervarer til norske forbrukere, uten at det koster mer. Du skal alltid finne noe
Mesterbakeren AS - 2018-12-14 - unspecified
Lege i spesialisering, generell indremedisin - Voss sjukehus -
Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus har ledig ein fast stilling for lege i spesialisering i indremedisin. Stillinga er ledig frå 01.03.2019.Vi tilbyr spesialistutdanning som dekkjer heile utdanningsløpet. Spesialistutdanninga vil gå føre seg ved Voss sjukehus, og med gruppe 1 teneste ved
Helse Bergen - 2018-12-14 - unspecified
Lege i spesialisering - vikariat - Ortopedisk avdeling -
Det er ledig flere vikariater for Lege i spesialisering i ortopedi. Varighet 9 måneder, med mulighet til forlengelse.ArbeidsoppgaverKirurgiPoliklinikkVakttjenesteInternundervisningNoe reise i forbindelse med utdanningen må påregnesKvalifikasjonerGjennomført LIS1 tjenesteØnske om å jobbe med ortopedisk
Universitetssykehuset Nord-Norge HF - 2018-12-07 - unspecified
Overlege onkologi - Lungeavdeling -
Det er ledig fast stilling som onkolog ved Lungeavdelingen, UNN Tromsø. Avdelingen har 8 overleger, og i tillegg utdanningskandidater innen lungesykdommer og generell indremedisin. Avdelingen har 16 heldøgns sengeplasser, samt poliklinikk, utredningslaboratorium og dagenhet for kreftbehandling. Avdelingen
Universitetssykehuset Nord-Norge HF - 2018-12-05 - unspecified
Pedagogisk leder - Fagerborggaten barnehage -
Fagerborggaten barnehage er en moderne barnehage med mange muligheter. Vi er en basebarnehage med 72 barn.Vi har 36 småbarn som blir fra august 2018 fordelt i to småbarnsbaser.Vi har 36 store barn som vil være fordelt i 3 baser med 12 barn fra høsten 2018.Vi har god pedagogbemanning og flere av
Oslo kommune, Bydel St. Hanshaugen - 2018-12-04 - unspecified
PRM Analyst Coastal - Hurtigruten Pluss AS -
Are you driven by data analysis and number crunching? Do you have advanced skills in Excel? Are you passionate about travel? Hurtigruten AS is looking for pricing and revenue management (PRM) analyst to join our Revenue Management organization. Revenue management is responsible for optimizing pricing
Hurtigruten AS - 2018-12-14 - unspecified
Professor/Associate Professor within Numerical Modelling - IV-274/18 -
This is NTNUAt NTNU, creating knowledge for a better world is the vision that unites our 7 000 employees and 40 000 students.We are looking for dedicated employees to join us.Video: https://www.youtube.com/watch?v=cIgKd1SwGLIAbout the positionDepartment of Geoscience and Petroleum (IGP) has
NTNU - Norges teknisk-naturvitenskapelige universitet - 2018-12-14 - unspecified
Rådgiver/seniorrådgiver - engasjement til 31.12.2019 -
Riksantikvaren (RA) skal sikre kulturminner, kulturmiljøer og landskap som viktige kunnskaps-, opplevelses og bruksverdier til beste for dagens ogmorgendagens mennesker. Som direktorat er Riksantikvaren Klima- og miljødepartementetsrådgivende og utøvende faginstans for forvaltning av kulturminner
Samfunnsavdelingen, Riksantikvaren - 2018-12-16 - unspecified
Reinhaldar -
Masfjorden kommune har frå snarast ledig 50% vikariat som reinhaldar ved Sandnes reinhaldsområde. Vikaiatet vil vare inntil eit år. Stillingsprosenten kan verte utvida.Sandnes reinhaldsområde består av Sandnes skule, Sandnes barnehage, heimetenestekontoret og kommunehuset.Me ser etter ein reinhaldar
MASFJORDEN KOMMUNE HEIMEBASERTE TJE - 2018-12-14 - unspecified
Researcher/postdoc position - lipid metabolism of salmon -
Jobbnorge ID: 161744About the positionThe Department of Animal and Aquacultural Sciences, Faculty of Biosciences at the Norwegian University of Life Sciences (NMBU) has a vacant researcher or postdoc position for two years in systems biology of Atlantic salmon metabolism.The Digital Salmon (2016-2020,
Norges miljø- og biovitenskapelige universitet (NMBU) - 2018-12-14 - unspecified
Rørmokare/Rørlegger -
