Job Førsteamanuensis/førstelektor/høgskulelektor i norsk - st. nr. 12/2019 unspecified Høgskulen i Volda - jobbtilbud
reference: 15201903000015
documentId: 15201903000015
connectionPointId: 261
Stillingstittel:
Førsteamanuensis/førstelektor/høgskulelektor i norsk - st. nr. 12/2019
Stillingsbeskrivelse:
Jobbnorge ID: 166689
Om stillinga
Ved Høgskulen i Volda, Avdeling for humanistiske fag og lærarutdanning, Institutt for språk og litteratur, er det ledig eit vikariat for ph.d.-stipendiat for perioden 1.8.2019 til 30.09.2021 og inntil 200 % mellombels stilling som førsteamanuensis/førstelektor/høgskulelektor i norsk frå 1.8.2019 til 31.7.2020. Vikariatet kan forlengast dersom stipendperioden blir forlenga. For dei mellombelse stillingane er det høve til å søke om ei delstilling dersom det er ønskeleg.
Kvalifikasjonar
For tilsetting som førsteamanuensis må søkaren ha doktorgrad i norsk (nordisk), norskdidaktikk eller tilsvarande. For tilsetting som høgskulelektor må søkaren ha mastergrad/hovudfag i norsk (nordisk), norskdidaktikk eller tilsvarande. Det er ønskeleg at søkaren har praktisk-pedagogisk utdanning, lærarutdanning eller tilsvarande pedagogisk kompetanse. Arbeids- og undervisningsspråket ved instituttet er norsk, og søkaren må meistre både bokmål og nynorsk.
Personlege eigenskapar vil bli vektlagde. Vi ønsker søkarar som har ei reflektert og bevisst haldning til eige undervisnings- og rettleiingsarbeid, og som har evne til å engasjere studentane både i undervisning og rettleiing. Søkaren bør kunne legge til rette for varierte undervisningsformer og kunne nytte digitale reiskapar i planlegging og undervisning. Elles ønsker vi medarbeidarar med gode samarbeids- og kommunikasjonsevner, og med evne til å bidra til eit konstruktivt arbeidsmiljø.
Arbeidsfelt
Undervisningsoppgåvene for dei utlyste stillingane er i første rekke knytt til norskfaglege emne i barnehagelærarutdanninga, grunnskulelærarutdanningane, praktisk-pedagogisk utdanning og i vidareutdanningstilbod for lærarar. I tillegg er arbeidsoppgåver ved Norsk språk og samfunnskunnskap for internasjonale studentar aktuelle. Sentrale emne i utdanningane er lese- og skriveopplæring, munnleg kommunikasjon, språkvitskap, litteraturdidaktikk, norsk som andrespråk, lese- og skrivevanskar, multimodale tekstar og nynorsk i opplæringa. I ei førsteamanuensis-/førstelektorstilling vil også arbeid med rettleiing av masterstudentar vere aktuelt.
Vi tilbyr
Varierte og spennande arbeidsoppgåver i eit inkluderande og godt fagleg arbeidsfellesskap. Nye tilsette får ekstra oppfølging det første året gjennom kollegabasert mentorordning, og ein får tilbod om kurs i høgskulepedagogikk. Vi har gode vilkår for forskingstid og fleire aktive forskargrupper på ulike felt innanfor faget som ein kan delta i.
Eit spanande arbeidsmiljø med høve til fagleg og personleg utvikling og gode pensjonsordningar.
Stillinga er løna etter kompetanse og kvalifikasjonar i statens lønsregulativ med normal årsløn i desse stillingskodene ved Høgskulen i Volda: Førsteamanuensis 1011/førstelektor 1198 frå kr 565 500 - 713 400/
høgskulelektor 1008 frå kr 480 600 - 619 300.
Generell informasjon
Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i folket. Det er difor eit personalpolitisk mål å oppnå ei balansert alders- og kjønnssamansetjing og rekruttere personar med innvandrarbakgrunn. Høgskulen praktiserer moderat kjønnskvotering. Vi gjer søkjarar som oppgir at dei har nedsett funksjonsevne eller hol i CV merksam på at denne opplysinga kan verte brukt til registreringsføremål knytt til regjeringa sin inkluderingsdugnad.
Tilsetjing skjer på dei vilkåra som følgjer av lov om offentlege tenestemenn, regulativ, reglement og instruksar som til ei kvar tid gjeld for stillinga, mellom anna lovfesta innskot i Statens pensjonskasse.
Søkjarar kan verte kalla inn til intervju og/eller prøveundervisning. Søkjarar som vert kalla inn til intervju, må ta med originalar av vitnemål og attestar for å dokumentere dei elektronisk innsende vedlegga.
