Job Førsteamanuensis i barnevern unspecified Universitetet i Bergen - jobbtilbud
reference: 12091811000629
documentId: 12091811000629
connectionPointId: 261
Stillingstittel: Førsteamanuensis i barnevern
Stillingsbeskrivelse:
Jobbnorge ID: 161115
Ved HEMIL-senteret, Det psykologiske fakultet, er det er ledig ei fast stilling som førsteamanuensis i barnevern. HEMIL-senteret er eit institutt ved Det psykologiske fakultet som utfører forsking og tilbyr masterprogram innanfor barnevern, helsefremjande arbeid og global utvikling. Instituttet har nært samarbeid med forskarar ved andre nasjonale og internasjonale institusjonar.
Frå år 2020 vil HEMIL-senteret være ein del av Alrek helseklynge ved Universitetet i Bergen. Helseklynga har som visjon å bli eit internasjonalt kraftsentrum som skal skape innovative helse- og omsorgsløysingar i primærhelsetenestene for heile mennesket, ved hjelp av fremragende forsking og utdanning, fullverdige praksisarenaer og tverrfagleg samhandling.
Det psykologiske fakultet tilbyr profesjonsutdanning for psykologar, har ansvar for universitetspedagogisk utdanning av UiB sin eigen stab, bidreg med pedagogikkdelen av lærarutdanninga, og tilbyr grader innan eit vidt felt: barnevern, helsefremjande arbeid, pedagogikk, spesialpedagogikk, lærarutdanning, psykologi, arbeids- og organisasjonspsykologi og logopedi. Fakultetet sine hovudsatsingsområde innan forsking er knytt til helse, utdanning, utviklingsrelatert forsking og basalforsking i vid forstand
Arbeidsoppgåver/forskingsområde:
Den som vert tilsett vil ha sin arbeidsplass ved HEMIL-senteret og arbeidsoppgåvene vil i hovudsak verte knytt til undervisning og forsking i barnevern. Stillinga vil være sentral for å auke kunnskapsgrunnlaget og kompetansen innan barnevernet. Ei separat stillingsomtale med nærare presisering av fagkrins og ansvarsområde, særlege plikter og andre forhold som det vert lagt vekt på ved tilsetjinga finnast under denne utlysingsteksten.
Kvalifikasjonar:
Søkjar må ha:
- doktorgrad innan relevant fagområde
- forskingserfaring innan tema relevant for barnevern
- kunne undervise i fleire emne innan barnevern generelt eller om barneverntenesta
- faglig engasjement og interesse for å auke kompetansen innan barnevernsfeltet
- må kunne arbeide sjølvstendig og strukturert og ta på seg faglege leiaroppgåver
- gode kommunikasjon- og samarbeidsevner i relasjonar til både kollegaer og studentar
- kunne undervise på norsk eller eit skandinavisk språk frå tilsetjing
- gode formidlingsevner på engelsk munnleg og skriftleg
- pedagogisk basisutdanning. Den som blir tilsett vil få tilbod om opplæring dersom kravet ikkje er oppfylt før tilsetjing
Søkjar bør ha:
- høg kompetanse innan kvantitative forskingsmetodar
- erfaring med ulike forskingsmetodar
Vi kan tilby
- Eit godt og fagleg utfordrande arbeidsmiljø
- Løn etter lønssteg 64-74 (kode 1011/lønsramme 24, alternativ 8 - 10) etter hovudtariffavtalane i staten, avhengig av ansiennitet og kvalifikasjonar. Dette utgjer for tida 565 100 - 681 800 brutto. For særleg kvalifiserte søkjarar kan det verte aktuelt å vurdere høgare løn
- Medlemsskap i Statens pensjonskasse
- Stilling i ei inkluderande arbeidslivsverksemd (IA-verksemd)
- Gode velferdsordningar
Søknaden skal innehalde:
- CV
- Vitnemål
- Attestar
- Fullstendig publikasjonsliste
- Liste over vedlegg som dokumenterer dine pedagogiske kvalifikasjonar
- Liste over vitskapleg arbeide du vil det skal takast omsyn til ved vurderinga, med opplysningar om kvar dei er offentleggjorde
- Dei vitskaplege arbeida søkjaren vil det skal takast omsyn til ved vurderinga (maks 10)
Vi gjer merksame på at søknader vert vurdert med den informasjonen som er knytt til søknaden i JobbNorge når søknadsfristen går ut. Vedlegga må vere på engelsk eller eit skandinavisk språk, og eventuelle omsetjingar må vere attesterte. Det er søkjar sitt ansvar å sørgje for at all informasjonen er lagt inn innan fristen.
