Job Førsteamanuensis/ førstelektor i mat og helse - kultur og samfunn unspecified Høgskulen på Vestlandet - jobbtilbud
reference: 12081901000046
documentId: 12081901000046
connectionPointId: 261
Stillingstittel:
Førsteamanuensis/ førstelektor i mat og helse - kultur og samfunn
Stillingsbeskrivelse:
Jobbnorge ID: 162568
Ved Høgskulen på Vestlandet, Fakultet for lærarutdanning, kultur og idrett, er det ledig ein fast stilling i 100% som førsteamanuensis/førstelektor i mat og helse - kultur og samfunn frå 1.8.2019. Stillinga er knytt til Institutt for idrett, kosthald og naturfag, campus Bergen.
Fakultet for lærarutdanning, kultur og idrett har fire institutt med tilsette i Bergen, Sogndal og på Stord. Fakultetet er ein av dei største lærarutdanningsinstitusjonane i landet med rundt 6200 studentar og 550 tilsette, og tilbyr barnehagelærarutdanning, grunnskulelærarutdanning for 1.-7. og 5.-10. trinn, praktisk-pedagogisk utdanning, bachelorutdanningar, masterutdanningar og Ph.d.-program. Fakultetet har eit omfattande etter- og vidareutdanningstilbod. Forskingsaktiviteten ved fakultetet blir organisert i forskingsprogram og forskargrupper.
Institutt for idrett, kosthald og naturfag har ca 100 tilsette i Sogndal, Bergen og på Stord.
Fagområda i instituttet omfattar idrett, kroppsøving, folkehelse, friluftsliv, naturfag og mat og helse. Nasjonalt senter for mat, helse og fysisk aktivitet er ein del av instituttet.
Instituttet har ansvar for fleire utdanningar på bachelornivå innan idrett, kroppsøving, friluftsliv og folkehelsearbeid. I tillegg kjem masterutdanningar i idrettsvitskap og fysisk aktivitet og kosthald i eit skulemiljø. Instituttet gir og undervisning på sine fagområde på alle nivå i barnehagelærarutdanninga og ved grunnskulelærarutdanningane og bidrar i fakultetet sitt Ph.D.-program Danning og didaktiske praksisar. Tilsette på instituttet er involvert i forsking og utviklingsarbeid som er relevant for aktiviteten ved fakultetet og deltek i faglege nettverk både nasjonalt og internasjonalt. Instituttet er og ein viktig aktør regionalt og nasjonalt for å bidra til vidareutdanning og kompetanseutvikling i skule, barnehage, idrett, friluftsliv, helse- og treningssenterbransje mm.
Ansvars- og arbeidsoppgåver:
Stillinga er knytt til faget mat og helse og samfunnsfaglege og kulturfaglege perspektiv i undervisninga.
Stillinga vil bli tillagt undervisning/rettleiing/evaluering innanfor eitt eller fleire av følgjande studietilbod:
- Mat og helse i femårig grunnskulelærarutdanning med integrert master
- Natur, helse og rørsle i barnehagelærarutdanninga
- Bachelorstudiet i folkehelsearbeid med vekt på kosthald og fysisk aktivitet
- Masterstudiet i barnehagekunnskap
- Masterstudiet i fysisk aktivitet og kosthald i eit skolemiljø
- Etter- og vidareutdanning i mat og helse
Arbeidsoppgåvene i stillinga kan omfatte:
- Teoretisk og praktisk undervisning, rettleiing i arbeidskrav og oppgåver, vurderings- og eksamensarbeid, emneansvar i grunnutdanningane og/eller etterutdanningane
- Praksisoppfølging
- Rettleiing av bachelor- og masteroppgåver
- Studieadministrative oppgåver/koordinering av studentgrupper
- Forsking- og utviklingsarbeid knytt til forskingsprogrammet idrett, fysisk aktivitet og kosthald
- Arbeidsoppgåver innan etter- og vidareutdanning- og/eller kurs og oppdragsverksemd
Det er forventa at den som blir tilsett deltek i forskingsaktiviteten på instituttet/fakultetet. I stillinga inngår ressurs til faglig-administrativt arbeid. Tilsette søker om tid til forskings- og utviklingsarbeid som er relevant for utdanningane ved instituttet.
