Job Postdoktor unspecified Universitetet i Bergen - jobbtilbud

GJELDER
id: MTIwOTE5MDEwMDAxNjEgMjYx

reference: 12091901000161

documentId: 12091901000161

connectionPointId: 261

Stillingstittel: Postdoktor

Stillingsbeskrivelse:
Jobbnorge ID: 162557

Ved Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium er det ledig ei stilling som postdoktor med tilsetjing 1.april 2019.

 

Stillinga er for ein periode på 3 år og knytt til prosjektet "Transformations of Medieval Law: Innovation and Application in Early Modern Norwegian Law Books". Prosjektet er finansiert av Bergens forskningsstiftelse og Universitetet i Bergen.

 

Om postdoktorprosjektet og arbeidsoppgåvene

Hovudprosjektet «Transformations of Medieval Law» granskar omformingane av den norske lovkodeks frå 1274, Landslova.

 

Postdoktorprosjektet skal forske på rettarbøtene til Landslova og vidare ta opp følgjande spørsmål:

  • Korleis og kvifor vart Landslova omforma frå å vere ei mellomalderlov til å reflektere behova til eit tidleg-moderne samfunn, og korleis kjem dette fram i manuskripta?

 

Vidare må ein ta omsyn til to underordna spørsmål når ein utformar søknaden for postdoktorprosjektet:

  • Til kva delar av lova vart det gjeve rettarbøter og kvifor?
  • Korleis og kvifor vart rettarbøtene inkorporerte i lovmanuskript?

Den metodologiske tilnærminga må byggje på materiell filologi.

 

Postdoktorstillinga skal også medverke til å utvikle hovudprosjektet. Det er venta at den som får postdoktorstillinga, skal sjekke transkripsjonen av nokre manuskript, vere med på å byggje opp ein database av manuskript av interesse for prosjektet, assistere ved organiseringa av konferansar, og engasjere seg i formidling og sosiale medium som del av prosjektet. Søkjarar må også vere villige til å lære seg elementær norsk om dei ikkje tidlegare har trening i å bruke eit moderne skandinavisk språk. Søkjarar kan kontakte helen.leslie (at) uib.no for å få ein kopi av prosjektomtalen.

 

Kvalifikasjonar og eigenskapar

Søkjarar må ha oppnådd norsk ph.d.-grad i eit emne som er relevant for prosjektet (t.d. norrøn filologi, rettsvitskap eller historie), eller tilsvarande utdanning frå utlandet. Det er ein føresetnad at doktorgraden er oppnådd innen 1. april 2019. Søkjarar må ha gode engelskkunnskapar.

 

Særlege krav for stillinga

Det er viktig med inngåande kjennskap til kodikologi og paleografi. Det er nødvendig med kunnskapar i norrønt og at ein beherskar engelsk munnleg og skriftleg. Kunnskapar i latin vil vere ein fordel, det same vil tidlegare erfaring med gransking av juridiske emne eller norske lover i mellomalder/ tidleg nytid.

 

Kandidaten må vere sjølvstendig og motivert, arbeide på ein strukturert måte, ha gode samarbeidsevner, og vere villig til å yte sitt til forskingssamarbeid (som t.d. felles vitskaplege artiklar og foredrag).

 

Om postdoktorstillinga

Postdoktorstillinga er ei åremålsstilling og har som hovudmål å kvalifisere den som blir tilsett for arbeid i faglege toppstillingar. Åremålsperioden for denne stillinga er 3 år. Ingen kan tilsetjast i meir enn éin åremålsperiode som postdoktor ved same institusjon.

 

Det er ein føresetnad at prosjektet blir fullført innanfor tilsetjingsperioden.

 

Kandidaten som vert tilsett har arbeidsplassen sin ved Universitetet i Bergen, Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium og må til ein kvar tid rette seg etter dei retningslinjene som gjeld for stillinga.

 

Vi tilbyr

  • Eit godt og fagleg utfordrande arbeidsmiljø

  • Løn tilsvarande lønssteg 59 (kode 1352/LR 24) i det statlege lønsregulativet. Dette utgjer ei årsløn på omlag kr. 514.800 brutto. Vidare opprykk skjer etter tenesteansiennitet i stillinga. Det vert trekt 2% pensjonsinnskot til Statens pensjonskasse.