Det er særs viktig at kvart av dei vitskaplege arbeida som det skal takast omsyn til ved vurderinga i sin heilskap vert lasta opp som vedlegg til søknaden, jamfør siste kulepunkt.
Aktuelle kandidatar kan pårekna at det vil bli heldt intervju og prøveforelesing i tilsettingsprosessen
Søknadsfrist: 19.12.2018
Merk søknaden: 18/13404
Generell informasjon:
Utfyllande opplysningar om stillinga får ein hos:
Instituttleiar Benedicte Carlsen, benedicte.carlsen (at) uib.no
Tlf: 55 58 28 29
Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er eit personalpolitisk mål å få ei balansert alders- og kjønnssamansetjing og rekruttere personar med innvandrarbakgrunn. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne vert oppmoda om å søkje stillinga.
Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar. Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teken til følgje, skal søkjaren varslast om dette.
Nærare om tilsettingsprosessen her
STILLINGSOMTALE - FØRSTEAMANUENSIS I BARNEVERN
HEMIL-senteret er et tverrfaglig institutt ved Det psykologiske fakultet. Instituttet utfører forsking og tilbyr utdanningsprogram innanfor helsefremjande arbeid, barnevern, og global utvikling. Instituttet har nært samarbeid med forskarar ved andre nasjonale og internasjonale institusjonar.
Dei vitskapleg tilsette på HEMIL-senteret har ein brei og tverrfagleg bakgrunn frå, barnevern/sosialt arbeid, psykologi, helsefag og samfunnsfag. Vi har for tida 9 førsteamanuensar, 8 professorar og 7 stipendiatar. I tillegg har vi fleire tilsette på ulike forskingsprosjekt og 3 bistillingar. HEMIL-senteret skal i 2020 flytte inn i Alrek helseklynge.
HEMIL-senteret har og ansvar for forskarskulen "Graduate School of Human Interaction and Growth" (Ghig)
Instituttet har følgjande 2-årige masterprogram: Master i barnevern, Master i helsefremjande arbeid, og Master i Global Development Theory and Practice. Den tilsette vil først og fremst vera knytt til masterprogram i barnevern, men det vil også vere aktuelt å undervise på dei andre masterprogramma ved HEMIL-senteret. Ein viser til dei generelle reglane ved universitetet om at innanfor si normale arbeidsplikt og faglege kompetanse kan den som vert tilsett også verte pålagt undervisning, rettleiing og eksamensarbeid utanfor den organisasjonseininga stillinga er knytt til.
Instituttet har tre forskingsgrupper:
Forskingsgruppa Barnevern, Likestilling og Inkludering (BLI),starta opp i 2013. Forskingsgruppa bidrar til vitskapeleg kunnskap innan dei tematiske områda barnevern, likestilling og inkludering, både gjennom eigen forsking, og samarbeid med andre nasjonale og internasjonale forskingsmiljø. Mens barnevernet er eit prioritert forskningsområde, omfatter forskningen og sosiokulturelle livsvilkår og handlingsrom samt inkluderings- og ekskluderingsprosessar for ulike samfunnsgrupper. Gruppa har eit særleg fokus på norsk og nordisk kontekst.