Kvalifikasjonskrav:
For fast tilsetjing som førsteamanuensis må søkar ha avlagt doktorgrad med relevans for stillingsprofilen. For tilsetjing som førstelektor må søkar ha kompetanse på nivå med norsk doktorgrad, og med tilsvarande relevanskrav.
Den som blir tilsett må ha gode samarbeids- og formidlingsevner, men òg evne til å arbeide sjølvstendig, ta initiativ og vere fleksibel. Høgt etisk medvit i møte med studentar er påkravd.
Undervisningsspråket er norsk. Søkarar som ikkje meistrar norsk eller eit anna skandinavisk språk, må forplikte seg til å gjennomføre kurs i norskopplæring innan to år.
Ønskte kvalifikasjonar:
Ved vurdering og rangering av kvalifiserte søkarar vil det bli lagt vekt på:
- Undervisningserfaring frå høgare utdanning, vidaregåande skole eller grunnskole
- Fagdidaktisk kompetanse og/eller erfaring frå undervisning i skulefaget mat og helse
- Forskarerfaring
- Faglege/vitskaplege publikasjonar med relevans for skulefaget mat og helse og/eller for kostholdsfremjande arbeid for barn og unge
- Erfaring frå rettleiing av studentar
- Pedagogisk utdanning
Det vil bli vurdert om søkaren er personleg eigna for stillinga
Høgskulepedagogikk/ rettleiing:
Dersom den som blir tilsett ikkje har praktisk pedagogiske kompetanse på grunnlag av utdanning eller undervisning og rettleiing må vedkommande kvalifisere seg via kurs i høgskulepedagogikk og rettleiing innan to år frå tilsettingsdato.
Sakkyndig vurdering:
Søkarar til vitskaplege stillingar blir vurdert av ein sakkyndig komité. Bedømminga skjer på bakgrunn av dokumentert kompetanse, inntil 5 vitskaplege arbeid. På bakgrunn av komiteens innstilling vil aktuelle søkarar bli innkalla til intervju og prøveførelesing. Tilsettingsorgan er tilsettingsutval ved Høgskulen på Vestlandet.
Vi tilbyr:
Stillinga som førsteamanuensis/ førstelektor er lønna etter Statens lønnsregulativ, i stillingskode 1011/ 1198. Frå lønna vil det bli trekt 2 % innskot til Statens pensjonskasse.
Vi tilbyr elles:
- Gode pensjons-, forsikrings-, og låneordningar i Statens pensjonskasse
- Spanande fagmiljø med muligheit for kompetanseheving - og utvikling
- Moglegheiter for trening i arbeidstida
Korleis søke på stillinga:
Send søknad og CV ved å klikke på knappen merka "Søk denne stillinga»" på denne sida.
Vi gjer merksam på at søknader blir vurderte med den informasjonen som ligg føre i Jobbnorge når søknadsfristen går ut. Det er søkar sitt ansvar å sørge for at all informasjon er lagt inn innan fristen
Som vedlegg til søknaden må søkarar også laste opp dei vitskaplege arbeida (inntil 5 stk.) dei ønskjer å ha med i vurderinga, fullstendig publikasjonsliste, attestar og vitnemål. Søkarar bør nemne dei arbeida eller delar av arbeid som særleg skal vektleggjast ved vurderinga. Søknaden må også innehalde oversikt over vedlegg som dokumenterer søkarens pedagogiske kvalifikasjonar. Dersom vitnemål, karakterutskrifter eller anna dokumentasjon ikkje er på eit skandinavisk språk eller engelsk, må søkar sjølv laste opp attesterte omsettingar. Dersom vedlegga overskrid 15 MB må dei komprimerast før opplasting eller leggast ved som lenke.
