Job Einingsleiar 2016/105 Møre og Romsdal Hareid kommune - jobbtilbud
Stillingsbeskrivelse:
Hareid ligg sentralt på Sunnmøre, på aksen mellom Ulstein og Ålesund. Her bur det i overkant av 5000 innbyggarar. Gunstig geografisk plassering kombinert med satsing på utbygging og vekst, gir Hareid stort potensial som framtidig bu- og næringskommune. Med fokus på opplevingar, trivsel og helse er målet å bidra til meir aktivitet og livskvalitet for alle
Hareid kommune har ledig 100 % fast stilling som einingsleiar for tida ved heimetenestene i sektor for velferd. Stillinga har dagarbeidstid. Einingsleiar har ansvar for personal, drift, service, organisasjonsutvikling, fagleg utvikling og økonomi.
Tenestene omfattar heimesjukepleie, praktisk bistand, omsorgsløn, BPA, matombering og tryggleiksalarm. Det er fokus på å skape gode, individuelle tenester med dei tilgjengelige ressursane.
Sektor for velferd ynskjer få nokon som kan bidra positivt inn i leiargruppa, og som vil vere med å skape berekraftige omsorgstenester i framtida. Satsingsområda for 2016 for sektoren er mellom anna saksbehandling, ernæring hos eldre , utvikling av dagsenter, velferdsteknologi og kulturaktivitet.
Sektor for velferd yter helse- og omsorgstenester og har fem einingar: Bu og habilitering, helse- og koordinerande eining, heimetenester og sjukeheim med einingane somatisk og skjerma.
Helse- og omsorgstenestene samarbeider på tvers av einingane og vi ønskjer tilsette som er fleksible og ser verdien av samarbeid internt og eksternt. Velferd vil i 2016 byrje målretta arbeid for å bli ein kompetanse- og kvalitetsorganisasjon, og har ny kompetanseplan. Det vil bli innført fagutviklingsdag i turnus for alle einingane i 2016. Det er fokus på auke samarbeid med tillitsvalde for å finne gode løysingar for arbeidstid. Hareid kommune er IA bedrift.
Personlege eigenskapar: - Imøtekomande og eit positivt fokus på tenester til pasientar og pårørande
- Evne til samarbeid og å skape gode relasjonar
- God munnleg og skriftleg kommunikasjon
- Fleksibel, løysingsfokusert og utviklingsorientert
- Førarkort klasse B
- Tydeleg leiarskap
- Ønskjer å gjere ein innsats for å skape gode tenester
- Innovativ tenking og nyskapande
Ønskjeleg kompetanse og erfaring:
- 3-årig relevant høgskuleutdanning
- Vidareutdanning i leiing
- Erfaring som leiar eller tilsvarande stilling
Hareid kommune vil tilrettelegge for leiarutvikling og vidare utdanning til den rette søkjar. Vi vil ved tilsetting legge vekt på personlege eigenskapar.
For meir informasjon om stillinga kontakt: Kommunalsjef Berit Aasen. Tlf.: 975 47 944. Personalleiar Trude Kristin Dalen. Tlf.: 906 49 944.
Aktuelle kandidater vert kalla inn til intervju etter avtale.
Søknadsfrist 11 februar 2016. Elektronisk søknadsskjema
Løn etter avtale. Tilsetting skjer elles på vanlege kommunale vilkår. Attesterte kopiar av attestar og vitnemål skal sendast til Hareid kommune, Rådhusplassen 5, 6060 Hareid innan søknadsfristen. Merk dette med søknadsnummer 2016/105, og vis til elektronisk søknad.
I samsvar med offentleglova § 25, kan opplysningar om søkjar bli unnateke offentlegheit dersom søkjaren sjølv bed om det. Søkjarar som ønskjer å reservere seg frå oppføring på offentlig søkjarliste, må grunngi dette og sende grunngjevinga med e-post til