Forskingsgruppa Sosial innflytelse på ungdoms atferd og helse (SIPA) er ei tverrfagleg forskingsgruppe som i dei siste tjue åra har utvikla kompetanse i bruk og utvikling av teori og metode i sosial- og utviklingspsykologi innanfor barn og unges helse. SIPA-gruppa freistar å utvikle ny kunnskap om korleis sosiale prosessar påverkar utviklinga av subjektiv helse og helseåtferd blant unge.
Forskingsgruppa Gobal Development for Equity fokuserer på utviklingsrelatert kulturell og tverrkulturell forsking, forsking på ulikheit i helse, på utvikling og helse i sårbare grupper i det Globale Sør, samt forsking på internasjonal helsepolitikk.
Stillinga som førsteamanuensis i barnevern krev en person som har faglig engasjement og interesse for å auke kompetansen innan barnevernsfeltet slik det er omtalt under krav til stillinga. Arbeidsområdet for stillinga omfattar både undervisning på masterprogrammet i barnevern og forsking, i utgangspunktet knytt til forskargruppa Barnevern, Likestilling og Inkludering. Arbeidstida til ein førsteamanuensis er fordelt slik: 46% undervisning, 46% forsking og 8% administrasjon.
Universitetsstyret understreker at pedagogiske kvalifikasjonar skal tilleggjast reell vekt ved tilsetjing i vitskaplege mellom- og toppstillingar. Søkjarane må dokumentere sine eigne pedagogiske kvalifikasjonar. Dette kan til dømes gjerast ved innsending av:
- prov for gjennomført pedagogisk utdanning
- evalueringsrapportar av søkjaren si undervisning
- oversyn over undervisningsomfang og -nivå
- oversyn over hovudfags- og doktorgradsrettleiing og resultat
- mottekne studentprisar
- eigne pedagogiske publikasjonar
- eigne undervisningskompendium og undervisningsmateriell
- rapportar som syner deltaking i prosjekt knytt til utvikling av undervisning, så som alternative undervisningsformer, rettleiing eller læringsmiljø
Se annonsen og søk på stillingen www.jobbnorge.no
numberOfPosts: 1
jobCategoriesCodes_0: http://data.europa.eu/esco/isco/C2310
abstractJV_contact_0: See jobabstractJV_description
Arbeidsgiver Navn: Universitetet i Bergen
source: NAV
Similiar jobbtilbud
Avdelingsingeniør / overingeniør - geomatikk/kartografi/GIS -- 1 års vikariat -- Geodataavdelingen -
Beskrivelse av arbeidsstedSkedsmo kommune har ambisiøse mål for å sikre god innbyggerinvolvering og demokratiske beslutningsprosesser. For å oppnå dette er digitalisering og gode karttjenester viktige bidrag. 3D er et satsningsområde fremover.Teknisk sektor i Skedsmo kommune har ca. 147 årsverk
Skedsmo Kommune Planavdelingen - 2018-12-04 - unspecified
BARNEFAGLIG ANSVARLIG -
Larvik mottak søker barnefaglig ansvarlig i en fast 80% stilling. En fremtidig utvidelse til 100% er ikke utelukket, men betinger et reelt behov.ARBEIDSOPPGAVER KNYTTET TIL STILLINGEN: - Ansvar for arbeidet med barn og ungdom som er tilknyttet mottaket. - Ansvar for faglig kvalitet på arbeidet med
SANA LARVIK - 2018-11-30 - unspecified
Barnevernskonsulent i barneverntjenesten -
Stillingen er forankret i tjenesteenhet helse- og familie og er samlokalisert i felles kontorbygg med bl.a. helsestasjon, PPT, NAV, flyktningetjeneste, m.fl.. Det er felles overordnet ledelse. Det er planlagt et utredningsarbeid i 2019 som gjelder interkommunalt samarbeid om barnevernets oppgaver. Arbeidsoppgaver:
Øyer kommune - 2018-12-07 - unspecified
Berge Sag og Trelast søker en senior prosjektleder -
Vår avdeling for egenregiprosjekter i Haugesund søker en senior prosjektleder som vil fylle rollen som produksjonsleder. Avdeling utvikler og gjennomfører boligutviklingsprosjekter fra tomtekjøp til overlevering av nøkkelferdig boliger, og har et helhetlig økonomisk og teknisk ansvar for utvikling
Berge Sag og Trelast AS - 2018-11-29 - unspecified
Daglig leder av MAN sitt verksted på Fjellhamar -
Da nåværende leder går over i nye muligheter internt i MAN søker vi:Daglig leder for vårt verksted på FjellhamarEttermarkedet står for en vesentlig del av verdiskapningen i virksomheten. Kvalitet, engasjement og dyktige medarbeidere er kritisk for å lykkes med våre ambisiøse målsettinger.