Søknadane blir sendt elektronisk til det sakkyndige utvalet. Søknader kan ikkje sendast på e-post til enkeltpersonar ved høgskulen. Aktuelle kandidatar til stillinga vil bli innkalla til intervju og bedne om å halde prøveforelesing
Generell informasjon:
Den som vert tilsett må rette seg etter dei lover, forskrifter, instruksar og avtaler som til ei kvar tid gjeld for stillinga.
Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i folket. Det er derfor eit personalpolitisk mål å oppnå ei balansert alders- og kjønnssamansetting og rekruttere personar med minoritetsbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne.
Opplysingar om søkar kan bli gjort offentleg sjølv om søkar ber om ikkje å bli ført opp på søkarlista. Dersom førespurnaden ikkje blir tatt til følgje, vil søkar bli varsla om dette.
Høgskulen på Vestlandet er ei I/A-bedrift.
Kontaktperson ved Høgskulen på Vestlandet er:
Assisterande instituttleder, Ingrid Leversen, Tlf. 55 58 75 33
Se annonsen og søk på stillingen www.jobbnorge.no
numberOfPosts: 1
jobCategoriesCodes_0: http://data.europa.eu/esco/isco/C2310
abstractJV_contact_0: See jobabstractJV_description
Arbeidsgiver Navn: Høgskulen på Vestlandet
source: NAV
Similiar jobbtilbud
Ansvarlig Installatør Tunell -
ArbeidsoppgaverFaglig ansvarlig for utførelse av elektro arbeider høyspentProsjektledelse, befaringer, prosjektering, kalkulasjon og tilbud skriving.Overordnet ansvar for bedriftens HMS, internkontroll og el-sikkerhetskompetanse.Noe reise må påberegnesØnskede kvalifikasjonerGjerne relevant erfaringer
CBA FAGFORMIDLING AS - 2018-12-08 - unspecified
Assistent/fagarbeider - Spesialrenhold - Universitetssykehuset Nord-Norge HF -
Seksjon for spesialrenhold har behov for å styrke sin vikarpool. Vi søker etter tilkallingsvikarer som også kan jobbe som ferievikarer i sommer. Jobben innebærer tre-delt turnus.Vi har behov for noen timevikarer som kan starte i opplæring snarest og ha kapasitet til å jobbe i 100% stilling i perioder.Vi
UNIVERSITETSSYKEHUSET NORD-NORGE HF - 2019-04-02 - unspecified
Barne- og ungdomsarbeider/assistent -
Org. nr: - Stillingsident: 4104230035 Presentasjon av stillingen:Lyshovden oppveksttun søker en dyktige engasjerte medarbeider fra høsten 2019.Oppveksttunet består av skole, barnehage og SFO, og ligger idyllisk til med nær tilgang til skog og andre friluftsområder. Området rundt oss består ellers
LYSHOVDEN OPPVEKSTTUN - 2019-07-02 - unspecified
Barnehagelærer til Vestre Åmøy Barnehage -
Rennesøy kommune søker etter pedagogiske ledere/barnehagelærer som har gode mellommenneskelige egenskaper, og som vil jobbe målrettet for et oppvekstmiljø der barn kjenner og erfarer at de er verdifulle og kompetente.I Rennesøy har vi satset på kompetanseheving for personalet innenfor språk,