I samsvar med Offentleglovas § 25 kan søkar be om å ikkje bli oppført på offentleg søkarliste. Søkarar som ønskjer å reservere seg, må under «søknad» hake av for «Er det grunnlag for å bli unntatt offentligheit, jfr. Offentlighetsloven» samt grunngi søknaden. Høgskulen kan likevel avgjere at namnet på søkaren skal offentleggjerast. Søkaren blir varsla dersom ønsket om unntak ikkje blir tatt til følge.
Om søknaden
Søknad og all dokumentasjon skal sendast elektronisk igjennom rekrutteringssystemet Jobbnorge der du registrerer søknaden, vedlegg og informasjon om utdanning og arbeidserfaring. Vi ber også om at du oppgir referansar med kontaktinformasjon. Søknaden skal gi eit fullstendig oversyn over utdanning og tidlegare praksis. Søknader eller vedlegg kan ikkje sendast på e-post eller i vanleg postgang til høgskulen.
Det er søkjar sitt ansvar å sørge for at alle dokument/filer er lasta opp innan søknadsfristen. Søknaden vert vurdert med den informasjonen som ligg føre elektronisk i Jobbnorge. Vedlegg skal lastast opp som separate filer i eit format som kan leggjast ved elektronisk; PDF, PMG, JPEG, ODF, DOC. Dersom vedlegga samla overstig 30 MB, må dei komprimerast før dei vert lasta opp. Vedlegga skal ha namn som samsvarar med innhaldet i fila.
Følgjande dokument/filer skal leggjast ved den elektroniske søknaden:
- vitnemål og attestar, samla i ei fil
- CV
- fullstendig publikasjonslise over alle vitskapelege arbeid
- inntil 10 vitskapelege arbeid, inkludert master/hovudfagsoppgåve og eventuell doktorgradsavhandling
Dei faglege kvalifikasjonane til søkjarane kan verte vurdert av eit sakkunnig utval. Viser til Forskrift om ansettelse og opprykk i undervisnings- og forskerstillinger, KD 9.2.2006, med endringar 15.9.2015. www.lovdata.no/dokument/SF/forskrift/2006-02-09-129. Alle innkomne søknader blir først vurderte av avdelinga. Søknader frå klart ikkje-kvalifiserte søkjarar blir ikkje sende vidare til vurdering i sakkunnig utval.
Søknadsfrist: 1. april 2019
Kontakt
Opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til seksjonsleiar for Seksjon for norsk i lærarutdanningane, Kristin K. Sjøhelle, e-post: kks (at) hivolda.no, tlf. 70 07 5102 eller instituttleiar for Institutt for språk og litteratur, Jorunn Hetland, e-post: jorunn.hetland (at) hivolda.no, tlf. 70 07 50 63.
Om instituttet
Institutt for språk og litteratur tilbyr norskfaglege emne i grunnskule- og barnehagelærarutdanning og i praktisk-pedagogisk utdanning, og årsstudium og fordjupingsstudium i nordisk språk og litteratur. Vi har ein mastergrad i undervisning og læring med fordjuping i norsk, og ein mastergrad i nynorsk skriftkultur. I dei femårige grunnskulelærarutdanningane har vi mastertilbod i norsk både innanfor grunnskulelærarutdanning 1-7 og 5-10. Vidare tilbyr instituttet årsstudium i norsk språk og samfunnskunnskap for internasjonale studentar, årsstudium i engelsk, og vi har etter- og vidareutdanningstilbod i norsk og engelsk. Vi samarbeider med Nasjonalt senter for nynorsk i opplæringa, som held til ved same avdeling.
Om avdelinga
Avdeling for humanistiske fag og lærarutdanning tilbyr grunnskulelærarutdanning, barnehagelærarutdanning, praktisk pedagogisk utdanning, ulike fagutdanningar og mastergradstudium med spesialiseringar i matematikk, norsk eller spesialpedagogikk, samt eit omfattande vidareutdanningstilbod.