Man Last og Buss AS - 2018-11-29 - unspecified
Elektriker med fagbrev -
For kunde søker vi etter erfarne elektrikere gr. L. For den/de rette kan det være mulighet for fast ansettelse. Du bør ha 3-5 års erfaring som elektriker i Norge, kommunisere godt skriftlig og muntlig på skandinavisk eller minimum engelsk.ArbeidsoppgaverNyinstallasjonØnskede kvalifikasjonerFagbrev
AKTIV BEMANNING NORGE AS - 2018-12-07 - unspecified
Frisør -
Er du arbeidslysten, blid og fremoverlent?I Nikita har vi utviklet en kultur preget av fellesskap, samhold og tilhørighet, noe vi mener skaper motivasjon for å oppnå suksess!Vi bruker masse tid og ressurser for at våre medarbeidere skal trives, men vi forventer at du gjør din del.Vi har et sterkt
Nikita AS - 2018-12-01 - unspecified
Har du C eller CE körkort och önskar jobb i Narvik? -
StudentConsulting söker nu till vår kund självgående, arbetsamma och flexibla chaufförer som kan transportera pallar och paket i Narvik. Riktig kandidat vill ha ansvar för att frakta gods från a till b, ta med returlast samt yta god service mot kunderna. Det är
Studentconsulting Sweden AB (Publ) - 2018-08-01 - unspecified
Har du erfaring med byggesaksbehndling -
Selskapet har vært igjennom ett spennende år med en foreløpig salgsvekst på over 40 % mot hele 2017, og vi står foran et spennende 2019. Vi trenger å styrke vår byggesaksavdeling og søker etter byggesaksbehandler til vårt hovedkontor på Ilseng utenfor Hamar. Vi søker deg som er serviceinnstilt
HEDALM ANEBYHUS EIENDOM AS - 2018-12-01 - unspecified
Head of Controlling - Retail -
FORRETNINGSORIENTERING -- LEDELSE OG UTVIKLING -- HELHETSOVERSIKTVil du være med på å skape flere suksesshistorier for og sammen med Boots apotek? Dette er en spennende rolle for deg som vil lede og videreutvikle et sterkt controllingmiljø i et internasjonalt selskap.Som Head of Controlling -- Retail
Boots Norge AS - 2018-12-04 - unspecified
HMSK trainee -
Vi søker nyutdannet kandidat til vårt traineeprogram. Som trainee i Boreal får du spennende arbeidsoppgaver, ansvar og store utfordringer. Gjennom vårt trainee-program er målet at du skal få et helhetlig bilde av vår virksomhet og våre forretningsområder. Vi har som mål å rekruttere fremtidige
FFR AS - 2018-11-29 - unspecified
Jacob's majorstuen søker frukt- og grøntmedarbeider -
Ved Jacob's Majorstuen har vi nå en ledig deltidsstilling i butikkens frukt- og grøntavdeling. Stillingsomfang er på 12,5%. Arbeidstid er onsdags kveld og annenhver helg.ArbeidsoppgaverSalg og salgsaktiviteter i butikkSørge for velfylte og selgende diskerKundekontakt og produktveiledningKvalitets-
Jacobs på Majorstuen - 2018-12-04 - unspecified
Kvalitetsingeniør -
Vil du bli med å sikre kvalitet i Telenors nettdokumentasjonVi er et kvalitets- og dokumentasjonsteam i Telenors teknologimiljø som går gjennom et generasjonsskifte og har derfor plass til nye, friske hoder. Til vårt team søker vi nå en kvalitetsingeniør som kan ta ansvar for å sikre kvalitet
Telenor - 2018-12-07 - unspecified
Lærere Lillemoen skole - Sektor for utdanning -