  • Medlemsskap i Statens pensjonskasse

  • Stilling i ei inkluderande arbeidslivsverksemd (IA-verksemd)

  • Gode velferdsordningar

Slik søkjer du stillinga

Søknaden skal sendast elektronisk via lenka "SØK STILLINGEN" på denne sida. Søkjaren må nytte det elektroniske CV-skjemaet, og søknaden skal innehalde:

  • Ei kort utgreiing om forskingsinteressene til søkjaren og motivasjonen for å søkje på stillinga

  • Prosjektomtale (maks 5 sider)

  • Framdriftsplan for prosjektet

  • Bibliografi til prosjektomtalen

  • Eit kort samandrag av doktorgradsavhandlinga (maks 3 sider)

  • Namn og kontaktopplysningar til to referansepersonar, ein av desse må vere hovudrettleiaren frå doktorgradsutdanninga

  • CV

  • Karakterutskrifter og vitnemål

  • Relevante attestar

  • Liste over vitskaplege arbeid (publikasjonsliste)

  • Eventuelle publikasjonar (maks 3)

     

Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i Jobbnorge.

 

Generell informasjon

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til: Dr. Helen F. Leslie-Jacobsen, helen.leslie (at) uib.no, Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium.

 

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er eit personalpolitisk mål å få ei balansert alders- og kjønnssamansetning. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar. Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Spørsmål om den elektroniske søknadsprosedyren skal rettast til fakadm (at) hf.uib.no.

 

For meir informasjon om tilsettingsprosessen klikk her.

 

 

Søknadsfrist: 03.02.2019

Merk søknaden: 18/14750



Se annonsen og søk på stillingen www.jobbnorge.no

numberOfPosts: 1

jobCategoriesCodes_0: http://data.europa.eu/esco/isco/C2611

abstractJV_contact_0: See jobabstractJV_description

Arbeidsgiver Navn: Universitetet i Bergen

source: NAV

GJELDER

Similiar jobbtilbud

87 % fast stilling som sykepleier/vernepleier med videreutdanning i psykisk helsearbeid -

Org. nr: - Stillingsident: 4091323363 Presentasjon av stillingen:Bergen bosenter er et kommunalt bosenter for 20 personer. Beboerne er fordelt på to avdelinger, Knappen 1 og Knappen 2. Knappen 2 har langvaktsturnus med 12,5 timers arbeidsdag og egne nattevakter som jobber 10 timers vakter.Beboerne har
BERGEN BOSENTER SEKSJON KNAPPEN - 2019-08-16 - unspecified

Anleggsmaskinførere -

Risa vokser i nye og etablerte markeder. Vi har spennende oppdragsgivere og satser på folkene våre. Det er de ansatte som er kjernen i Risakulturen.ArbeidsoppgaverVi trenger flere gode folk med på laget og søker etter erfarne anleggsmaskinførere til våre prosjekt på HaugalandetKvalifikasjonerØnskelig
Risa AS - 2019-05-24 - unspecified

Barnehagelærer - se her! -

PVS Bergen har konstant behov for utdannede barnehagelærere. Vi har løpende korte og lengre vikariater.Ta kontakt om du:Er godkjent barnehagelærer/førskolelærerEr flink til å samarbeideHar god orden og oversiktEr selvstendigEr engasjert og omsorgsfullKvalifikasjoner:Relevant erfaringHøgskoleutdanning
Pedagogisk Vikarsentral - 2019-01-15 - unspecified

Befrakter Partilast TTO -

Stillingen er dagskift, m/ telefonvaktArbeidsområde /ansvarsområde/rolle:bindeledd mellom i hovedsak kunder, transportører og Bring sørge for optimal utnyttelse av transportkapasitetenskaffe ekstra transport materiell ved behov og Megling, ad-hoc oppdragavregne transportører ihht utførte oppdragtur
POSTEN NORGE AS - 2018-12-14 - unspecified

Elektrikere -

Fra våre avdelinger i Frydenbø Industri i Nord vil du få muligheten til å reise rundt til våre kunder i region nord. Vi har rammeavtaler med store aktører i markedet og variasjonen i oppdragene er store. Våre kunder er i stor grad er knyttet til kystfiskeflåten, oppdrettsnæringen og passasjertransport.
FRYDENBØ INDUSTRI ØKSFJORD AS - 2018-12-15 - unspecified