Det beste med Volda
Studentar og bygdefolk fortel kva dei synest er det beste med Volda. Produksjon: Chris-Håvard Berge
Video: https://www.youtube.com/watch?v=61Me2JOrMgQ&feature=youtu.be
Se annonsen og søk på stillingen www.jobbnorge.no
numberOfPosts: 3
jobCategoriesCodes_0: http://data.europa.eu/esco/isco/C2310
abstractJV_contact_0: See jobabstractJV_description
positionTypeCode: temporary
contractTypeCodes_0: fulltime
Arbeidsgiver Navn: Høgskulen i Volda
source: NAV
Similiar jobbtilbud
80% stilling som konsulent ved Blokkhaugen skole - Blokkhaugen skole -
Blokkhaugen skole er en ungdomsskole med 260 elever og 35 ansatte. Skolen ligger sentralt i Åsane med mye skog og natur rundt. Det er lett å komme til skolen med buss fra Åsane terminal. Vi har også gode parkeringsmuligheter.Blokkhaugen skole har et særdeles godt arbeidsmiljø og et personalet med
Bergen kommune - 2019-03-07 - unspecified
Barnevernsinstitusjon i Søgne -
Avdeling for barn og unges psykiske helse (ABUP) tilbyr tjenester innenfor psykisk helsevern for barn og unge. Vår målgruppe er barn og ungdom under 18 år og deres familier. ABUP har kliniske enheter i Arendal, Kristiansand og Lister. I tillegg til klinisk virksomhet drives det et betydelig forskningsarbeid.Bufetat,
Overlege til nytt og spennende institusjonstilbud - 2019-02-22 - unspecified
Bilmekaniker Hordaland -
ArbeidsoppgaverService, reparasjon og vedlikeholdArbeidstidEtter avtaleØnskede kvalifikasjonerFagbrev og flere års erfaringGod kunnskap om elektronikkFordel om du har jobbet med Audi og VolkswagenMå kunne forstå og snakke engelskGod på dataFørerkortPersonlige egenskaperGode samarbeidsevnerEvne
CBA FAGFORMIDLING AS - 2019-03-30 - unspecified
Blid reservedelsekspeditør søkes til jobb i Oslo -
ArbeidsoppgaverPlukking av varerMottak av varerVarekontrollEkspedere kunder over disk, telefon og e-postArbeidstidEtter avtaleØnskede kvalifikasjonerTidligere erfaring som reservedelsekspeditørVandt og erfaren med å yte service ovenfor kunderErfaring med salg over telefon og diskDu må ha kunnskap
CBA FAGFORMIDLING AS - 2019-02-15 - unspecified
Er du helsefagarbeider med et ønske om fast nattstilling? -
Nattevaktene vil bli ansatt i en ambulerende tjeneste. Per dags dato vil stillingen være på Bratromveien 3 og 5. På Bratromveien 5 bor det fem eldre beboere med ulike behov. Tjenesten ligger under tjenester til voksne med funksjonsnedsettelser. I Bratromveien 3 vil man kunne avlaste personell i iløpet
Lier kommune, virksomhet psykisk helse - 2019-03-30 - unspecified
Fagarbeider/Portør -
Org. nr: - Stillingsident: 4115144433 Presentasjon av stillingen:Hospitaldrift er ei av avdelingane i Drift/teknisk Divisjon i Helse Bergen, og leverer ikkje-medisinsketenester og -produkt til føretaket. Hospitaldrift har 8 einingar og om lag 750medarbeidarar.Hospitaldrift Transport er ei av einingane
Helse Bergen Hf Haukeland Universitetssjukehus - 2019-08-10 - unspecified
Felleskjøpet Agri ser nå etter en tekniske konsulenter til support mot våre verksteder -
Felleskjøpet er bondens partner. Vi er Norges ledende og nyskapende leverandør av varer, tjenester og teknologi til landbruket, park & anlegg, og produkter til privatpersoner. En av våre ambisjoner er å skape Nordens beste faghandelsvirksomhet basert på det bonden kan. Vår kunnskap sikrer et
FELLESKJØPET AGRI SA - 2019-05-14 - unspecified
Har du et digitalt hode og brenner for god kommunikasjon? -
Kommunikasjonsteamet i DOGA arbeider med intern- og ekstern kommunikasjon knyttet til hele DOGAs virksomhet. Vi søker en medarbeider som skal videreutvikle DOGAs digitale kommunikasjon og kanalbruk. Som en del av kommunikasjonsteamet, vil du ta del av det daglige kommunikasjonsarbeidet. Du vil også
STIFTELSEN DESIGN OG ARKITEKTUR - 2019-03-12 - unspecified
Har du lyst til å jobbe i en moderne element-produksjon? -