VESTRE ÅMØY BARNEHAGE - 2019-03-30 - unspecified
Business utvikler og markedsfører -
Har du noen gang lurt på om du kunne utnytte dine businessferdigheter til å bekjempe fattigdom? Vi har svaret! Better Living Projects AS selger etiske tekstilprodukter som direkte bidrar til å skape nye inntektskilder for kvinner i India!Better Living Projects AS er et etisk produksjonsagentur med
BETTER LIVING PROJECTS AS - 2019-02-03 - unspecified
Er du som pepper og salt som du kan brukes til alt? -
Stålverkskroken barnehage har en ledig stilling som Fagpedagog fra 1.juni 2019Vi søker en barnehagelærer med videreutdanning i spesialpedagogikk, språk og/eller veiledning.Stillingen er ikke tilknyttet en avdeling, men vil ha i samarbeid med styrer oppgaver knyttet til tilrettelegging for enkelt
BARNEHAGENETT AS - 2019-02-26 - unspecified
FELLESUTLYSNING- LÆRER I NORDRE-LAND-SKOLEN -
Fakta om stillingenDet er ledig et uspesifisert antall faste lærerstillinger i skolene fra 01.08.2019, samt vikariater for skoleåret 2019/20.Vi tilbyrNordre Land kommunegir kontaktlærertillegg ut over tariffavtalenfølger opp nyutdannede lærere med regionale samlingerhar hvert år studerende lærere
Nordre Land kommune - 2019-02-03 - unspecified
Har du lyst til å bli teamleder på et pilotprosjekt? -
Skal vi jobbe sammen?Føler du at du har en lagfører i ryggmargen og en selger i sjela, så er vi et godt stykke på vei. Hvis du i tillegg klarer å lære bort, lede og veilede på positivt, oppbyggende vis, så må vi få en søknad. Her vil du få mye ansvar, trygge rammer og en mulighet til å gjøre
Norges Røde Kors - 2019-01-22 - unspecified
IKT-ansvarlig - Eikeli videregående skole -
Org. nr: - Stillingsident: 4114683046 Presentasjon av stillingen: Vi søker en engasjert og dyktig IKT-ansvarligEikeli videregående skole har en ledig stilling som IKT-ansvarlig. Stillingen er 100 % fast med tiltredelse 23.09.2019. Skolens IKT-ansvarlig er en svært viktig person for elever og ansatte.
Eikeli videregående skole - 2019-08-08 - unspecified
Jobbkonsulent -
Ledige stillinger som Jobbkonsulent i FredrikstadLiker du mennesker og har stor tro på at ansvar gir vekst og utvikling? Da har vi en spennende og utviklende jobb som venter på deg. Fretex Jobb og Oppfølging AS er en innovativ arbeidsplass som endrer seg i takt med tiden.Vi skal starte opp tiltaket
FRETEX JOBB OG OPPFØLGING AS - 2019-05-21 - unspecified
Lærer med spesialpedagogisk kompetanse - Haug skole og ressurssenter -
Org. nr: - Stillingsident: 4105234071 Presentasjon av stillingen:Er du en engasjert, målbevisst og faglig dyktig pedagog med høye ambisjoner på elevenes vegne? Da ønsker vi deg på Haug skole!Haug skole og ressurssenter er en spesialskole for barn og unge innenfor et bredt spekter av funksjonsnedsettelser.
