Job Førsteamanuensis/universitetslektor unspecified Universitetet i Bergen - jobbtilbud

GJELDER
id: MTIwOTE5MDIwMDAwMDEgMjYx

reference: 12091902000001

documentId: 12091902000001

connectionPointId: 261

Stillingstittel: Førsteamanuensis/universitetslektor

Stillingsbeskrivelse:
Jobbnorge ID: 163809

UiB - Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Video: https://www.youtube.com/watch?v=0E0cOZpZQXY


Førsteamanuensis/universitetslektor

Ved Det medisinske fakultet, Eining for læring, er det ledig ei 3-årig stilling (30-50 %) som førsteamanuensis. Dersom det ikkje er søkjarar med kompetanse som førsteamanuensis, kan det vere aktuelt å tilsetje som universitetslektor. Søkjar må opplyse kva stillingsprosent ein ønskjer og uttak av arbeidstid må avklarast med fakultet og hovudarbeidsgjevar før tilsetjing. Det er ønskeleg med snarleg start i stillinga. Stillinga er finansiert av Det medisinske fakultet og strategiske midlar frå UiB.

Om Eining for læring (EFL)

Eining for læring er ei fagleg eining med vitskapleg tilsette som har oppgåver knytt til kompetanseheving av dei øvre tilsette ved fakultetet samt medisinsk- og helsefagleg pedagogisk forsking. Eining for læring held til i Armauer Hansens Hus.

https://www.uib.no/med/enhetforl%C3%A6ring

Den som blir tilsett skal delta i undervisning av dei tilsette ved fakultetet og på anna måte legge til rette for at fakultetet sine tilsette i små stillingsbrøkar kvalifiserer til pedagogisk basiskompetanse. Den som vert tilsett vil òg ta del i EFL si generelle verksemd og ha EFL som dagleg arbeidsplass.


Arbeidsoppgåver/forskingsområde:

Den som vert tilsett i stillinga vil arbeide med pedagogisk stabsutvikling tilknytt eit 3-årig prosjekt som har som mål å sikre pedagogisk basiskompetanse for tilsette i små stillingsbrøker. Fakultetet har mange tilsette i denne kategorien og store delar av undervisning og rettleiing som finn stad i våre studieprogram vert utført av denne gruppa tilsette. Prosjektet tar sikte på å utvikle ordningar som gjer at flest mogleg vert kvalifisert og får godkjent pedagogisk basiskompetanse innan 3 år.

Det vert lagt vekt på universitetspedagogisk kompetanse og evne til å formidle og demonstrere pedagogisk verksemd i tråd med forsking på det utdanningsfaglege feltet, samt evne til å leggje til rette for pedagogisk kompetanseheving blant dei tilsette.

Arbeidsoppgåver som inngår i stillinga er:

  • finne fram til aktuelle kandidatar for tiltaket og identifisere deira behov for å kunne innfri krav til pedagogisk basiskompetanse
  • delta i arbeidet med å utvikle vurderingskriterier og støttetiltak som kan gje godkjent pedagogisk basiskompetanse
  • vere med å utvikle dokumentasjonsordningar for pedagogisk kompetanse for dei tilsette, gjerne gjennom ei digital pedagogisk mappe
  • knyte nettverk til anna universitetspedagogisk verksemd og initiere samarbeid om kompetansebyggingstiltak
  • medverke til at undervisarar og fagmiljø har tilgang til stabsutvikling: faste strukturar for erfaringsutveksling, kurs, rettleiing og pedagogisk teori
  • undervisning og vurdering

For førsteamanuensis skal forskingsdelen av stillinga knytast opp mot det medisinsk-utdanningsfaglege feltet. For universitetslektorstilling er det forventa at heile stillinga skal brukast til prosjektarbeidet, med moglegheit for forskingsbasert evaluering av tiltaka.


Kvalifikasjonar og eigenskapar:

Den som vert tilsett må kunne arbeide tverrfagleg mot alle grupper av fagleg tilsette. Personen må ha god kjennskap til dei ulike studieprogramma som fakultetet tilbyr, og ha solid praktisk og teoretisk kunnskap om dei undervisnings- og vurderingsformer som er aktuelle for medisin- og helsefagutdanningane. Dette inkludere moderne undervisningsformer og bruk av digital læringsteknologi.