Saltdalshytta er i vekst og vi søker arbeider til vår elementproduksjon.Arbeidsoppgaver:- Produksjon av elementer- Annet produksjonsrelatert arbeid.Personlige egenskaper:- gode samarbeidsevner- kunne jobbe både selvstendig og i team- nøyaktig, ansvarsbevisst og positivErfaring fra tømrer-/snekkerbransjen
SALTDALSHYTTA AS - 2019-05-29 - unspecified
Ingeniør innen miljø og forurensning -
Frogn kommune, med Drøbak by, ligger sentralt plassert ved Oslofjorden ca. 3 mil syd for Oslo. Kommunen har i overkant av 15 500 innbyggere og 3000 fritidsboliger. Her finner du blant annet Gamle Drøbak med verdifull trehusbebyggelse, lang kystlinje og en engasjert befolkning. Frogn kommune er
Frogn Kommune - 2018-12-28 - unspecified
Kaffe barista - Heltid -
Vi søker en kaffeglad selger som drives av å yte service og skape gode gjesteopplevelser sammen med sine kollegaer. Hos oss vil du få en variert og hektisk hverdag med gode karrieremuligheter i et internasjonalt serveringskonsern med en rekke kjente konsepter. Ansvarsområder:Begeistre våre
Pronto by Renaa - 2019-01-19 - unspecified
Kokk Offshore -
Compass Group er en verdensledende leverandør av måltidstjenester og andre supporttjenester med rundt 500 000 ansatte i over 50 land. I Norge er vi ca. 1900 ansatte som jobber under varemerkene ESS, Eurest, Eurest Services og Medirest hos kunder både i offentlig og privat sektor. VI har gleden av
Compass Group Norge - 2019-01-08 - unspecified
Medarbeider IT og kontordrift - vikariat ut 2019 -
Vi ønsker en dyktig, fremoverlent, nyskapende og ansvarsbevisst medarbeider til Banenor i Narvik. Ønsker du varierte oppgaver innen IKT og kontordrift og liker å være til hjelp og service for andre, vil vi gjerne høre fra deg.Stillingen er 2-delt, IKT og kontordrift. Du vil også være en del av
PERSONALHUSET STAFFING GROUP AS NORD NORGE - 2019-04-17 - unspecified
Norges triveligste salgsjobb! Deltid 20 - 50% og tilkallingsvikar. -
Isbilen har etablert en solid posisjon i markedet og har for tiden positiv utvikling i både omsetning og resultater. Selskapet selger fersk, norsk is fra Isbjørn Is på Askøy. Vi søker etter positive og serviceorienterte selgere som ønsker å spre iskremglede gjennom salg av våre produkter ute
DEN NORSKE ISBILEN AS - 2019-05-17 - unspecified
Økonomisjef i Fana IL -
Fana Idrettslag er i sterk utvikling. For å tilpasse oss fremtiden har vi gjennomført en organisasjonsutviklingsprosess. Det er besluttet å organisere idrettslaget i fire enheter - Økonomi, sport, marked/kommunikasjon og medlem/prosjekt i tillegg til drift av Fana Arena.Vi ønsker å styrke teamet
Fana Idrettslag - 2019-03-07 - unspecified
Ønsker du å arbeide i et av de fremste konsernjuridiske miljøene i Norden? -
Ønsker du å arbeide i et av de fremste og største konsernjuridiske miljøene i Norden?Nordea er den største banken i Norden med mer enn 10 millioner kunder og 30.000 medarbeidere, og ett av de ti største finanskonsernene i Europa målt etter markedsverdi. Vi bygger sterke og nære relasjoner gjennom
NORDEA BANK ABP FILIAL I NORGE - 2019-03-21 - unspecified
Pedagogisk leder i Norlandia Solstua barnehage -
Ledig 100% svangerskapsvikariat som Pedagogisk leder med særskilt fagansvar i Norlandia Solstua barnehage, Region ØstStillingen er ledig fra 15.12.2018-07.07.2019Hovedansvarsområder:Planlegge, gjennomføre, vurdere og dokumentere pedagogisk innholdBidra til et godt psykososialt miljøAnsvar for at
Norlandia Solstua Barnehage - 2018-11-29 - unspecified
Rådgivende ingeniør automasjon og ITB -
Er du ITB-entusiast, men mildt sagt frustrert over å jobbe med folk som ikke vet forskjellen på ITB og IKT? Eller over at du ikke blir tatt med på råd i prosjekter, samtidig som du ser dem hangle av gårde fordi ekspertisen din ikke blir nyttiggjort?Da bør du vurdere å begynne hos oss i Ingenia.I
INGENIA INGENIØRKONTORET AS - 2019-05-01 - unspecified
Russisktalende sosialkonsulent -