BÆRUM KOMMUNE - 2019-07-04 - unspecified
Ledig fastlegehjemmel ved Sentrum legesenter i Moss -
Jobbnorge ID: 162196Om Sentrum legesenterSentrum legesenter i Moss er et moderne 2-legesenter, i pendleavstand til Oslo. Lokalene ble totaloppusset i 2016. Legesenteret har reservert parkeringsplass med lademuligheter i P-hus. En av fastlegene slutter for å gå over til stilling ved sykehus. Listelengde
Moss kommune - 2018-12-28 - unspecified
Ledige stillinger ved Vega barnehage -
Vega Barnehage har 2 ledige vikar stillinger, 100% og 40% som barnehagelærer/pedagogisk leder med snarlig tiltredelse. Barnehagen er en 3 avdelings barnehage med ca. 47 barn totalt.Vår visjon er:Læring, trivsel og glede -- vi er alle til stedeVi kan tilby:Et godt arbeidsmiljøOrdnede pensjons- og
VEGA BARNEHAGE - 2019-02-02 - unspecified
Nu søker vi en butikksjef til Morris Tromsø -
Vi tilbyr deg en arbeidsplass med høyt tempo, hvor du møter mange spennende mennesker. Med oss ??får du muligheten til å utvikle deg selv og vi vil hele tiden utfordre oss til å bli bedre. Ditt bidrag er av stor betydning, og sammen med andre engasjerte og stolte medarbeidere er du med på å gjøre
MORRIS JEKTA TROMSØ - 2019-04-11 - unspecified
Postdoctoral Fellow in Evaluation of Public Health Policies -
Jobbnorge ID: 167308Job abstractJV_descriptionApplications are invited for a 2 year position (100 %) as Postdoctoral Fellow in Policy Evaluation to be employed by the Department of Nutrition, University of Oslo.The Postdoctor will work in a European \"Policy Evaluation Network (PEN)\" which is an action
Universitetet i Oslo - 2019-03-26 - unspecified
Project Accountant -
For one of our clients we are searching for a Project AccountantJob Description:InvoicingAccountingTime recordingInternal project reporting and reconciliation (i.e. month-end close, prognosis, budget)Support function vs. department managersQualifications:1-2 years economic/administrative education, relevant
ENGINEERING CONSULTANTS NORWAY AS - 2019-06-29 - unspecified
Psykolog i spesialisering / Psykologspesialist -
NKS Kvamsgrindkollektivet AS til langtids døgnbehandling til pasienter medrus og psykiske lidelser etter avtale med Helse-Midt RHF, samt poliklinisk behandlingfør- og etter innleggelse. Vi har to avdelinger i Trondheim, samt et poliklinisk team.I poliklinisk team vil du jobbe sammen med 3 psykologer
N K S KVAMSGRINDKOLLEKTIVET AS - 2019-08-20 - unspecified
Rådgiver - Avlevering -
Jobbnorge ID: 172412Om stillingenVi søker deg som har interesse for utfordrende og spennende oppgaver knyttet til håndtering offentlige data som skal bevares for ettertiden.Seksjonens hovedoppgaver knytter seg til veiledning overfor statlige virksomheter som avleverer papirbaserte og digitalt skapte
Statsarkivet i Trondheim - 2019-06-25 - unspecified
Regnskapsmedarbeider -
For kunde lokalisert sentralt i Kristiansand, søker vi regnskapsmedarbeiderArbeidsoppgaverBilagsregistrering, bokføring og remittering til bankFaktureringBankavstemmingKunde- og leverandørreskontroØnskede kvalifikasjonerUtdannelse innenfor regnskap/økonomiErfaring med regnskapsførselNorsk og engelsk
AZETS PEOPLE AS - 2019-01-06 - unspecified
Sekretær rådmannskontoret 100% stilling -
Vang kommune har ledig 100 % fast stilling i servicetorget.Stillinga ligg i rådmannen sin stab.Arbeidsoppgåver vil i hovudsak vera:Kundebehandling, sentralbord, post og fakturascanning, og enkel saksbehandling innan innkjøp og personal.Det er utarbeidd arbeidsbeskriving for stillinga. Det kan bli
VANG KOMMUNE RÅDMANNSKONTORET - 2019-04-24 - unspecified
Selger Dressmann Sørlandssenteret ca 60% -