Er du en Legal-tech geek? -

Er DU en legal-tech GEEK? - Elsker å jobbe med fremtidens produkter. Digger Ai og Machine learning? Vil være med å utvikle nytenkende teknologi til virkelighet for advokatbransjen? Da vil vi møte deg- for vi trenger deg NÅ. Vi ansetter nå for vår leveranseavdeling flere dyktige og motiverte kollegaer.Arbeidbeskrivelse:Vi
AYFIE AS - 2019-05-07 - unspecified

Erfaren platearbeider og sveiser søkes -

Med økt oppdragsmengde søker vi etter flere operatører til vårt firma.Vi søker dyktige og selvstendige platearbeidere med fagbrev/relevant erfaring og sertifiserte sveisere.Søker må kunne lese arbeidstegning. En stor fordel er erfaring på byggeprosjekter.Du må like å jobbe i prosjekter, arbeide
AGDER INDUSTRI OG HYDRAULIKK AS - 2019-08-14 - unspecified

Fagleder -

Ønsker du å prøve deg som fagleder? Det er ledig et vikariat hos oss. Fagleder vil ivareta opplæring og ha ansvar for at boligen tilbyr forsvarlige tjenester, sikre god medikamenthåndtering og gode rutiner. Fagleder vil også være medansvarlig for turnusplanlegging.Brennaveien er
Brennaveien bosenter, Nittedal kommune - 2018-12-29 - unspecified

Fagleiar, strategi/ ekstern forskingsfinansiering - Seksjon for forsking og innovasjon -

Det er ledig ein fast 100% stilling som fagleiar eller spesialrådgivar i Forskings- og utviklingsavdelinga, Seksjon for forsking og innovasjon.Seksjonen yter administrative tenester innan forsking og innovasjon og har ein sentral posisjon i vidareutviklinga av rammene for dette, både i Helse Bergen
Helse Bergen Hf Haukeland Universitetssjukehus - 2019-03-30 - unspecified

Konsulent Infosenter -

Infosenter har en viktig funksjon til å bidra med å utvikle selskapet, blant annet baseret på innsikt gitt fra markedet. Infosenter besvarer henvendelser og gir informasjon om fordelsprogrammet LOfavør via telefon, e-post og andre digitale kanaler. Vi har behov for en ny ressurs, og er spesielt på
SPAREBANK 1 SAMSPAR AS - 2019-08-14 - unspecified

Konsulent - Tekninsk kundesenter -

Medisinsk-teknologisk virksomhetsområde (MTV), en del av Oslo sykehusservice, er Norges største medisinsk-teknologiske sykehusmiljø med nærmere 110 ansatte. MTV er et kompetansesenter for medisinsk teknologi i Oslo universitetssykehus HF, og vi har det overordnede ansvaret for alt det medisinsk-tekniske
Oslo sykehusservice Serviceseksjonen MTU Ullevål - 2019-03-06 - unspecified

Kontaktlærer -

Org. nr: - Stillingsident: 4058225123 Presentasjon av stillingen:ArbeidsoppgaverUndervisning barneskole, kontaktlærerKvalifikasjonerAllmennlærerutdanning God kompetanse i klasseledelse God kompetanse i IKT Gyldig politiattestPersonlige egenskaperSøker må ha gode samarbeidsevner og være løsningsfokusert.
Landås skole - 2019-04-09 - unspecified

Nyhetsjournalist i NRK Troms -

NRK Troms har ledig fast jobb som nyhetsjournalistVi ønsker oss en solid journalist som både kan jobbe selvstendig, og er en lagspiller. I tillegg til å jobbe som nyhetsreporter vil du være aktuell for å jobbe med programledelse fra studio og felt på alle plattformer.ArbeidsoppgaverNRK Troms er
Norsk rikskringkasting AS - 2019-05-11 - unspecified

Personlig assistent for mann i 50 årene - Hjemmetjenester - Brukerstyrt (Bpa) -

Mann i 50-årene søker etter BPA (Brukerstyrt Personlig Assistent). Vi ser etter deg som er tålmodig, raus og opptatt av trening/rehabilitering. Helsefagarbeidere og studenter/elever oppfordres til å søke. Du vil få god opplæring. Arbeidstiden er en dag pr. uke. ( 9 timer )Vi søker etter: 25%
Horten kommune - 2019-05-09 - unspecified