  • for førsteamanuensis er det eit krav at søkjar har relevant norsk ph.d. grad eller tilsvarande kompetanse.  For universitetslektor må søkjar ha mastergrad i eit helsefag eller pedagogikk med relevans for helsefaga
  • søkjar må ha dokumentert pedagogisk basiskompetanse som til dømes universitetspedagogisk basisutdanning eller tilsvarande. Den som vert tilsett vil få tilbod om opplæring dersom kravet ikkje er oppfylt før tilsetjing
  • søkjar må kunne arbeide og undervise både på norsk og engelsk
  • det vert lagt vekt på erfaring innan prosjektleiing, koordinering av utdanningsaktivitet og dokumenterte pedagogiske eigenskapar i praksis.
  • det vert lagt vekt på dokumentert vilje og evne til samarbeid

Intervju og prøveførelesning vil bli brukt i rekrutteringsprosessen. Tilsetjinga går føre seg på grunnlag av ei totalvurdering av søkjaren sine kvalifikasjonar og evne å innfri prosjektet sitt mål.


Vi tilbyr:
  • spanande og utviklande arbeidsoppgåver i eit sterkt fagmiljø
  • faglege utfordringar med gode høve for personleg utvikling og kompetanseutvikling
  • for førsteamanuensis løn etter lønssteg 66 (kode 1011/lønsrame 24.10), for tida kr 586 500, eller lønssteg 68 (spesialistutdanning) for tida kr 607 700, brutto for ei fulltidsstilling i lønsregulativet til staten, vidare opprykk etter tenesteansiennitet i stillinga. Universitetslektor vert lønt etter lønssteg 51-61 (kode 1009/lønsrame 25.5), for tida kr 449 400 - 534 100 brutto pr. år for ei fulltidsstilling, etter tenesteansiennitet. For særleg kvalifisert søkjar kan det verte aktuelt å vurdere høgare løn
  • medlemsskap i Statens pensjonskasse
  • gode velferdsordningar

Søknaden skal innehalde:
  • ei kort utgreiing om søkjaren sin motivasjon for å søkje stillinga
  • vitnemål/karakterutskrifter (all høgare utdanning) og relevante attestar
  • fullstendig publikasjonsliste
  • vedlegg som dokumenterer dine pedagogiske kvalifikasjonar samt ei liste over desse
  • ei liste over vitskapelege arbeid du vil det skal takast omsyn til ved vurderinga, med opplysning om kvar dei er offentleggjorde
  • vitskapelege arbeid du vil det skal takast omsyn til ved vurderinga (maks 10) i passande format (pdf) skal følgje med søknaden som vedlegg
  • to referansar (namn og kontaktinformasjon)

Det er særs viktig at kvart av dei vitskaplege arbeida som det skal takast omsyn til ved vurderinga i sin heilskap vert lasta opp som vedlegg til søknaden.


Generell informasjon

Utfyllande opplysningar om stillinga får ein ved å kontakte leiar for Eining for læring  Monika Kvernenes, tlf. 55 58 65 99, e-post: monika.kvernenes (at) uib.no, eller Steinar Hunskår, prodekan for utdanning, tlf.: 55 58 20 85, e-post: steinar.hunskar (at) uib.no

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Kvinner vert spesielt oppmoda om å søkje. Dersom dei sakkunnige finn at fleire søkjarar har tilnærma like kvalifikasjonar, vil reglane om kjønnskvotering i Personalreglementet for vitskaplege stillingar verte følgde.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar. Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.




Se annonsen og søk på stillingen www.jobbnorge.no

numberOfPosts: 1

jobCategoriesCodes_0: http://data.europa.eu/esco/isco/C2310

abstractJV_contact_0: See jobabstractJV_description

Arbeidsgiver Navn: Universitetet i Bergen

source: NAV

GJELDER

Similiar jobbtilbud

Ansvarlig driver kafeteria -

Kafe LederLeder kunnskaper:Tydelig og fokusert leder stil.Inkluderende og støttende ovenfor sine medarbeidere.Erfaring med å lede gjennom andre.Løsning orientert og ser løsninger for sine kunder og ansatte.Har evne til å jobbe strategisk og langsiktig med et cafe-konsept og drift.Gode administrative
SENTRALENMAT AS - 2019-03-26 - unspecified