I forbindelse med lærernormen, vil elverumsskolen ha behov for et antall stillinger. Elverumsskolen arbeider tett med forskningsmiljøer for å gi våre elever et best mulig opplæringstilbud. Dette året har vi fokus på ny overordnet del av kunnskapsløftet, slik at det foregår mange spennende drøftinger
Elverum kommune - 2018-11-30 - unspecified
Mannskap til servicebåt region Frøya og Hitra -
SalMar ASA er et av verdens største og mest effektive selskap innen produksjonog foredling av laks. Vi er integrert i hele verdikjeden fra stamfiskproduksjon til foredletprodukt og salg. Selskapet omsatte i 2017 for 10,8 milliarder, og har ca. 1 400 ansatte.SalMar har aktivitet i Midt- og Nord-Norge,
SALMAR FARMING AS - 2018-12-01 - unspecified
Manufacturing Engineer -
For one of our clients in Kristiansand we are now looking for a Manufacturing Engineer:JOB SUMMARY:Plan and design manufacturing processes in a virtual facility environment. Improve production methods and support in the set-up of production schedules. Provide support in the design, fabrication, modification
KELLY SERVICES MANGAGEMENT AS - 2018-12-04 - unspecified
Optiker -
Du är legitimerad optiker och behärskar någon av de skandinaviska språken Passion och service är ledord för oss! Du älskar att göra det lilla extra och tycker om att jobba i team med ett ledande koncept med nya moderna utrustningar Har du tidigare erfarenhet
A.G. Johnsen AB - 2018-08-01 - unspecified
PEDAGOGISK LEDER - GJERDSLETTA BARNEHAGE - VIKARIAT -
Jobbnorge ID: 160643Om stillingen/ansvars- og arbeidsområde:Vi har ledig 100 % stilling somPEDAGOGISK LEDER, vikariat i perioden 06.02.19 - 31.12.19, med mulighet til forlengelse.Ansvars- og arbeidsområde er blant annet;Pedagogisk leder har med sine kunnskaper om barns utvikling, læring
Sørreisa kommune - 2018-12-05 - unspecified
Procurement Category Specialist - IT and Digitalization -
Procurement Category Specialist - IT and DigitalizationExperis is Norway's largest consultancy and recruitment company with 850 consultants. We offer highly qualified consultants, recruiting and project solutions within the fields of Engineering, Finance and IT. Our Experis Executive Division recruits
EXPERIS AS - 2018-12-07 - unspecified
Prosjektleder - Byggeprosjekter - Universitetssykehuset Nord-Norge HF -
Universitetssykehuset Nord-Norge HF (UNN) står overfor betydelige nybygg-, ombyggings- og vedlikeholdsutfordringer i årene fremover. Det pågår for tiden omfattende arbeider ved alle våre sykehus i størrelsesorden 150 - 500 mill kr årlig. Formålet med byggeprosjektene er å legge til rette for
Universitetssykehuset Nord-Norge HF - 2018-12-01 - unspecified
Senior veiplanlegger -
For å lykkes i denne stillingen får du god bruk for din lange erfaring med veiplanlegging og samferdselsprosjektering. Den gjør deg i stand til å håndtere varierte og utfordrende prosjekter i Bergens-regionen. Du griper også gjerne sjansen til å bidra i større prosjekter andre steder i landet
Sweco Norge AS - 2018-12-05 - unspecified
Sikkerhetsanalytiker -
Vil du jobbe med sikkerhet i et selskap med et meningsfylt samfunnsoppdrag? Sykehuspartner har sin egen CERT med ansatte som brenner for sitt arbeid. De siste årene er fokuset på sikkerhet i IKT bransjen økt betydelig, og seksjonen har utviklet seg og vokst. Vi skal nå bli enda bedre på det vi gjør,