Rørleggerbedrift i Norge som driver med alt innen Service og Prosjekt rørlegging. Beskrivning av arbetsuppgifter: Alt fra Service til Prosjekt innen rørleggerfaget Kompetenskrav: Fagbrev. Relevant erfaring kan kompletere for manglene utanning. Førerkort klasse B Önskemål:
Pecus AS - 2018-08-01 - unspecified
Senior geoteknikker -
StillingsbeskrivelsePå grunn av stor aktivitet og økte budsjetter, har Utbyggingsdivisjonen behov for flere medarbeidere.Teknikk og konsept, i seksjonen Konstruksjon og geofag, samles medarbeidere med stillinger som ingeniørgeologer, geoteknikere og ingeniørstillinger innen konstruksjon i Utbyggingsdivisjonen.Vi
BANE NOR - 2018-12-07 - unspecified
Tømrer/ bygningsarbeider -
Idehus Namdal Din lokale hus og hytte bygger. Vi er idag 7 ansatte som daglig yter sitt beste for våre kunder. Vi leverer alt fra snekkeroppdrag til større utbygginger av eneboliger og leiligheter. Grunnet god ordretilgang ønsker vi oss flere kolleger, for å ta del i våre spennende byggeprosjekter
Idehus Namdal As - 2018-12-07 - unspecified
Tømrer og klar for nye utfordringer? -
Vår kunde er spesialister på opprydding og gjenoppbygging etter brann-, vann- og miljøskader. De er Nordens ledende selskap innen faget skadebegrensning med totalt 1300 medarbeidere og mer enn 40 års erfaring.I Norge er de over 600 medarbeidere og har en årlig omsetning på mer enn 700 millioner
JKS NORGE AS - 2018-12-17 - unspecified
Trigges du av resultater? Se hit! -
Verisure er Norges og Europas ledende alarmselskap. Hvert tyvende sekund monteres det et Verisure-system et sted i verden, og hver dag bruker over 2,8 millioner kunder vår teknologi. Siden vi startet med alarm i 1988 har vi hatt en meget positiv utvikling og tilbyr alarmer til boliger og bedrifter over
Verisure AS - 2018-12-14 - unspecified
Vernepleier 100% fast Haugesgate bofellesskap -
Informasjon om arbeidssted og stillingHaugesgate er et bofellesskap for funksjonshemmede. Bofellesskapet består av 12 leiligheter og fellesareal fordelt på 3 etasjer med heldøgns bemanning. Hjelpebehovet er varierende. Arbeidet består av å gi bistand til individuell opplæring og hjelp i hjemmet,
SKIEN KOMMUNE HAUGESGATE BOFELLESSK - 2018-12-14 - unspecified
Vert/Meet & Greet -
Vi er nå i ferd med å starte utleie av leiligheter i Trondheim, sentralt plassert på Solsiden. Som vert er du vårt ansikt utad og ansvarlig for at kundene har et behagelig opphold når de bor hos oss. Du får med deg alt som skjer og hjelper til med det som måtte trengs. Stillingen er en av de mest
BJØRVIKA APARTMENTS AS - 2018-12-04 - unspecified
Vi søker deg som er god på lønn og klar for nye oppgaver! -
EFT Kompetanse styrker organisasjon og kompetanse medSpesialkonsulent lønn.Stillingen tillegges ansvar innen fagområdet lønn- og personaltjenester. SAM søker deg som er god på lønn og er klar for nye muligheter og utfordringer der du kan påvirke din egen arbeidsdag. Du er positiv, nysgjerrig og
Utdanningsetaten - 2018-12-01 - unspecified
Vikariat som faglærer på service- og samferdsel - Etterstad videregående skole -
Etterstad videregående skole har ca. 600 elever og 140 ansatte. Skolen har utdanningsprogrammene service- og samferdselsfag, elektrofag, teknikk- og industri, restaurant- og matfag i tillegg til påbygningsklasser. Skolen har lange tradisjoner som yrkesfagsskole innen bl.a maritime fag og teknisk fag.
Oslo kommune, Utdanningsetaten - 2018-12-14 - unspecified
Vil du jobbe som sykepleier hos oss i sommer? - Sykehuset Telemark HF -
Bemanningssenteret ved Sykehuset Telemark står for rekrutteringen av ferievikarer til de somatiske seksjonene i Skien og på Notodden. Vi trenger flinke og engasjerte sykepleiere som vil jobbe hos oss i forbindelse med ferieavviklingen. Vi har behov for sykepleiere ved kirurgisk og medisinsk klinikk:Kirurgisk
Sykehuset Telemark HF - 2018-12-01 - unspecified