På Dressmann elsker vi glade mennesker!Vi har stor tro på at glade mennesker gir glade opplevelser og vår målsetning er å få alle våre kunder i godt humør. Vi ønsker at våre kunder skal oppleve service, kvalitet og utvalg til den beste prisen. Vi er nøye i jakten på de rette personene, og
DRESSMANN AS - 2019-05-24 - unspecified
Sentral og spennende rolle innen porteføljestyring i Husbanken -
Org. nr: - Stillingsident: 4048352612 Presentasjon av stillingen:Strategi, styring og rapportering er en avdeling i kontoret for Styring og utvikling. Kontoret har ansvaret for strategisk og operativ styring og utvikling, langtidsplanlegging, dialog med departementene, styring av Husbankens totale utviklingsportefølje
Husbanken - 2019-03-22 - unspecified
Servitør Deltid -
Til vår avdeling på Stjørdal, som åpnet i kjøpmannsgata Februar 2018 søker vi etter flere servitører til å bli med på laget. Som servitør i Grobian er det viktig at du har en stor interesse for det vi driver med, du trenger nødvendigvis ikke å kunne så mye fra før, men du må være villig
GROBIAN STJØRDAL AS - 2018-12-04 - unspecified
Søker du nye utfordringer? Vi ansetter prosjektleder i Trondheim -
Mesta er ansvarlig entreprenør på driftskontrakt Trondheim Ytre, som omfatter vegnettet i Trondheim . Avdelingen holder til på Tempe i Trondheim. Det er 12 ansatte driftskontrakten.Vi søker etter ny prosjektleder til å lede og videreutvikle prosjektet som består av egne ansatte og flere underentreprenører.Vi
MESTA AS - 2019-01-26 - unspecified
Sommervikarer på Saltstraumen Hotel -
Vi søker ekstrahjelp/ferievikar for sommersesongen 2019.Vi søker etter en kjøkkenmedarbeider med kjennskap til arbeid på kjøkken i 80 % stilling med mulighet for ekstravakter.Vi søker etter en hotellmedarbeider med hovedsaklig arbeid i servering/bar i 80 % stilling med mulighet for ekstravakter.Vi
SALTSTRAUMEN HOTELL DRIFT AS - 2019-05-14 - unspecified
Sykepleier - 4 faste stillinger 75% -
Stillingstittel: Sykepleier Avdeling og tjenestested: Furumoen sykehjem Furumoen sykehjem er det største sykehjemmet i Narvik kommune med sine 111 plasser fordelt på 6 avdelinger, samt et dagsenter for hjemmeboende. Furumoen sykehjem har en rekke fagområder som omfatter demens, somatikk,
Furumoen sykehjem, Narvik kommune - 2019-03-20 - unspecified
Tavlebyggere - 2 stillinger - helst erfarne montører fra tavleverksted -
unspecified
Langsjøen Elektro AS - 2019-03-15 - unspecified
Vikariat for tannlege ved Stokke tannklinikk, Vestfold -
Vi søker etter en dyktig vikartannlege som kan starte så snart som mulig.Vi søker en faglig dyktig tannlege som ønsker å bidra til å løse tannhelsesektorens samfunnsoppdrag.Du har godt humør og er en fleksibel person med gode samarbeidsevner.Vi kan tilby en spennende stilling med varierte arbeidsoppgaver.Vi
VESTFOLD FYLKESKOMMUNE TANNHELSESEK - 2019-02-19 - unspecified
Vikariat som Rådgiver kode 1434 / Seniorrådgiver 1364 - Fagsenteret for NAV Hjelpemidler og tilrettelegging -
NAV Hjelpemidler og tilrettelegging er et nasjonalt resultatområde i NAV. Resultatområdet har 1400 ansatte på landsbasis. Vi skal bidra til en likeverdig og helhetlig problemløsning for mennesker med funksjonsnedsettelser og våre fylkesenheter er ressurs og kompetansesentra innen hjelpemiddelformidling
NAV Senter for yrkesrettet attføring - SYA - 2019-05-15 - unspecified
Vil du gjøre Norge ferskere og sunnere? -
Bama Trading sin terminal på Nyland syd har 194 dyktige og engasjerte medarbeidere. Den drives døgnkontinuerlig 6 dager i uken, og er selve navet i den inn/utgående logistikken i Bama. Sammen med de øvrige på trading er oppgaven til terminalen å levere frukt og grønt til riktig tid, sted og mengde
BAMA GRUPPEN AS - 2019-07-03 - unspecified