Sykehuspartner HF - 2018-12-07 - unspecified
Sykepleier - Langelandhjemmet -
Langelandhjemmet i Kongsvinger kommune er et sykehjem med 76 pasienter fordelt på sju team fordelt på somatikk, demens, psykiatri og lindrende pleie. Vi har et ISO sertifisert kvalitetssystem. Det er ledig sykepleierstilling ved lindrende avdeling som yter tjenester til alvorlig syke med
Kongsvinger kommune - 2018-12-05 - unspecified
Tavlemontør -
Vi søker flere tavlemontører med erfaring innen installasjon og vedlikehold av elektroniske tavleanlegg. Arbeidssted er på Forus med vanlig arbeidsuke mandag til fredag.Arbeidsoppgaver:-Bygging, montering og kontroll av elektriske tavler-Installasjon og testing av tavlens funksjoner-Feilsøking og
Hytech Personell AS - 2018-11-30 - unspecified
Ungdomsprest - Eid Kyrkjelege Fellesråd -
LEDIG STILLING Er du klar for den største oppgåva? Vi i Eid søker ungdomsprest! Å spreie den glade bodskapen hos den oppveksande generasjonen er den største og viktigaste oppgåva vi har. Det å gje ungdomar trua og håpet og lære dei måtar å følgje kjærleiksbodet på kan ha uendeleg mange
Den norske kirke, Kirkelige fellesråd - 2018-12-05 - unspecified
Vi søker etter Driftsingeniør til Team Servicedesk -
Vi søker etter Driftsingeniør til Team Servicedesk som primært vil ha ansvarsområder innenfor teknisk brukerstøtte og konfigurering av brukergrensesnitt for kontrollrom, samt overvåkning og konfigurasjonsendringer på de systemer som HDO har et eier- og driftsansvar for.ArbeidsoppgaverTeknisk brukerstøtte
HELSETJENESTENS DRIFTSORGANISASJON - 2018-12-01 - unspecified
VI SØKER ETTER FAGLÆRTE TØMRERE. -
Vi er i sterk vekst og trenger flere motiverte medarbeidere! Vi søker nå tømrere med stå på vilje og godt humør. Har du svennebrev som tømrer, erfaring fra yrket, og ikke minst viser engasjement og tiltakslyst, da skal du sende oss en søknad! Vi søker både selvstendige tømrere og tømrere
JOHNSEN BYGG AS - 2018-11-29 - unspecified
Vi søker etter medarbeidere til sesongengasjement lager fra april/mai 2019 -
AS Blomsterringen Engros is a private owned company, founded in 1983.We are searching for Sesonal help/warehouse employees.Job abstractJV_description: Process orders, pick and pack items (flowers and plants) and other tasks at our warehouse.Skills: (Education, work experience, language, certificate
AS Blomsterringen Engros - 2018-12-05 - unspecified
Vi søker kreativ Grafisk Designer -
Arbeidsoppgaver:- Jobbe med alt innen trykksaker og storformat til eksterne kunder- Grafisk design for trykk og nett- Presentere idéer og konseptutarbeidelse- Kundeoppfølging og prosjektledelse- Noen Ad hoc-oppgaver må påberegnes.Kvalifikasjoner:- Arbeidserfaring innen grafisk bransje (minimum 3
ALLKOPI NETPRINT AS - 2018-12-05 - unspecified
Videreutdannet helsefagarbeider til miljøtjenesten for barn og unge - Tverrfaglig ressurs -
Miljøtjenesten barn og unge er en ny tjeneste i Tromsø kommune, som er satt sammen av brukere fra de tidligere tre Miljøtjenestene under Helse og omsorg, med oppstart 1. september 2018. Vi er ca. 30 årsverk med en tverrfaglig sammensatt gruppe ansatte, som skal gi hjelp til ca. 100 barn og unge i
Tromsø kommune - 2018-12-01 - unspecified