Politiadvokat 2 - Felles enhet for påtale - Seksjon for påtalejurister -

Org. nr: - Stillingsident: 4061249248 Presentasjon av stillingen:Ved Felles enhet for påtale - seksjon for påtalejurister er det ledig et vikariat i stilling som politiadvokat 2. Vikariatet har varighet til 31.12.2019. Dersom det ikke er kvalifiserte søkere vil det bli tilsatt i stilling som politiadvokat
Vestfinnmark politidistrikt - 2019-06-12 - unspecified

Søker dyktig bilklargjører -

For kunde i Moss søker vi dyktig bilklargjører.Vi ønsker:At du er praktisk anlagt og har interesse for bilErfaring med kosmetisk klargjøring av nye og brukte biler, vask og poleringLiker utfordringer, er serviceinnstilt, utadvendt og fleksibelAt du er ved god helseFørerkort klasse BMå kommunisere
AKTIV BEMANNING NORGE AS - 2019-01-26 - unspecified

Spesialkonsulent IKT/systemkoordinator (Gerica) - Oslo kommune, Velferdsetaten -

I forbindelse med at Velferdsetaten har fått ansvaret for administrasjon og oppfølging av konsesjonsordningen for hjemmetjenester er det opprettet en ny stilling som systemkoordinator for Gerica. Stillingen vil ha rollen systemkoordinator for kvalitetssikring av brukerdata, sikkerhetsfunksjoner, tilgangsrettigheter
Oslo kommune, Velferdsetaten - 2018-12-19 - unspecified

Undervisning: Fellesfag - Laksevåg vgs -

Org. nr: 974557355 Stillingsident: 4097453474 Presentasjon av stillinga:Laksevåg videregående skole har desse utdanningsprogramma:- Bygg- og anleggsteknikk- Elektrofag- Elektrofag med spesiell studiekompetanse- Teknikk og industriell produksjonLaksevåg videregående skole har ca 600 elevar og lærlingar,
Laksevåg videregående skole - 2019-06-15 - unspecified

unspecified -

unspecified
##pracodawca## - 2019-12-03 - unspecified

unspecified -

unspecified
##pracodawca## - 2019-11-02 - unspecified

unspecified -

unspecified
##pracodawca## - 2019-11-21 - unspecified

unspecified -

unspecified
##pracodawca## - 2019-11-14 - unspecified

unspecified -

unspecified
##pracodawca## - 2019-12-06 - unspecified

unspecified -

unspecified
##pracodawca## - 2019-11-29 - unspecified

unspecified -

unspecified
##pracodawca## - 2019-12-03 - unspecified

Vi søker dyktig innkjøpsassistent -

For vår kunde søker vi en dyktig innkjøpsassistent til spennende vikariat med snarlig oppstart.Ditt ansvar vil være egendefinerte oppgaver i tillegg til å bistå og avlaste innkjøperne. Det handler om innkjøp til lager for å til enhver tid sikre at det er varer tilgjengelig til utsendelse til
RANDSTAD AS - 2019-03-26 - unspecified

Vi søker etter Barme - og ungdomsarbeider/ assistent -

Vi søker deg som liker å være mye ute og har interesse for natur og friluftsliv. Du er personlig egnet, kvikk på foten, fleksibel på arbeidstid og er glad i å være mye ute med interesse av å gi barna \"Den gode barndom\".Stillingen er et engasjement i fulltidsstilling med arbeidsplass i Asker,
Sem Barnehage - 2019-02-03 - unspecified

Vil du bli Martela sin nye Key Account Manager? -

Martela er inne i en svært positiv utvikling i Norge. Vi søker nå, til avdelingskontoret i Oslo:Key Account ManagerMartela presenterer et helt nytt konsept for salg av tjenester, møbler og innredning til kontor og skole. Til avdelingen Martela Lifecycle Sales, trenger Martela i Oslo en dyktig KAM.Arbeidsoppgaver:Anbudsbesvarelser
Martela AS - 2019-05-04 - unspecified

Vil du jobbe med konstruksjon av spennende signalbygg? -

Vi har et sterkt faglig konstruksjonsmiljø på om lag 50 ingeniører lokalisert på 4 sentrale kontorer i Norge, og jobber med mange spennende prosjekter både innenfor bygge- og anleggsektoren. Nå skal vi ansette enda flere dyktige konstruktører, både i Trondheim, Hjørungavåg, Bergen, Stavanger
SPENNCON RAIL AS - 2019-03-30 - unspecified

 
 
nettstedet generert i 0.20785307884216 sekunder