Back-End Engineer -

Lawbotics is Norway's leading legal tech company and we're growing fast. Now we're looking for an ambitious and driven back-end engineer to help us accelerate! You'll be working on back-end code in an industry that's relatively inexperienced with technology. This will involve fast paced tested development
LAWBOTICS AS - 2019-01-19 - unspecified

Discipline engineer electrical power engineering (elkraft) -

Dovre Group is pleased to offer the following key contract positions: Discipline engineer electrical power engineering (elkraft)Work Location: BergenStart date: ASAP - 31.12.2019Option period: 2x6 monthsNumber of Consultants: 2Please be aware that the closing date is our closing date for submitting the
DOVRE GROUP PROJECTS AS - 2018-11-29 - unspecified

Er du vår nye designrådgiver? -

Er du vår nye designrådgiver?Vi søker deg med erfaring fra designledelse fra byrå- eller kundeside hvor du har jobbet med utvikling og ivaretagelse av visuell identitet for kunder som bruker visuellkommunikasjon som strategisk virkemiddel.Du kan lede prosjekter innen grafisk design, identitetsutvikling,
MIKSMASTER AS - 2019-07-02 - unspecified

Er du vår nye rektor ved Galleberg skole? -

Holmestrand og Sande kommuner blir en samlet kommune fra 1.1.2020. Stillingen som rektor ved Galleberg skole innplasseres i den nye kommunen. Våre skoler har jobbet målrettet med digitalisering, språk, tilpasset opplæring, tidlig innsats og elevers trivsel for å nevne noen hovedområder. Fram mot
Galleberg skole - 2019-03-26 - unspecified

Er du vår nye selger? -

Byggmakker Overhalla søker en strukturert og service- innstilt selger for arbeid i varemottak og butikk.ARBEIDSOPPGAVER:- Hovedansvarlig for mottak av varer inn til bedriftens lager.- Salg av trelast, byggevare, jernvare og maling.- Betjening av kunder i kasse.- Varepåfylling og sørge for at butikken
GIPLING AS - 2019-01-24 - unspecified

Erfaren saksbehandler innen barnevern søkes. God lønn, samt dekt reise og bolig. -

Saksbehandler til barnevernstjeneste - oppdrag i TrøndelagDedicare trenger deg som har erfaring fra saksbehandling i førstelinje i kommunal barnevernstjeneste. Du har gode kunnskaper rundt gjeldende lovverk og kompetanse innen saksbehandling i tråd med disse, og håndterer større arbeidsmengde i
Dedicare AS - 2019-07-02 - unspecified

Fagarbeider SFO -

Org. nr: - Stillingsident: 4103215578 Presentasjon av stillingen:Garderåsen SFO søker en dyktig fagarbeider innen barne- og ungdomsarbeiderfaget!ArbeidsoppgaverDelta og organisere aktiviteter for barn på SFO før- og etter skoletid.Utføre rutineoppgaver så som matservering, rydding og annet arbeid
GARDERÅSEN SFO - 2019-07-09 - unspecified

Ferievikarer 2019 - Sanitetshjemmet (assistenter/sykepleierstudenter) -

Presentasjon av stillingen:Har du lyst på spennende og meningsfylt feriejobb?Vi trenger flere dyktige og motiverte medarbeidere, og kanskje du er en av disse?I juni, juli og august trenger vi flere til å utføre praktisk bistand/pleie- og omsorgsarbeid i sykehjemmene.Vi ønsker derfor å komme i kontakt
Ålesund kommune - 2019-01-29 - unspecified

Førsteamanuensis -

Jobbnorge ID: 165324UiB - Kunnskap som formar samfunnetGjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.Vil du vere med å forme framtida?Video: https://www.youtube.com/watch?v=0E0cOZpZQXYFørsteamanuensisVed
Universitetet i Bergen - 2019-02-19 - unspecified

Har du lyst til å være en del av et kundesenter hvor det er høyt fokus på service og salgsresultater? -

Har du lyst til å være en del av et kundesenter hvor det er høyt fokus på service og salgsresultater? Da har du muligheten nå i et av Norges største boligbyggelag.Om stillingenUsbl sitt medlemsprogram er i vekst og vi får stadig flere attraktive partnere. Du vil være en del av vår førstelinje
Ungdommens Selvbyggerlag BBL - 2019-08-07 - unspecified