Nadheim er et senter for personer som selger eller har solgt seksuelle tjenester, og en del av Kirkens Bymisjon Oslo. Vi driver oppsøkende arbeid, påvirkningsarbeid, ulike miljøtiltak, helsefremmende arbeid og vi tilbyr individuell oppfølging og støtte. Vår brukergruppe er mangfoldig, med ulike
Stiftelsen Kirkens Bymisjon Oslo - 2019-05-16 - unspecified
Salgsmedarbeider -
Har du lett for å snakke med folk, samtidig som du mestrer kunsten å lytte? Din viktigste jobb som selger i Elkjøp er å finne den perfekte løsningen på alle kunders spørsmål, utfordringer og ønsker. Det er en smal sak for deg, som ønsker å være best i alt du gjør, og som er både resultat-
Elkjøp Volda - 2019-01-29 - unspecified
Sykepleier/vernepleier/miljøterapeut -
Presentasjon av stillingen: Psykiatrisk sykehusavdeling har ansvar for de spesialiserte tjenestene innen psykisk helsevern til den voksne befolkningen på Agder. Avdelingen har enheter lokalisert nært opp til de somatiske avdelingene i både Arendal og Kristiansand. Avdelingen er en av åtte avdelinger
Psykiatrisk sykehusavdeling, Døgnenhet 7.1, Kristiansand - 2019-03-12 - unspecified
Sykepleiere/vernepleiere -
SYKEPLEIERE/VERNEPLEIEREI AREMARK KOMMUNEKommunen har ledig flerestillinger mellom 70-100 prosent som sykepleier/vernepleier i turnus medhelgejobbing hver tredje helg.Arbeidsoppgaver:Ha sykepleiefaglig ansvar for pasientenesmedisinske behovAssistere og motivere pasienter tilmestring av eget livBidra
AREMARK KOMMUNE SENTRALADM - 2019-04-10 - unspecified
Undervisningsstilling- helse og oppvekstfag - Grong videregående skole -
Trøndelag fylkeskommune har rundt 4500 medarbeidere fordelt på fem virksomhetsområder hvor utdanning er ett av dem med 32 videregående skoler, lærlinge- og privatistordning. Fylkeskommunen er politisk styrt gjennom fylkestinget og fylkestingets utvalg. Det er to administrasjonssteder i Trøndelag
Grong videregående skole - 2019-04-10 - unspecified
unspecified -
unspecified
##pracodawca## - 2019-09-12 - unspecified
Verksemdsleiar -
Org. nr: - Stillingsident: 4087418166 Presentasjon av stillingen:100 % fast stilling ledig for oppstart 01.01.20.Verksemda omfattar midtre del av <> Ålesund og har fire avdelingar/avdelingsleiarar. Dette er omsorgsteneste i bemanna bustader for utviklingshemma eller andre med alvorleg funksjonsnedsetting
Ålesund kommune - 2019-05-25 - unspecified
Vi søker etter en utadvent og energisk -
I Coop er det kunden som er i fokus. Vi lever av lojale kunder som velger Coop igjen og igjen. Vi søker derfor motiverte, engasjerte og hyggelige medarbeidere som leverer dag etter dag.I Coop er det gøy å gå på jobb!Dine sentrale arbeidsoppgaver er:kundeservicekassearbeidvarepåfyllingannet forefallende
Coop Prix Vestfossen - 2019-08-10 - unspecified
Vi søker visuell historieforteller -
Vår kreative avdeling vokser og vi er på jakt etter en grafisk designer.Vi ønsker deg som motiveres av å skape visuelle uttrykk som gjør komplekse budskap minneverdige og enkle. Hos oss vil du jobbe sammen med journalister, kreatører, politikere, tekstforfattere og rådgivere for å skape virkningsfull
Gambit H&K - 2019-02-22 - unspecified
Vikariat som tannlegesekretær -
unspecified
RESEN-FELLIE HELLE MARIE - 2019-06-04 - unspecified
Would you like to work as a Non-Financial Risk Specialist in Nordea? -
We are looking for a Non-Financial Risk Specialist to help ensuring that we fulfil the regulatory requirements in a value adding manner and ensure great customer experiences within Nordea Finance. Compliance and integrity go hand in hand. It's all about making sure that we're a trusted partner to both
NORDEA BANK ABP FILIAL I NORGE - 2019-04-13 - unspecified
Yrkeshygieniker / Verneingienør til BHT -
Vi søker en engasjert Yrkeshygieniker eller Verneingeniør til bedriftshelsetjenesten Stamina Helse på RomerikeStamina helse avdeling Romerike har et tverrfaglig team av dyktige medarbeidere. Som yrkeshygieniker hos oss vil du være en viktig bidragsyter i arbeidet med å hjelpe vår kunder til å
STAMINA HELSE AS - 2018-12-07 - unspecified