Head Energy is looking for a Mechanical Engineer -

Head Energy is glad to offer the following contract position as Mechanical Engineer.Job Description:Coordinate, report status and ensure progress for Engineering response to Commissioning and Operation queriesPunch and Warranty issues within Mechanical disciplineCoordinate and lead modification projects
HEAD ENERGY CONSULTING AS - 2019-06-18 - unspecified

Helgestilling Randaberg avlastningssenter -

Randaberg avlastningssenter ligger i gåavstand til Randaberg sentrum som har gode bussforbindelser. Vi flyttet inn i nytt bygg sommeren 2017, og drifter avlastning til 15 barn og en barnebolig.Om stillingenVi søker en engasjert pleiemedarbeider til Randaberg Avlastningssenter. Dette er en fast annenhver
RANDABERG AVLASTNINGSENTER - 2019-03-15 - unspecified

HR Advisor in Kongsberg -

Responsibility:Actively support HR Business Partners within Recruitment and Hire, Compensation and Benefits and HR Administration.Main tasks:Providing advice and assistance to management and staff on human resources policies, procedures and legislation. Assist in the monitoring of HR compliance issues
Adecco Norge AS - 2019-05-14 - unspecified

Interiørkonsulent -

På vegne av Inventum Rogaland Tre og Stål AS, søker vi en interiørkonsulent for langvarig oppdrag.Selskapet er en totalleverandør av interiør og utstyr til næringslivet, skole og offentlige institusjoner.Gjennom mer enn 70 år i bransjen har Inventum opparbeidet seg et solid renommé, og har en
INVENTUM EIENDOM AS - 2018-11-30 - unspecified

Lærer grunnskole - helse og barnevern 100 % fast -

Skolen søker lærer som kan undervise i vår grunnskoleavdeling (barnetrinn og ungdomstrinn), med fordypning i minst et av basisfagene matematikk/norsk/engelsk. Undervisningen vil foregå 1:1, i små og store grupper.KvalifikasjonerGodkjent pedagogisk utdannelse etter gjeldene krav. Det er ønskelig
SMI-skolen - 2019-04-05 - unspecified

Matros i sambandet Brekstad - Valset - Fjord1 - Maritim Drift -

Fjord1 har ledig vikariat i stilling som matros i sambandet Brekstad - Valset, på vårt flotte heilelektriske nybygg MF Austrått.ArbeidsoppgåverBillettering, bruvakt og forefallande arbeid om bordAlterneringsplikt mellom dekk og maskinArbeidsoppgåver som vert pålagt av næraste overordnaOppgåver
Fjord1 ASA - 2018-11-29 - unspecified

Pedagogisk leder / barnehagelærer 100% vik. -

Jobbnorge ID: 170358Om stillingenVik oppvekstsenter ligger 6 km fra Borkenes sentrum, på vei mot Sortland. Oppvekstsenteret består av barnehage, skole og SFO, og har felles enhetsleder.Vik oppvekstsenter, læringsarena barnehage har ledig 100% vikariat som pedagogisk leder fra 15.august 2019 tom. 31.07.19ArbeidsoppgaverPedagogisk
VIK OPPVEKSTSENTER - 2019-05-14 - unspecified

Salgskonsulent Nortura Proff -

Da en av våre ansatte slutter, trenger vi en ny medarbeider som skal ha ansvaret for salgsområdet Sogn og fjordane.Nortura Proff sin selger til Storkjøkken, opererer selvstendig med ansvar for egen kunde og produktportefølje.Arbeidsoppgaver:oppfølging av Storkjøkken marked i eget salgsdistriktmålrettet
Nortura Førde - 2019-08-15 - unspecified

Sekretær - Strax-huset -

Strax-huset er en bydekkende enhet og yter en rekke sosiale tjenester og helsetjenester. Målgruppen for tjenesteytingen er personer med alvorlig avhengighet og problemer knyttet til bruk av illegale narkotiske stoffer, ofte i blanding med legemidler og alkohol. Strax-husets tjenesteyting er organisert
Bergen kommune - 2019-01-29 - unspecified

Sommerjobb i butikk -

På vegne av vår samarbeidspartner leter vi nå etter en serviceinnstilt og positiv butikkmedarbeider, til et 100% sommervikariat.Arbeidsoppgaver:Kundebehandling og salgBlanding av malingNoe lagerarbeidArbeidstid:Arbeidstid innenfor butikkens åpningstid 0630-1500Kvalifikasjoner:Du må ha kunnskap om
TEMP TEAM AS - 2019-04-25 - unspecified

Spennende selgerrolle med mulighet for karrièrebygging og fleksibel arbeidstid! -

- Bli en av oss og vær med å bygge fremtiden! -Sikkerhetskonsulent B2CSom sikkerhetskonsulent hos oss vil du jobbe med brann og boligsikring. Arbeidstiden er fra ca: 15:00 til 21:00 og passer perfekt for deg som trenger fleksibilitet i hverdagen. Hos oss får du muligheten til å jobbe to til fem dager
BERGEN FOTO OG MEDIA SANDOR DAHL - 2019-07-19 - unspecified

Spesialpedagog barnehage, 100 % fast stilling -

Jobbnorge ID: 161086I Båtsfjord kommunes barnehager er det ledig 100 % stilling som spesialpedagog, med tiltredelse så snart som mulig. Vi ønsker: Pedagog som oppfyller kvalifikasjonskrav til barnehagelærer med videreutdanning i spes.ped.Pedagog med erfaring fra barnehagePedagog som
Båtsfjord kommune - 2018-11-29 - unspecified

Sykepleier, 80% fast, Vestby sykehjem -

Vestby sykehjem søker sykepleier til 80 % fast stilling i turnus til kortids-/ langtidsavdeling  Vestbyer en kommune i sterk vekst og videreutvikle sine helse- ogomsorgstjenester. Vi tror på et faglig sterkt miljø og ønsker å styrkesykepleierbemanningen. Stillingene er tilknyttet
Sykehjem - 2019-03-12 - unspecified

Tannlege - Sveio tannklinikk -

Vikariat i 100% stilling som tannlege er ledig frå 19.04.2019 - t.o.m. 27.04.2020.Tenestestad er f.t. Sveio tannklinikk. Det kan bli aktuelt med ambulering til Bremnes tannklinikkKvalifikasjonarDet blir stilt krav om godkjent norsk autorisasjon som tannlegeSøkjar må beherske norsk skriftleg og munnlegRelevant
Hordaland fylkeskommune - 2019-01-22 - unspecified

Teamleder alarmsentral for reiseforsikring -

Vi søker en dyktig teamleder til vår alarmsentral for reiseforsikring. Vi er et ungt selskap i vekst som er en del av et internasjonalt konsern med over 110 års erfaring i å assistere og hjelpe mennesker, og en dynamisk virksomhet i et miljø med høyt fokus på kundeservice.Du skal ha lyst og evne
FALCK GLOBAL ASSISTANCE NORWAY AS - 2019-05-24 - unspecified

unspecified -

unspecified
##pracodawca## - 2019-09-13 - unspecified

unspecified -

unspecified
##pracodawca## - 2019-09-12 - unspecified

Veilederstillinger -

Jobbnorge ID: 162626ArbeidsoppgaverVi har ledig 2 x 100 % vikariat som veileder ved NAV Moss, fra d.d- tom 31.12.19, med mulighet for forlengelse.Ansvarsområder og hovedarbeidsoppgaver:Arbeidsrettet brukeroppfølging, saksbehandling og oppfølging innenfor NAVs arbeids- og ansvarsområder.Bistå
Moss kommune - 2019-01-05 - unspecified

Vi søker deg som ønsker å jobbe med saksbehandling og kundeservice innenfor lån- og leasingavtaler. -

For vår kunde i Drammen søker vi til lengre engasjement kundekonsulent.ArbeidsoppgaverSaksbehandling og kundeservice knyttet til lån- og leasingavtalerHåndtering av elektronisk salgsmelding ved utløp av leasingavtalerUtsendelse av restverdibrev ved leasingavtaler samt faktureringOppfølging av overkjørte
PARTNER1 BEMANNING DRAMMEN AS - 2019-03-08 - unspecified

 
 
nettstedet generert i 0.67636704444885 sekunder